Elevane på Introduksjonsprogrammet til Ørsta opplæringssenter følgjer tidene til arbeidslivet, og dermed har dei ikkje vinterferie. Når lærarane avspaserer denne veka må skuledagen følgjast opp med aktivitetar. Det brukar ikkje å vere noko problem. Gjennom veka har dei rundt tretti elevane, som alle har ulike bakgrunn, fått besøk av mellom anna NAV og Husbanken.

– Mørenett har informert om el-tryggleik, Frivilligsentralen har snakka om sine tilbod, vi har hatt økonomikurs og vi skal også innom VØR for å lære om gjenvinning før veka er omme, seier flyktningkoordinator Preben Trellevik i Ørsta kommune.

I vinterferieveka har det blitt tradisjon å ha ein skidag. For to år sidan var gjengen samla på Bondalseidet i skikkeleg snøvêr. I fjor var det ikkje nok snø til å stå på ski, men i år klaffa det med å samlast på Daleteigane. Med innlånt utstyr var det mange som fekk testa skiferdigheitene for første gang i sitt liv. Ein av dei som koste seg skikkeleg var Raman Baraana.

– Eg har prøvd å stå på ski ein gang før og det er veldig kjekt. Det er noko som trivst med, seier Baraana med eit stort smil. Opphavleg kjem han aust i Kurdistan. Han fortel at vintrane kan vere lange der, men at dei ikkje har tradisjon for å få på ski.

– Eg vil gjerne prøve meg meir på ski, men eg har ikkje lyst til å gjere det åleine. Eg vil gjerne ha med meg ein liten gjeng. I tillegg må eg skaffe meg ski for det har eg ikkje.

Introduksjonsprogrammet til Ørsta opplæringssenter er for nykomne flyktningar mellom 18 og 55 år.

– Denne veka er eit samarbeid mellom flyktningkontoret og frivilligsentralen. Elevane får prøve seg og blir meir integrerte. I tillegg til langrennsski fekk vi og låne alpinski og snøbrett. Eg tenkte kanskje at vi skulle starta på marka her, men mange av skulle renne i bakken med ein gang, sa Trellevik.

I tillegg til skigåing og renning i bakkane vart det tid til grilling av pølser i lett snøvêr onsdag.