Sist søndag var det tjuefem år sidan Spar-kjeda etablerte seg i Noreg – og like lenge sidan Bjarte Roth, som den første kjøpmannen i Møre og Romsdal, etablerte Post i butikk. Framleis småspring Bjarte, som kunne vore førtidspensjonert, rundt i butikken frå tidleg til seint som ei sprudlande, smørblid kjøpmannspotet. Les berre dei som trur han vil legge inn årane:

– Eg kjem til å vere her til eg vert nitti! Synest dei det vert for gale, får dei berre jage meg, humrar Bjarte.

Nøgd: – Dersom det er krise, og nokon treng varer utanom opningstida, så fiksar Spar-butikken dette, rosar Elin Hansen Kjalnes. Foto: Roy-Arne Folkestad

Rundt seg har han gode medarbeidarar, ni tilsette fordelt på sju årsverk, inkludert Bjarte sine tre døtrer Anne-Birthe Roth Myklebust, Elise Roth og Sigrid Roth. Sistnemnde er assisterande butikksjef i eit lite kjøpsmannsmiljø der dei slett ikkje tenkjer på titlar og tel timar. Arbeidsmoralen er høg, ingen er sjuke og lønna er etter tariff. Slik skal det vere også for eigarane. Ikkje ei krone meir.

Livsstil

På Spar-butikken spelar dei kvarandre gode for den beste kundeopplevinga. Også for dei unge Roth-søstrene har butikkdrifta vorte ein livsstil med lange og travle dagar. Men så er dei oppvaksne med det, dei har sal av mjølk, brød og alt det der i blodet, er arveleg belasta så det susar. Frå søstrene starta på ungdomsskulen var dei i gang som drengar under pappa Bjarte sine kjøpmannsvengjer. Han må ha gjort ein god jobb: gevinsten er nøgde kundar og god drift for familieselskapet.

Familie: Fire eksemplar av ein kjøpmannsfamilie. Den femte familiemedlemmen er sjølve butikken. F.v: Anne-Birthe Roth Myklebust, Sigrid Roth, Elise Roth og pappa Bjarte Roth.

For det går bra med bygdebutikken ved E39. Mange trufaste kundar frå Vartdalsstranda, men også mange utanfrå som kjem innom for frosen fisk frå Ramoen, men som også tek helgehandelen i butikken. I fjor selde Spar-butikken 50 tonn frosne fiskefiletar, direkte frå havgapet. Også Vartdal-rekene er ein salssuksess. Vel ti tonn gjekk gjennom kassaapparata i fjor.

Bygdene

– Vi er kjempenøgde med Spar sitt konsept. Dette er ei kjede som satsar like mykje på bygdene som byane. Det er gull verdt. Vi er også glade for at vi satsa, bygde ut og utvikla butikken for to år sidan. Det har gitt god effekt og eit løft, fortel Sigrid Roth.

Ho har teke plass på butikken sitt kontor som er så fullt av ting og tang at ho knapt får plass til seg sjølv. Det er fredag, og mange er innom for helgehandel. Når vi spør kundar om butikken, er det enkelt å finne gode ord. Brit Aanning Aarseth skal lage taco, og treng hjelp til å finne det ho treng. Det ordnar tilsett Joachim Olsen raskt. Aarseth smiler som ein mexicanar.

– Denne butikken yter veldig god sørvis, ja, verkeleg. Det er så kjekt å handle her, og oppleve det sosiale, fortel Aarseth. Elin Hansen Kjalnes er samd.

Nøgd: Brit Aanning Aarseth rosar sørvisen og den gode stemninga som rår i Spar-butikken. Her saman med ein av dei tilsette, Joachim Olsen.

– Her får vi alt vi treng. Dei tilsette er veldig kjekke og er svært sørvisinnstilte. Skulle vi kome i ei knipe, får vi til og med varer utanom opningstida, erfarer Kjalnes nøgd.

Sjølv om butikkdrifta går godt, er det ingen ting som kjem gratis. Roth-søstrene opplever at kundane i dag stiller større krav til utval i ei tid då fleire brukar meir tid på matlaging. Då er det viktig at Spar-butikken strekkjer seg.

Lokalt

– Vi har mykje lokal mat i butikken, t.d. laks, pølser, bacalao og fisk. Vi ønskjer at flest mogleg skal handle her, då må vi stille opp med dei varene folk vil ha. Vi lyttar til kundane sine ønske, og gjer det vi kan for at dei skal vere nøgde, fortel Sigrid Roth.

Butikken er som ei moderne krambu med fleire bein å stå på. Og butikken er også postkontor, bensinstasjon og apotekfilial. Og så har dei eiga garnavdeling i kjellaren der refleksgarn no er den store hiten mellom vartdalingane.

Blid: Blide tilsette er viktig i butikkbransjen. Paphada Johansen er eit godt døme på dette.

Sjølv om butikkstrukturen er flat som ei pannekake, har Roth-søstrene eigne ansvarsområde. 82-modellen Anne-Birthe, eldst i flokken og busett i Ørsta, er ansvarleg for ferskvareavdelinga. For Elise, 84-modell som bur på Rot, er det blomster og apotekvarer som er ansvarsområde. Yngstesøstera Sigrid, 88-modell som bur på Blindheim, er ansvarleg for den daglege drifta. Og så har ho full kontroll på frukta og garnavdelinga.

Sosiale

Tre blide søstrer pratar om butikkdrifta, det sosiale som er aller kjekkast – og den gode kontakta med kundane. Ein kan nesten mistenke dei for aldri å krangle. Men det stemmer vel ikkje?

Butikk: Det er 25 år sidan det kom Spar-butikk på Vartdal.

– Altså, er vi usamde om noko, tek vi diskusjonen der og då i full fart og vert ferdige med det. Vi har ikkje tid til å vere langsure, og vi er ikkje laga for det heller, humrar dei tre søstrene sisters.

Ein gong kremmarar, alltid kremmarar.