Kjell Arne Årseth fortel: «Ei urovekkande kjensle av at noko hadde gått skikkeleg gale fekk eg då me kom til Tryset, der det var råd å sjå noko. Eg såg to breie kvite striper som gjekk tvers over dalen der Rise og heimen min låg. Då forstod eg alvoret. Eg bad drosjesjåføren stogge bilen, eg gjekk ut, tok snø i neven, strauk kulde over panna mi. Eg hadde aldri sett noko slikt før.»

Kjell Arne Årseth, 23 år gamal då, var målar i eit Volda-firma, og måndagsmorgonen 19. februar 1968 var han på jobb i Volda.

– Sjefen min fekk ein telefon, og eg fekk vite at ei fonn hadde råka Rise-gardane. Eg gjekk ned til Volda sentrum og fekk tak i ei drosje for å køyre bort til Rise, fortel Kjell Arne.

– Det synet som møtte meg på Rise kan samanliknast med ein krigsskodeplass. Snøen var blodig etter naudslakta husdyr, det var folk over alt, mange opptekne med å berge ut husdyr som var i live. Tre hus stod att, og ikkje spor av huset vår der. Alt var borte.

Eg peika ned i snøen under meg og spurde ein mann som stod der: «Korleis har det gått med dei som budde her?» «Omkomne», var svaret eg fekk frå den framande. Foreldra mine var døde.

Mai 1968: Slik såg det ut på rasstaden etter at snøen var smelta. Bilde utlånt av Knut Riise

– Eg var i sjokk. Og eg minnest ikkje så mykje kva som hende frå då av. Men eg kom meg til drosja att, og me køyrde tilbake til Volda utan å snakke noko særleg. Då me kom til Volda, og eg tok opp lommeboka mi, rista Rickard Nautvik berre på hovudet. Han nekta å ta imot pengar for køyringa.

Dei to brørne til Kjell Arne, Magne (35 år då) i Nedre Telemark og Sigmund (31 år) i Valdres fekk beskjed om at foreldra deira var døde, og kom til Sæbø dagen etter. Kvar dag var dei tre brørne i fonna og leitte i snøen etter ting frå barndomsheimen.

Torstein Årset, 70 år, døydde i Rise-ulykka. Foto: Privat

– Me fann seks heile eggeglas med stråmønster, ein bibel frå 1699 og restane etter eit kråskåp. Desse tinga var frå første etasjen som var knust. I andre etasjen, som vart ført 2–300 meter bort av fonna, fann me noko av innbuet som kunne reparerast.

– Ein av dei store slagerane denne vinteren var «Lyckliga gatan». Han vart spela om att og om att på radioen: «Lyckliga gatan du fins inte mer/Du har førsvunnit med hela kvarter/Tystnat har leken, tystnat har sången.../» Songen verka enormt sterkt på meg.

Det var ikkje noko som heitte krisehjelp då.

Hjørdis Årseth omkom i skredulykka, 66 år gammal. Foto: Privat

– Når eg var på Rise i helgane for å sjå om det hadde dukka opp noko etter kvart som snøen smelta, budde eg hos søskenbarnet mitt, Ranveig Nygjerde på Sæbø. Ho hadde eit spesielt nært forhold til oss på Rise. Me sat oppe utover nettene, og eg fekk snakke ut om sorga og saknet. Slik fekk eg bearbeidd mykje, og fekk løyst opp vonde og såre knutar. Samtalane med Ranveig var med på å legge grunnlaget for at eg i dag, femti år etter katastrofen, kan seie at eg har hatt eit godt liv, trass alt.

– Men det var tøft lenge. Og tankane kjem ofte kor meiningslaust det var at foreldra mine, som hadde gitt oss ein god oppvekst, skulle få ein slik slutt. Ei ekstra belasting var det å lese om dei i pressa berre som eit «eldre ektepar». Mor var 66 år, far var 70 år. Dei var i full aktivitet, og det var full drift i arbeidet deira.