Det seier kroppsøvingslærar og primus motor for skistallen ved Ørsta ungdomsskule, Einar Myrold. 6. februar 2015 vart skiparken ved skulen opna med brask og bram og elevane var i full aktivitet i snøen rundt skulen. Sidan opninga har det vore mangel på stabilt vintervêr og det har ikkje blitt den bruken av ski, sko og stavar som først tiltenkt. I år har vêrgudane slått til. Sidan skulane starta opp att 3. januar har skistallen ved Ørsta ungdomsskule vore i bruk kvar einaste dag og det har blitt mange fine turopplevingar. Tysdag var 10C på tur i tre timar i løypene ved Daleteigane.

– Der møtte vi primus motor Per Hjelle som akkurat hadde laga ferske spor til oss, og det er fantastisk å kunne bruke dette området. Dei som held på og legg til rett både sommar og vinter gjer ein flott jobb og vi er veldig takksame, seier Myrold.

I skiparken til ungdomsskulen er det tretti par med ski, stavar og sko. Både i kroppsøvingstimane og i valfaget Frisk og Rask har skistallen no vore flittig i bruk.

– Vi likar oss veldig godt i området ved Daleteigane med gode spor. Vi tek med oss skia under armane og går på beina opp. I enkelte gymtimar nyttar vi og spora som er laga nedfor Eldhuset, men dette blir kortare turar.

Turen som 10C hadde tysdag inneheldt både aktivitet, matpause og sosialt samvær.

– Vi hadde pakka med oss nokre vedaskive i sekken. Dette var ved som elevane sjølv har hogd opp ved idrettsplassen i fjor. No har dermed eit lite vedlager som vi kan nyttar når vi skal på tur. Tysdag fekk vi tid til både skigåing og grilling på bål. Elevane er og kreative i matvegen med osteskiver, mår, pølser og sprøsteikt løk. Dei veit å kose seg på tur. I tillegg er slike turar med å skape godt samhald i klassene, og med godt vêr i tillegg er det berre blide elevar å sjå.

Med det stabile vintervêret har pågangen i skistallen vore stor og difor må det og litt planlegging til.

– Slik har det ikkje vore tidlegare med snøfattige vintrar. Det er veldig kjekt å få bruke skistallen slik som det opphavleg var tenkt, og vi ser no at det er veldig positivt og kjekt for å skulen å ha eit slikt tilbod, seier Myrold.

Ungdomsskulen har von om at snøen ikkje forsvinn no det med det første og at det mange fleire sjansar til å nytte skistallen denne vinteren.

Matpause: Bålkos og grilling vart det og tid til.