(Vikebladet)Berre 28 år gammal spelte Vegard Heltne sin siste heimekamp på Høddvoll. Etter nok eit skademareritt blei det fredag for like over to veker sidan klart at Vegard legg fotballskoa på hylla. Men, det skulle ikkje gå lenge før hans gode rykte og status skulle gje han ei moglegheit han eigentleg ikkje trudde han var aktuell for. I førre veke blei han presentert som ny trenar for Ørsta sitt A-lag.

– Det heile har vore ganske så surrealistisk. Eg hadde faktisk tilbod frå fleire klubbar, men til slutt fall valet på Ørsta. Eg føler eg har gjort eit spanande val, seier Vegard til Vikebladet Vestposten.

Dei siste dagane inn mot jul har vore svært travle for Vegard, og etter at han takka ja til trenarjobben i Ørsta har det ikkje mangla på telefonar og meldingar med lukkønskingar frå kjende og kjære. Somme av desse samtalane har kome frå personar Vegard har jobba mykje saman med gjennom ein Hødd-karriere som byrja alt i 2007, og som totalt gav han 218 A-kampar for dei blåkvite.

– Eg har fått gode råd og innspel mellom anna frå Sindre (Eid, Hødd-trenar red.anm.) og Lars Arne (Nilsen, Brann-trenar og tidlegare Hødd-, Volda-, og Ørsta-trenar) som eg sjølvsagt tek med meg. Men, eg har også mine eigne tankar om korleis eg vil fotball skal spelast. Eg gler meg til å gå i gang for fullt, seier Vegard.

På nyåret tek trenargjerninga til for fullt, og fyrste seriekamp for Ørsta blir faktisk mot Hareid heime på Aurstad Arena Kunstgras, 13. april. Før det blir det nokre viktige månader på treningsfeltet.

– Eg veit det blir mykje å setje seg inn i, og at det vil bli fleire utfordringar. Eg vil nok implementere ein del av det eg har lært gjennom min eigen karriere, som til dømes det å skape eit godt kollektiv som har det kjekt saman. Trivsel er ei viktig drivkraft. Eg vil at gruppa skal ha lyst til å trene, ha lyst til å bli betre. I tillegg ønskjer eg å ha ein god dialog med alle andre i og rundt klubben. Utan gode relasjonar og tillit blir det meste vanskeleg, seier Heltne.

Eit tungt, men rett val

Det er knappast nokon i moderne tid som har kjempa så hardt som Vegard Heltne har gjort for å kome seg tilbake på bana for Hødd. Etter mange fantastiske stunder med den ikoniske logoen på brystet, men også fleire vonde og tunge, sa det stopp i haust. Valet tok Vegard etter å ha tenkt seg godt om, og sjølv om det var tungt, var det rett.

– Eg trudde eigentleg at eg berre hadde pådrege meg eit beinbrot. Det skulle jo vise seg at det var noko meir alvorleg enn det. Beinbrotet skulle vise seg å vere ein filleting i forhold.

Han hadde nemleg fått ein skade på eit leddband i ankelen. Ein skade som ville ta lang tid å kome tilbake frå, eit sår som kanskje aldri ville gro skikkeleg.

– Eg hadde først vore i full trening igjen så seint at eg ville gått inn i ein ny sesong med eit for dårleg grunnlag. Tanken på å ikkje kunne gje mitt maksimale, og dermed ikkje vore ein god nok medspelar for lagkameratane mine, vog til slutt tungt i meg. Eg orka det rett og slett ikkje. Nok var nok, seier Vegard.

Mange høgdepunkt

Gjennom ein lang og innhaldsrik Hødd-karriere har Vegard vore ein kontinuitetsberar i laget. Han har spelt saman med mange ulike spelarar, vore med på å rykke både opp og ned frå nest øvste nivå fleire gonger, og ikkje minst, blitt noregsmeister.

– Ein skulle kanskje ikkje tru det, men for meg er det eigentleg ikkje så enkelt å trekkje fram eitt enkelt høgdepunkt som trumfar dei andre. Å bli noregsmeister er sjølvsagt utruleg stort, men for å vere heilt ærleg hugsar eg svært lite av det døgnet. Det eg veit er at eg sov svært dårleg natta før. Eg gjekk meg faktisk ein tur ute i gatene i Oslo midt på natta, for å tenkje på noko anna, seier han.

Det er likevel ein enkeltaugneblink som har betydd mykje for han.

– Det var då eg stod for matchvinnarscoringa mot Sandefjord same hausten. Ei scoring som redda oss frå å rykke ned det året.

Elles skal det nok mykje til for å ta frå Vegard rekorden han sat ved å få gult kort etter fem sekund i cupfinalen mot Tromsø.

– Den er jo litt spesiell då. Eg har alltid vore kompromisslaus i duellar. Eg får håpe eg kan ta med meg litt av engasjementet eg hadde som spelar over i trenargjerninga. Eg ser fram til eit nytt og spanande eventyr, seier han.

Denne saka vart først publisert på vikebladet.no