Butikken ligg eit godt steinkast frå handelsmagneten Amfi, midt i ei gågate der det til tider har vore litt for mange ledige lokale. Men Mariann Skare og Nina Berge meiner plasseringa til Ørsta Stoffsenter er ideell.

– Dei som treng noko av det vi har her, dei oppsøker oss. Og dei synest det er koseleg å gå inn på ein butikk der du kan prate og sette deg ned, seier Mariann Skare.

Her er det heimekoseleg med peis, bord og stolar, og mykje fargerikt i hyllene. Og ei avslappa stemning.

– Er ikkje vi kjekke, Tove?, seier Nina Berge, og vender seg til ein av dei andre i butikken.

– Ja, alle kundane skryter av desse to. Det er blide, hjelpsame og flinke, og dei kan alt, seier Tove.

Og ho får kjapt ein kommentar frå Mariann Skare.

– Vi kan alt så nært som å trylle.

Midt i gågata

I butikklokalet er det garn i alle variantar som dominerer. På bakromet vert det montert bunader, og gjort andre skreddaroppdrag.

– Vi syr bunader, det er prinærinntekta på saumdelen, seier Nina Berge, som er faglært på området.

Dessutan dreg dei nytte av nærleiken til kjedebutikkar på det nærliggande kjøpesenteret.

– Vi har sydd til Dressmann sine kundar, sidan dei kom til Amfi. Vi syr inn og ut bukser og likande, forklarer Berge.

Ho jobba som lærar fram til for 11 år sidan. Då kjøpte ho seg inn i Stoffsenteret, og er medeigar saman med Mariann Skare.

– Det er ikkje noka gullgruve, men vi klarer oss. Vi er nøkterne damer, og lukka er det.

– Så du angrar ikkje på at du hoppa av læraryrket?

–Nei, vi gler oss til kvar dag, og vi har kjekke kundar, fantastisk flotte kundar.

Optimistar- trass alt

Nisjebutikkar over heile landet opplever tøffe tider. Kjøpesenter, store kjedebutikkar med lågprisprofil og handel på internett dreg kundane vekk frå dei små og spesialiserte butikkane, som gjerne ligg midt i sentrum av bygda eller byen.

– Vi merkar godt at nesten alle matvarebutikkar har byrja å selje billeg garn. Og så er det netthandelen, som har blitt veldig vanleg mellom dei unge. Så folk må vere obs og handle lokalt, dersom dei skal ha nisjebutikkar som oss. For det er mange som slit, seier Mariann Skare.

Men ho er trass alt optimist. For Ørsta som handelsstad står veldig sterkt.

– Det er gull verdt for Ørsta at vi har Amfi. Det trekkjer folk. Du ser laurdagar, kor mykje voldingar som er her, og folk både frå Ulstein og Fosnavåg, seier Skare.

Oppsving?

Teikn i tida tyder på at Vikegata, kjent som gågata, står framfor eit oppsving.

–Vi har sett at det er interesse for tome lokale. Sjølve er vi veldig glade i gata, det er godt samhald mellom butikkane, og vi prøver å få til det beste vi kan, seier Mariann Skare.

Fleire tiltak er under planlegging, mellom anna buldrevegg der barn kan klatre og leike seg. Og den flotte Svendsengarden vert pussa opp.

– Vi treng aktivitetar som trekkjer folk, både barn og foreldre. Barna kan klatre og hoppe og leike. Så kan damene gå inn å handle, og han far kan stå ute å passe ungane. Vi treng å skape liv. Det er det vi først og fremst er ute etter.

Kalenderen lyg ikkje. Det er desember. Men på Stoffsenteret er ikkje førjulstida høgsesong.

– På denne tida av året finn ikkje kundane våre same roa til å strikke som elles. Men det tar seg opp att i romjula og over nyttår, forsikrar Mariann Skare.

Koseleg: Mariann Skare legg vekt på at det skal vere ei koseleg atmosfære i butikken Foto: svein aam
garn: Stoffsenteret er spesialbutikk for garn, men opplever aukande konkurranse frå lågprisalternativ. Foto: svein aam