Det seier Sivert Bjørdal som kan sjå tilbake på eit langt og innhaldsrikt musikkliv. Som einaste gut i ein syskenflokk på fem spelte song og musikk ei viktig rolle i oppveksten. Sjølv byrja han å spele då han var 13 år gammal. Den gongen gjekk mykje i visesong, og notebøkene til Lillebjørn Nilsen og Finn Kalvik var gode hjelparar. På 70-talet byrja han å fatte interesse for countrymusikken, og utover 80-talet hadde musikksjangeren funne sin plass i livet til Bjørdal. Kassettar med tradisjonell countrymusikk som Wendel Atkins, Bobby Bare, Merle Haggard og Teddy Nelson låg i hanskerommet, og vart leita fram når han var åleine i bilen. Det var nemleg ikkje heilt "stovereint" å høyre på countrymusikk på slutten 70-talet og byrjinga 80-talet i Ørsta, ifølgje Bjørdal.

Dirty Creek Band

I 1984 fekk han nyss i ein talentkonkurranse innanfor countrymusikken i Noreg. Bjørdal melde seg på og fekk gode skottsmål. Han knytte kontakt med Øyvind Lid frå Sykkylven, Lillian Askeland og Teddy Nelson. Dei to sistnemnde var mellom anna i Ørsta for å spele. Saman med Sigbjørn Follestad, Robert Storevik, Rune Homlong og Sindre Aam (kjent frå Vassendgutane) vart Dirty Creek Band starta i 1989, og saman med bandet starta festivalspelinga for Bjørdal.

– Vi vart populære og spelte på fleire festivalar fram til 1994. Eg har vore ein patriot når det kjem til kven som eg har teke med i bandet. Det var ei artig tid, og eg sett og stor pris på den tida eg hadde med meg Stig Ulvestad, seier Bjørdal.

I 1996 satsa bjørdalingen på ei solokarriere. I 1997 spelte han for 25.000 menneske under sin første internasjonale countryfestival i Litauen. Seinare vart det gitt ut singel og i 2006 kom debutplata.

– Eg har aldri likt å spele mykje, og eg har ikkje gøtsen til å skulle bli noko stjerne. Eg vil ha musikken som hobbyen min, men dei siste åra har helsa mi avgrensa kor mykje eg kan gjere.

Hank Williams

Hank Williams sin musikk har vore viktig for mange countrysongarar verda over og har også ein spesiell plass i hjartet til Bjørdal. Han har gjort sine eigne tolkingar av fleire av songane til countrylegenda.

– Eg fekk augo opp for Williams sin musikk i ein periode av livet mitt der eg skilde meg. Det er mange som trøystar seg til musikk. For meg har det vore ein viktig medisin både å synge tekstane og kunne uttrykke seg "gråtande" gjennom dei. Eg forstod gjennom Hank og andre sine tekstar at mange hadde hatt det vanskeleg før meg. I den perioden av livet mitt likte eg melankolske tekstar, og musikken har blitt med meg vidare.

Kyrkjekonsert

Bjørdal mista mora si i ein tragisk brann på heimgarden i desember 2007. For å heidre mora, og som takk til alle som var involverte i hjelpeapparatet rundt brannen, tok han initiativ til ein kyrkjekonsert med country- og gospel musikk året etterpå. Han fekk ja til å ta countrymusikken inn i Ørsta kyrkje, og er spesielt takksam for støtta han fekk frå dåverande sokneprest Matias Austrheim. Kyrkjekonserten fekk stor oppslutnad, og har blitt ein tradisjon. Når Bjørdal startar konserten torsdag 7. desember i år vert det niande året på rad at han, saman med andre, vil fylle Ørsta kyrkje med song og musikk til trøyst og ettertanke.

– Eg meiner at det må vere rom for alle i kyrkja, og ingen er syndarar der. Eg var tidleg ute med å henge cowboyhatten på kyrkjedøra, og godviljen som Matias viste oss var fantastisk. Dette var ei viktig avgjerd av han som opna opp for andre framtidige konsertar i kyrkja. I tillegg var det stor stas at han også var med i bandet Vi fekk beskjed frå publikum om at dette måtte bli ein tradisjon, og vi har halde fram og utvikla konserten med ulike gjesteartistar. Dette er ei god gjerning for mange.

I tillegg til den årlege kyrkjekonserten står Bjørdal på scena under Trandal countryfestival og countryfestivalen på Skjåk. Sambuaren Siv Astri står som arrangør av både kyrkjekonserten og countryfestivalen på Trandal, og ifølgje Bjørdal er dei eit godt team.

– Vi trefte kvarandre gjennom countrymusikken, og ho er ei fantastisk dame og ein svært viktig brikke i mitt liv. Med dei kroniske plagene som eg har vert musikken også svært viktig. Musikken er nok det siste som kjem til å forlate meg, og for meg er musikk terapi.

– Vonar at eg får oppleve det

Ein draum som Bjørdal har, og som han ikkje har fått oppfylt endå, er å få halde konsert saman med borna Arthur-Johan, Ragnhild, og Anne Marthe. Arthur-Johan er vokalist og låtskrivar i Vassendgutane.

– Eg håpar at ein dag kan ha med meg alle ungane mine på scena saman med dei ni barnebarna mine. Eg har hatt med meg jentene mine på kyrkjekonserten ein gong tidlegare, men det ville ha vore ein glede å få med meg alle saman. Det vonar eg at eg får oppleve.

Kyrkjekonsert: For niande året på rad inviterer Sivert Bjørdal til kyrkjekonsert i Ørsta kyrkje. Her frå konserten i 2012. Arkivfoto Foto: Joachim Åsebø
Countryfestival: Sambuaren Siv Astri Erlandsen står som arrangør av Trandal countryfestival og Bjørdal nyttar kontaktnettverket sitt innanfor countrymusikken for å hente artistar. I år var og landbruksminister Jon Georg Dale blant gjestane. Arkivfoto Foto: Rune Sæbønes