Reidun Aambø, som sjølv voks opp på Åmdalen, har samla 67 tettskrivne sider med ord og uttrykk frå dalen. På ungdomshuset gav ho ei rekkje eksempel frå samlinga. Og det på ein elegant måte: Aambø las opp si eiga forteljing om to ungjenter med glatte sko på veg til bygdedans ein vinterkveld for femti år sidan.

Dialektorda fall tett, og dativformene small som hagl i veggene. Tilhøyrarane, som fylte storsalen til siste kaffikopp, humra og log seg gjennom jentene sine strabasar. Og til det faktum at dei kalla ein tett og sakte tango for ein lærarskuletango.

Ordjakt

Per Johann Sandbakk brukte Aambø si ordsamling til ei ”ordjakt”. Sandbakk gav stikkord, og tilhøyrarane skulle finne ut kva dialektord dette handla om. Ein variant av 20 spørsmål altså. Sandbakk inviterte folk i salen til å avsløre substantiv som brothest, floding og fingreklåde. Og verb som skjekte, spøte og slyngje.

Konkurransen viste det Aambø si vesle forteljing også avslører: Dialektorda frå Åmdalen er sjeldan heilt særeigne for dette vesle dalføret. Orda er felles for eit større språkområde, og mange kan nok finnast att over store delar av landet. Men uttalen kan jo vere særeigen.

Dette er naturlegvis Reidun Aambø klar over. Ho er pensjonert førstelektor i norsk og har undervist ved universitet i Frankrike og Bulgaria. Frå 1991 bygde ho opp studiet Norsk språk og samfunnskunnskap for internasjonale studentar ved Høgskulen i Volda. Sidan underviste ho i norsk som andrespråk.

Dette har gjeve Aambø ei særleg innsikt i språksituasjonen andre stader i verda. Ho har hatt elevar som snakka sin eigen dialekt eller morsmålet berre heime. Ute blant andre måtte dei uttrykkje seg på ein anna måte, og på skulen og i media møtte dei aldri sitt eige språk.

– Omtrent slik samane opplevde det her i landet, konstaterer Aambø.

Møtet med desse elevane styrkjer Aambø i trua på at det har eigenverdi å ta vare på dialektane. Sjølv budde ho fleire år i Oslo utan å ta skade på talemålet. Men så opplevde ho det andre også har røynt: At det å leve i eit nærskylt dialektområde kan påverke meir enn eit fjernt. Og ikkje minst: Foreldre kan verte påverka av sine eigne born.

Aambø har budd mange år i Volda der dei blant anna ikkje palataliserer i same omfang som åmdalingane. Palatalisering vil seie at konsonantar vert uttala med tunga pressa mot den harde ganen og får ein j-farge, som i takje´ (taket) og ungjí (ungen). I Volda sentrum har dei også heilt kvitta seg med dativ i talemålet.

Så dette prøver Reidun Aambø å vere merksam på. Og ikkje minst: Ho forsyner borna og anna skyldfolk med ord og uttrykk frå Åmdalen, slik at dei også kan ause av det rike tilfanget.

Men kva er heilt særeige for Åmdalen, attåt den tørre og upretensiøse humoren som også programleiar Marit Brautaset nytta seg av? Ho er elles leiar i Åmdal Ungdomslag, og til samkoma måndag hadde ho leitt fram det ho kalla ei gardsregle etter Peder A. Bjørdalsbakke (1883-1970).

Dette vesle referatet vert skrive tysdag 28. november. Ivar Aasen-ordet denne dagen er at ”Eit Namn lyt allting hava”.

Det er tydelegvis åmdalingane heilt samde i. Difor har dei også sett namn på grannane sine. Gardsregla til Peder A. Bjørdalsbakke går nemleg slik, og dette er i alle fall heilt særeige åmdalsk:

Bjørdalshallingane,

vatnerunslane,

nakkenakkane,

krøvelsbjønnane,

hauevargane,

brautasetbrakarane og åmstakarane,

nosapotane,

melsmokane

ossmokkokane,

sporstøylsporvane,

støylehakkane,

rystelaurane og hovdekaurane.

Frå Åm går regla nedover sørsida av dalføret. Det er heilt naturleg, meiner Olav Aambø.

– Åmdalingane hadde større kontakt med gardane på sørsida enn med folk på hi sida av elva. Det er nok difor folk på Brungot og Brekke ikkje får vere med i regla.

Idar Vatne og Vegard Hansen avslutta samkoma på Åmdal ungdomshus med to melodiar på trekkspel, inkludert den vakraste av alle valsar, ”Bergrosa”, av gammaldansens eigen Casanova (OK, litt blaut den der, men dette skulle jo handle om moro med ord … ).

Barstadvikar

Men korleis gjekk det med jentene i Reidun Aambø si forteljing? Jau, det enda med at eine jenta på bygdedansen vart boden opp av ein kar frå Barstadvika, pen å sjå til, men ingen stordansar. Så jenta frå Åmdalen tok etter kvart over føringa, til det rann over for barstadvikaren, og han takka for dansen: - Sei meg, er du medlem i Ørsta Bryteklubb?

– Og dette er heilt sant. Eg veit ikkje kven han var. Og vil ikkje vite det heller, insisterer forteljaren.

Skjalg Longva

redaksjonen@morenytt.no