Korleis er kvardagen din?

Har fått ein levande alarm i heimen som bestem kor tid eg må stå opp, vanlegvis i 6–7 tida. Når klokka rundar 08.00 er det levering i barnehagen og vidare på jobb. Når arbeidsdagen er over er det henting i barnehagen, middag, legobygging, fotballtrening, Netflix og litt Jo Nesbø-litteratur før eg tek til fornuft og får dei nødvendige timane med søvn.

Kva aktuelle saker opptar deg for tida?

FAU på Hovden Skule sin kamp for å behalde 1–7 skulen i Hovdebygda.

Kva vil du framheve med heimstaden din?

Ørsta er ein trygg og fin plass å vakse opp. Vi er så heldige at vi er omringa av fenomenal natur, som kan gi oss mange gode turmoglegheiter. Eg synest også vi har mange gode aktivitetstilbodet til barn og ungdom innan idrett.

Kva saknar du i sentrum av Ørsta?

Skulle gjerne sett at nokon spytta inn litt pengar og fekk bowlinga opp å gå igjen. Gler meg også til å sjå fleirbrukshallen ferdigstilt, sjølv om dei godt kunne ha plussa på ein symjehall når dei først var i gong.

Kva ville du gjere om du fekk vere ordførar i ei veke?

Skrinlagt planen om ein felles 5–7 skule i Ørsta. Starta bygginga av nytt bygg på Hovden Skule. Hadde nok bygd ein ny skule fram på Legene i same slengen. Rusta opp skulen på Sæbø og sørgja for at Vikemarka og Velle fekk dei utbetringane skulane treng. Hadde frykteleg god råd denne veka. Heldigvis. Mogeleg eg må stille som ordførarkandidat ein gong i framtida. Eg ser at eg hadde fått gjort mykje på kort tid.

Kven fortener ein blomebukett?

Alle dei fantastiske kollegaene og elevane på Hovden Skule som gjer slik at eg gler meg til å gå på jobb. Jon Georg Dale fortener også ein blomebukett for eit Facebook-innlegg (21.11.17) han kan vere stolt av.

Korleis er di draumeforside i Møre-Nytt?

Hovdebygdingane jublar. Nybygget på Hovden Skule ferdigstilt til skulestart i 2019.

Kva er ditt beste minne frå oppveksten?

Alle dei tallause timane med fotballspeling på «Wembley» som dei innfødde kalla det, leikeplassen på Mork/Vinjevoll.

Kva får deg til å le?

Det kan vere så mangt. Ler ofte høgt og lenge når eg ser «Side om side» på ein laurdagskveld.

Kva er ditt favorittmåltid?

Pinnekjøt.