At Mats Riise har mange ballar i lufta og er ein kreativ kar er det liten tvil om. I tillegg til å drifte kiosken på Bondalseidet, vere a-lagstrenar for Sæbø, aktiv i Ørsta brettklubb, ha ekstrajobb i Ørsta kommune, fleire styreverv i organisasjonar og verksemder, arbeide i butikk, campingplass og drive eige selskap er 31-åringen glad i å setje eigen og andre sin kunnskap på prøve. Det har blitt tradisjon at venene til Riise vert invitert på spelkveld 2. juledag, og kvart år har verten laga eit heilt nytt spel for høvet. I fjor laga Riise spelet som no har utvikla seg til å bli Det beste svaret.

– Det var veldig kjekt i fjor og tilbakemeldingane frå dei som tok del var veldig gode. Difor tenkte eg at det hadde vore tøft å lage spelet på skikkeleg og få gitt det ut. Eg kjenner nokon som gjev ut brettspel i Noreg og spelte inn ideen min. Dei likte spelet og då ordna det seg, seier Riise.

Inspirasjon frå Pointless

Spelutviklaren meiner at han til saman har laga fem kunnskapsbaserte spel før han enda opp med Det beste svaret. Litt av inspirasjonen til spelet har Riise henta frå kunnskapskonkurransen Pointless på BBC.

– Dei som har sett det programmet vil raskt skjønne kva Det beste svaret handlar om.

– Korleis vil du forklare spelet?

– Spelet i seg sjølv er enkelt. Du kastar terningen, svarar på spørsmål og målet er å kome seg raskast råd rundt brettet. Det som skil Det beste svaret frå andre kunnskapsspel er at alle spørsmåla har fleire rette svar, og minst tre rette svar.

Eit døme på eit spørsmål kan vere land som byrjar på bokstaven f. Frankrike eller Finland gjer at spelaren kan flytte to plassar fram. Fiji eller Filippinane gjev spelaren fire plassar fram på spelbrettet, medan Forente Arabiske Emiratar vil vere det beste svaret og gje seks plassar fram.

– Når du har gått runden og kome i mål må spelaren finne det beste svaret på eit spørsmål for å vinne spelet. Spelet er ekstra kjekt som lagspel.

– Blir ikkje rik av dette

Spelutviklaren veit at han ikkje blir ein rik mann av Det beste svaret.

– Eg har arbeidd ein god del år i og rundt bokbransjen og der er brettspel ei viktig varegruppe. Det gjer at eg dessverre veit at eg ikkje kjem til å bli rik på dette, men det var ikkje det som var motivasjonen bak. Eg hadde lyst å lage eit spel som kan ende opp i heimane til folk. Akkurat det følte eg var så kjekt og rart at eg måtte prøve å få det til.

Det har blitt brukt mange timar og kveldar etter spelkvelden 2. juledag i fjor før den endelege utgåva av spelet no er ferdigprodusert. Riise har stått for utviklinga av spelet heilt sjølv, medan forlaget står for design, produksjon og distribusjon.

– Spørsmålsmessig er spelet det same som vi spelte i jula i fjor, men det har skjedd ein del utvikling på dei andre elementa. Originalt var spelet på nynorsk, men det vart eit kompromiss med forlaget og spelet er no på bokmål, seier Riise.

Har lyst til å utvikle fleire spel

Det beste svaret er gitt ut av Contento Forlag, og både Notabene og Boklageret har valt å ta inn spelet i sine butikkar.

– I teorien kan alle butikkar ta det inn. Eg har von om at dei lokale bokhandlaren også vil ta inn eit eksemplar eller to. Det er ikkje kvar dag du kan spele eit spel som er laga på Sæbø.

Sjølv om det har kravd mykje arbeid har ikkje Riise mista lysta på arbeide med å utvikle brettspel vidare.

– Eg har lyst til å lage fleire spel, men det vert neppe noko karriere ut av det. Eg vonar og at forlaget har lyst til å lage ein ny og oppdatert versjon av Det beste svaret på sikt, og eg kan vere med på det.

– Blir det utvikla eit nytt spel til spelkvelden 2. juledag i år eller blir det ei meir lettvint løysing i år?

– I år blir det nok den endelege versjonen av Det beste svaret som vert nytta på spelkvelden, seier ein lattermild Riise.

Ferdig utvikla: Mange timar og mykje arbeid har blitt lagt ned, men no er Det beste svaret ferdigstilt og på plass i butikkhyllene til Notabene og Boklageret. Foto: Joachim Åsebø
Fleire rette svar: Det som skil Det beste svaret frå mange andre kunnskapsbaserte brettspel er at det er fleire rette svar på alle spørsmåla. Så er om å gjere å finne det beste svaret for å gå av med sigeren i spelet. Foto: Joachim Åsebø