Hovden Gravferdsbyrå ein kald novemberdag i 2017. Inne på personalrommet sit latteren laust. Det er ei motvekt til ein arbeidsdag som ofte er prega av sorg. Lysa er tende. Stemninga er varm. Gravferdskonsulentane Steinar Sætre og Elise Skaar legg planar for veka saman med dagleg leiar Paul Kristian Hovden. Gravferdskonsulent Morten Fonseca er allereie i gang med dagen, på Vartdal. Dei er fire personar som nær sagt alle ørstingar og voldingar vil møte, ein eller annan gong i livet – på den eine eller den andre måten.

– «Saman med deg». Det er mottoet vårt. Eller orda vi prøver å leve etter kvar dag, seier Hovden.

Dei handterer menneske i sorg, og tek også vare på dei som ikkje lenger er. Steller dei, om familien ønskjer det. Held i trådane, når dei som er i sorg ikkje sjølve føler at dei maktar det.

– Behova og ønska er like varierte som oss menneske. Ingen er like. Nokre kjem med ferdige planar inn døra her. Nokre har planlagd si eiga gravferd før dei døde. Andre stiller med blanke ark, fortel Steinar Sætre.

Døden kjem alltid brått på. Uansett årsak. Uansett om familiane trudde at dei var budde. Uansett alder. Uansett om det var sjukdom, alder eller andre ting som vart endestasjonen. Døden er endeleg.

– Død er like naturleg som fødsel. Men der er andre kjensler knytt til det. Det er slutten på eit liv og ikkje starten. For mange kan det vere vanskeleg å snakke om. Generelt i samfunnet er det noko vi skyv framføre oss. Noko mange ikkje vil forholde seg til. Men døden er der. Og då er vi der også.

Paul Kristian Hovden seier at bransjen dei jobbar innan er verdas nest eldste bransje. Berre jordmoryrket er eldre.

– Sagt med glimt i auget. Som bransje er vi ganske nye i næringslivet. I Ørsta og Volda var her ikkje gravferdsbyrå før på slutten av 1970-talet, då i regi av indremisjonen si diakonale teneste. Før den tid var det familiane sjølve, naboar eller vener som tok hand om den døde og ordna med gravferda.

Hovden Gravferdsbyrå har kontor i Volda og i Ørsta. I Volda etablerte dei seg i 2012, og i Ørsta i 2013. Då banka Elise Skaar på døra.

– «Har du ein jobb til meg», spurte eg.

Paul Kristian Hovden studerte den unge jenta framføre seg.

– «Då har eg eitt spørsmål tilbake. Meiner du det?», sa eg.

Og Elise Skaar meinte det. Sidan har ho vore tilsett som gravferdskonsulent, ein jobb ho trivst svært godt i.

– Det er kanskje ikkje eit tradisjonelt val for jenter på min alder. Men for meg var dette rett. Eg hadde tenkt på det tidlegare også, og då Paul Kristian starta opp her i bygda, tenkte eg at det var ein sjanse eg ikkje ville gå glipp av. Eg er veldig glad i å jobbe med menneske. Dette er rett for meg.

På papiret er Hovden dagleg leiar, men han fortel at dei har flat struktur, og at alle fire deler likt på dei ulike oppgåvene.

– Då slepp vi å gå oss fast eller å gå lei. Vi kunne ha drive det på den harde måten, med to tilsette, men med fire er vi mykje meir fleksible. Då har vi tid til dei vi møter, og då har vi også sjanse til å ta oss ferie med godt samvit.

Jobben deira er å legge til rette, men det er dei pårørande som avgjer korleis dei ønskjer å ta avskjed. Gravferdsbyrået kan ordne med kiste, henting av avdøde, stell, fastsetjing av tid og stad for gravferd/kremasjon, innhald i gravferda, som til dømes solistar, gravstein, båreandakt m.m. Dei har også eige kjølerom og eit eige kapell med rom for om lag 20 menneske.

– Vi er ei sørvisnæring. Vi er opptekne av å sjå mennesket i auga. At dei har eit menneske å forholde seg til heile vegen. I ei digital verd har vi halde litt igjen. Ekte møte mellom menneske når folk er i sorg, er noko vi set høgt.

Andre gravferdsbyrå har prøvd seg i Ørsta. Hovden Gravferdsbyrå har halde stand.

– Det vert sagt at vi har monopol. Ja, kanskje har vi det, men den dagen vi vert ovanpå, då har vi konkurranse veka etterpå. Så det er monopol med visse modifikasjonar, vil eg seie, seier Hovden.

For fleirtalet er kyrkja det naturlege valet for å ta avskjed. Men tidene har endra seg. Fleire kulturar og religionar har funne sin plass i samfunnet dei siste åra. På gravplassen på Askjellhaugen er der eit eige felt for muslimar.

– Der har Ørsta vore føre si tid. Då den nye gravplassen vart etablert, var Steinar Sætre ein pådrivar for å få på plass dette, seier Hovden.

– Vår oppgåve er like viktig for dei som kjem frå andre kulturar og religionar. Saman finn vi ei løysing. Dei har sine eigne tradisjonar, slik som nordmenn har sine. Her vert alle møtt med respekt.

Å vere gravferdskonsulent krev sin mann og si kvinne.

– I denne bransjen er det slik: enten lever du med det, eller så sluttar du. For oss er det slik at det gir meining å hjelpe andre. Nokre dagar er tyngre enn andre, sjølvsagt er dei det. Det er ikkje slik at folk ønskjer å sitte rundt eit bord å prate med oss, men det er noko dei er nøydde til. Nokre dødsfall kan vere vanskelegare å forstå enn andre. Det er ikkje slik livet skal vere, men så er det akkurat slik livet er, seier Hovden.

– Men du sa det så fint ein gong Paul Kristian, og dei orda ber eg med meg: «Det er ikkje mi sorg å bere». Det er klart eg vert prega av samtalar med pårørande og når eg er i gravferder. Der er mange flotte og rørande gravferder, og vi er alle menneske, men eg prøver å hugse desse orda. Det er ikkje mi sorg å bere. Om vi skulle la alt gå inn på oss, kunne vi ikkje stått i denne jobben over lengre tid. Men så kan vi heller ikkje distansere oss for mykje. Der er ein balansegang, seier Skaar.

– Saman med deg. Det er det dette handlar om, seier Hovden.