Ørsting, «komikerfrue» og bloggar Marna Haugen Burøe (36) har akkurat lagt bak seg seks timar med trening på danseparketten når ho snakkar med Møre-Nytt. Det er måndag ettermiddag, og ho førebur seg til laurdagens høgdepunkt for fleire norske TV-sjåarar, Skal vi danse på TV2. Kvar einaste dag møter ho dansepartnar Glenn Jørgen Sandaker for øving, repetering, repetering og repetering. Bit for bit set dei dansen saman. Bit for bit vert det ein heil koreografi. Det sit i kroppen. På dansegolvet koplar hovudet ut, og kroppen må gjere jobben.

Umenneskeleg press

– Det var ingen som fortalde meg kor mykje arbeid det ville vere å bli med på dette. Du blir lurt, men når du først er inne i det, vil du ikkje hoppe av. Det er ganske vilt! Når det er din tur til å gå ut på dansegolvet, så rekk du ikkje å tenke. Du må berre levere. Det er eit ganske umenneskeleg press, men fy søren så kjekt det er!

Til no har Marna dansa alt frå brudevals, sexy rumba og slowfox. Laurdag er det niande programmet i serien, og jive står på dansemenyen.

– Det er som swing, berre med høge kne. Eg dansa ein del swing på ungdomshuset i Åmdalen i mi tid, så eg fekk ein del gratis trening der, ler ho.

Ho fortel om intens trening, noko kroppen hennar ikkje har vore van med frå før.

– Du må gi alt, både fysisk og psykisk. Dei første vekene kunne eg sovne over alt. Berre eg sette meg ned så sovna eg. No har kroppen vorte meir herda, så no klarer eg å fungere betre. Men livet akkurat no består av tre ting: Dansing, familie og soving.

På dansegolvet har ho ikkje tid til å tenke. Kroppen må huske dansestega, rekkefølga og rytmen sjølv.

– Dei som driv med idrett på toppnivå kan dette. Eg som ikkje ein gong fekk idrettsknappen på skulen, eg slit litt meir. Eg har alltid slått meg til ro med at eg ikkje er god i idrett. Det har ikkje vore mi greie. Det var liksom mitt stempel. No føler eg meg som ein idrettsutøvar. Det er heilt utruleg kva kroppen kan klare å lære. Og no er eg skikkeleg i ferd med å fatte ting. Eg tek ting mykje lettare. Eg skjønar kva eg held på med, og dess meir gira er eg på å få vere med vidare!

Urettvis konkurranse

I Skal vi danse vert eitt og eitt par stemt ut av programmet. Eit dommarpanel gir sine vurderingar av dansane, men til sjuande og sist er det TV-sjåarane som avgjer kven dei vil ha med vidare.

– Dette er ei urettvis konkurranse. Dei beste er ikkje nødvendigvis dei som vinn. Dommarane seier sitt, men det tel ikkje. Og eg tenkjer også at hadde det vore berre opp til dommarane, så hadde det kanskje ikkje vore like spennande å sjå på. No er ingenting avgjort, uansett kor bra eller dårleg du dansar. Det er høgt nivå på dei som er att. Og så har du meg. Eg må jo kalle ei spade for ei spade. Eg har berre meg sjølv som utgangspunkt, og må gjere det beste eg kan, og det har fungert hittil. Dess færre som er med i konkurransen, dess meir lyst har eg til å få vere med vidare, seier Marna.

Ho dansar i konkurranse med snowboardstjerna Helene Olafsen, bakebloggar og Farmen-deltakar Ida Gran-Jansen, Idol-vinnar Jorun Stiansen, «Skam»-stjerne Cengiz Al og «Paradise Hotel»-deltakar Grunde Myhre. Frå før har Tommy Steine, Trude Drevland, Erik Follestad, Erlend Elias, Hedda Kise og Geir Schau dansa seg ut av konkurransen.

Nervar

– Eg har aldri før i heile mitt liv kjent på slike nervar som eg har hatt desse siste vekene. Det har kome nokre tårer, men då går eg berre på eit rom for meg sjølv, tømmer meg for tårer, rister det av meg, og så er eg klar. Eg har sprengt alle barrierar. Til og med dei eg ikkje visste at eg hadde. Men eg er biten av basillen. Eg vil berre meir og meir. Sjølv no, etter seks timar med trening, vil eg inn att og gjere meir. Det blir som å leve i ei eiga lita boble.

Høgdepunktet, fortel Marna, var dansen førre laurdag, då ho dansa slapstick, ein dans med humor, der alle reglar vert sett til side, og komiske innslag vert ein del av dansen.

– Publikum klukklo. Det var fantastisk artig. Det gira meg berre enda meir opp. Eg brenn for underhaldning. Det er fantastisk. For meg var det ei kjempeoppleving.

Dansar for venninna

No er det altså jive som står på menyen, og alle deltakarane skal dedikere dansen til ein person som betyr mykje for dei.

– Det er mange eg kunne ha valt. Men eg har dedikert dansen til Kristine Vinjevoll. Min tidlegare sambygding i Ørsta. No bur ho på Gjøvik. Utan henne hadde eg ikkje kunne ha vore med på dette. Eg veit ikkje om nokon som er som henne. Ho køyrer opp frå Gjøvik, med fire ungar, og bur med oss, og tettar alle hola der eg og Ørjan (ektemannen) ikkje strekk til. Ho tek seg av alt. Søndag var vi elleve personar rundt frukostbordet, og då var ikkje alle stått opp ein gong. Ho er unik! Dette kostar, men det er ein kort periode i livet eg ikkje ville ha vore utan.

Ektemannen Ørjan Burøe jobbar som komikar og er ofte på farta. Det var han som la inn eit lite forslag om at dei no burde starte å planlegge kvardagane framover.

– Eg jatta med, og tok ikkje inn over meg kor mykje arbeid det ville bli. Men han forstod det. Takk og lov. Eg har sett på dette programmet før, og har høyrt dei fortelje om kor mykje arbeid det er, men eg har aldri forstått det skikkeleg. Du må nesten oppleve det for å forstå det.

No kryssar Marna fingrane for vidare deltaking i Skal vi danse, og frir gjerne litt til ørstingane for å få nok stemmer til å vere med vidare.

– Eg kan love at dersom eg får vere med vidare, har eg ei lita og nokså lokal overrasking på lur.

Laurdag er ho på ny klar for parketten. Scenenervane legg ho meir og meir frå seg. Ho er oppteken av å ha det gøy.

– Eg dansar med hjartet. Så satsar eg på at føtene heng med. Det er gjerne ein fordel.