Korleis er kvardagen din?

Kvardagen er hektisk, men utelukkande god! Jobba som robotoperatør/sveiser ved VikØrsta i Hovdebygda, og i helgane likar eg å leike musikar.

Kva aktuelle saker opptar deg for tida?

Har nettopp starta eige firma i lag med eine broren min. Me prøvar oss innanfor booking og management for både etablerte og oppadstormande artistar innanfor ulike sjangrar. I tillegg har me akkurat gitt ut ny musikk med Crashville. Ein EP med fire nye låtar i god gammaldags Crashville-ånd.

Kva vil du framheve med heimstaden din?

Fridom, natur og eksepsjonelt godt musikkmiljø. Det å kunne bruke naturen til å senke skuldrene, tømme eit av og til stappfullt hovud og berre nyte stillheita er fantastisk.

Kva saknar du i sentrum av Ørsta?

Eit skikkeleg konsertlokale, der både store og små kan boltre seg.

Kva ville du gjere om du fekk vere ordførar i ei veke?

Ordførar Øystein villa skjenka kulturbudsjettet uhorveleg mykje gryn.

Kven fortener ein blomebukett?

Musikk i sentrum-gjengen fortena blomsterbuketten og heile blomsterbedet for den del. Jobben dei gjer for å fronte artistar i startfasen er ufatteleg viktig.

Korleis er di draumeforside i Møre-Nytt?

Draumeforside, hmm.

Akkurat no må det vere:

Øystein Nybø skaut endeleg hjort ...

Kva er ditt beste minne frå oppveksten?

Har berre gode minne frå barndommen med alle aktivitetane me dreiv med som ski, fotball og snowboard. Men viss eg må trekke fram eit minne blir det første gongen eg landa ein backflip frå bigjumpen på Bondalseidet.

Kva får deg til å le?

Ler framleis godt av Joey og Chandler i Friends. God humor får meg til å le.

Kva er ditt favorittmåltid?

Skikkeleg hjortebiffmiddag med alt av tilbehøyr. Ingenting slår det. Men først må ein skyte hjorten...