Marius fekk nyleg vere med fiskelegenden og farfaren, Arne Riise, av fiskekjennarar rekna som ein bas av øvste klasse, på fisketur. Det handla om makrell, og det handla om mange tonn og full kvote for «Gunnar Langva», ringnotbåten med kolmuletrålrett. Marius Saure Riise fekk vere med på den siste turen for å få fylt makrellkvoten. Og det syntest han var moro.

– Det var første gongen eg var med på ein slik tur. Det kjekkaste var å sjå korleis dei fanga fisken. Spekkhoggarane hoppa som galne då vi fekk fangst, fortel elleveåringen som vedgår at han vart noko gåen av lange dagar med fiske.

– Men det var veldig kjekt. Likevel veit eg ikkje heilt om det er fiskeri eg vil satse på, fortel Marius. Trass ung alder er han også habil laksefiskar: I sommar fekk han ein laks på 3,7 kilo i ei stri Ørstaelv.

Mentor

Marius kunne ikkje hatt ein betre mentor på fiskerifeltet enn farfaren Arne Riise. Han har bak seg tretti år i reiarlaget Gunnar Langva AS. Og det Arne ikkje veit om fiskeri, er ikkje verdt å vite. Arne er bas, og er den viktigaste når det gjeld å finne fisk. Saman med skipperen leitar Arne med falkeblikk etter fisk, og når det dukkar opp store, raude felt på ekkoloddet, stig adrenalinet i styrhuset. For då ligg fisken i nærleiken, og då startar kampen om fangstmengder som sikrar inntektene.

«Gunnar Langva» er fjorten år gammal og med ei lengd på 71 meter. Båten, som har eit mannskap på ti personar i tillegg til ein lærling, og denne gongen også Marius Saure Riise, fiskar etter sild og makrell, lodde og kolmule. Båten fyller alle kvotane på kring 150 dagar. Etter at makrellen er i boks, står det att å fylle kvoten med norsk vårgytande sild. 3.750 tonn skal fangast i Norskehavet. Frå før har båten i år fylt kvoten med 7000 tonn kolmule fanga vest for Irland og 2.100 tonn nordsjøsild.

Smutthavet

I september og oktober handlar alt om makrellen, og båten har siste vekene halde til kring 200 nautiske mil nord for Ålesund, i Norskehavet og på grensa mot Smutthavet. Der ligg norske og utanlandske båtar side ved side, gjerne femti i talet, og kjempar for den same makrellen med bruk av gigantiske ringnøter. Sjølv om mange kjempar om fisken, er båtane disiplinerte, erfarer Arne.

– Russarane er faktisk dei mest eksemplariske.

Det har vore gode tider for reiarlaget Gunnar Langva AS siste åra. Og mannskapet sin lott har vore solid. Mannskapet får prosent av fangsten som lønn. Og det er ikkje uvanleg med inntekter på over millionen.

Makrellkvoten til «Gunnar Langva» er i år på 300 tonn. Før den siste turen nyleg, mangla reiarlaget 600 tonn for å fylle kvoten. Og snakk om ein vellykka siste tur:

– Vi tok resten i eitt kast, fortel bas Arne nøgd.

Poenget er ikkje å fiske mest mogleg, men å tene mest pengar. Og då må dei fiske den makrellen kjøparane vil ha.

– Den største utfordringa er å ikkje få for mykje fisk. Vi får best betalt for den største fisken. Og vi får alt frå makrell frå 400 gram til ein kilo. Men det er sjeldan med kilosfisk. Det vanlege er makrell mellom 500 og 600 gram, fortel basen

Fangsten vert seld på auksjon i regi av Norsk Sildesalslag, og dei som byr mest får tilslaget. Denne gongen vart makrellen levert til mottak i Egersund. Og det i rasande fart. For makrellen er ferskvare som vert pumpa frå sjøen og inn i tankar som kjøler ned fisken i to minusgrader.

– Makrellen vert levert til Japan og mykje nytta til sushi, fortel Arne.

– Vert du ikkje gåen av døgndrift på feltet?

– Nei, eg dubbar no av i ny og ne. Det er nok det.

Han vert sytti neste år, og kunne ha pensjonert seg. Men planar om eit liv framfor fjernsynet, har han ikkje.

– Eg har fiska i femti år og sjølivet er ein livsstil. Eg tek ein halvtime i gongen. Så får vi sjå, smiler bas Arne Riise.

Fiskeentusiastar: Farfar Arne Riise, veteranbasen i reiarlaget Gunnar Langva AS, syntest det var kjekt å ha barnebarnet Marius om bord. Og guten stortrivst. Foto: marius saure riise