Når desse to trenar, er det med turen i mente. Opp gjennom bratte lier mot Hustadnestua ved Sæbø går dei to med kvart sitt bildekk på slep. Det skal ikkje vere enkelt, men så er det heller ingen enkel tur dei skal på.

– For meg har dette vore ein draum i ti år. Eg har vore oppteken av litteratur frå polarområda, og leste tidleg om Nansen og Amundsen. No når turen snart vert verkeleg, byrjar eg å kjenne på spenninga, fortel Miranda.

– Eg har vel prøvd å liggje på eit snitt på ti timar i veka med å gå med bildekk. Stundom kan det vert sjeldnare, og nokre gonger oftare, fortel Linda.

Turdeltakarane har førebudd seg godt lenge. Det har vorte mykje trening, både lokalt, og i meir ekstreme miljø, som på Svalbard. I tillegg må turen planleggjast på detaljnivå. Utstyr, proviant og anna logistikk må vere på plass.

– Å gå over isen vil krevje mykje energi, og kroppen vil forbrenne mange tusen kaloriar per dag. Difor må dei ha med seg mykje næringsrik mat, samstundes som han ikkje skal vege for mykje eller ta for mykje plass.

Utstyret, som ski og pulk, og ikkje minst klede, må ha høg kvalitet.

– Vi er tilrådde å starte med pulkar som ikkje skal vege meir enn 55 kilo. Det er vanskeleg å kome ned på, fortel Linda.

Grønlandsisen ligg på om lag to tusen høgdemeter, og for å kome opp på sjølve platået, vert det nokre dagar med bratt terreng. Det vert kanskje turen si hardaste utfordring reint fysisk. Brefall og isblokker må forserast. Likevel, det kan verte krevjande oppe på isen også. Vêret er ustabilt, og kan skifte raskt. Det kan vere tretti minusgrader, det kan vere kraftig vind.

– Vi kan t.d. kome ut for white-out, altså null sikt grunna snøstorm. Vi har prøvd å bu oss på dei forskjellige situasjonane, både fysisk og mentalt, fortel dei to damene.

Planen er å bruke 25 dagar på isen, og deretter tre dagar Austmannadalen, der Nansen slo teltleir etter sin tur.

– Vi kunne ha valt å leige helikopter, og verte flogne ut etter å ha kryssa isen. Men vi meiner det å avslutte turen med tre dagar i Austmannadalen, der vi skal røykje ishavsrøyr, og ete han med mykje meierismør, salt og pepar, vil vere ei perfekt avslutning, seier Miranda.

Skiturar over Grønland har etter kvart vorte kommersialisert. Det vert lagt opp til turar saman med gaid og fleire andre turdeltakarar, viss det er ynske om det. Dei fire vennene har valt å gå utan gaid.

Vidare må alle som ynskjer å krysse isen gjennom ei godkjenning. Styresmaktene på Grønland er nøye på kven som får lov til å gå, og at alle moglege forsikringar og papir må vere i orden.

Og reise, forsikringar, utstyr og proviant, alt kostar mykje pengar. Difor er Linda og Miranda på jakt etter sponsorar som kan medverke til finansieringa av turen.

Sjølv om Linda og Miranda ikkje vil kalle det ein ekspedisjon, vedgår dei at det kan verte eit fantastisk eventyr.

– Vi er budde på at ting kan skje undervegs, og at nokon får vanskar. Samstundes vil det vere noko heilt eige med å logge heilt av, og berre vere oss og naturen. Vi vil ha satellittelefon, der vi kan ha ei viss kontakt med omverda, og hente vêrmeldingar, fortel Linda og Miranda.