Frivilligsentralen og flyktningkontoret har i to veker arrangert draumesommar i Ørsta. Dette er eit gratis tilbod for born som ikkje skal reise på ferie. – Ein treng ikkje å reise langt, for å ha det kjekt i sommar, heiter det på Ørsta kommune sine heimesider.

Det har vore aktivitetar kvar dag mellom 09.00 og 15.00, og borna har fått vore med på mykje forskjellig. Dei har mellom anna vore på tur til Raudøya og steikt heimelaga fiskekaker, ridd hest på Brudavollen, hatt rebus i gågata, spelt instrument på kulturskulen og prøvd seg som akrobatar på sirkusskule.

Det vart også arrangert kino på kaihuset, lesestund på biblioteket og song og dans på kulturhuset med Janne Skarstein. Borna har også vore på besøk på rådhuset der dei har fått prøve seg som brannmann og møtt ordførar og varaordførar. Her fekk dei prøve seg på potetløp, i regi av varaordførar.

Det har vore spennande og aktive dagar.