Petter Ose frå stiftinga Sunnmøre museum via ein heil dag til dei 51 tredjeklassingane ved Velle skule tysdag, for å lære dei om bronsealderen. Støyping av smykke, skyting med pil og boge, steinlabyrintar og gamle leikar utan bruk av tekniske duppedingsar var blant det dei unge håpefulle fekk lære.

– Det har vore ein veldig kjekk dag. Det er mykje kjekkare å vere ute enn å sitte inne. Vi har lært om korleis dei levde i bronsealderen og korleis dei leika. Dei hadde klede av skinn, laga smykka sine sjølve, og jakta og slakta dyr, fortel Linea Sandbakk og Celina Tangen Karoliussen.

Steinlabyrintar

Blant leikane fekk ungane trekke tau, leike «kjøtt og blod» som handla om å drage kvarandre over eit tau på bakken, og peikeleiken, som handla om å prøve å stikke kvarandre med peikefingeren medan dei held hender. Skyting med pil og boge var også svært populært. Alt utført med stor iver, latter og entusiasme.

Andre kuriositetar var å lage eigne labyrintar. Frå bronsealderen er det funne mange steinlabyrintar, også i Ørsta.

– På Vartdal er der to steinlabyrintar oppe i fjella, på 1.000 meters høgde som er fleire tusen år gamle. Vi veit ikkje sikkert kva funksjon dei hadde, men for dei som har gjort det har det vore viktig. Kanskje har det vore ei slags prøve eller eit rituale for dei unge som skal gå inn i dei vaksne sine rekker, som ein konfirmasjon. Du går inn i labyrinten som ungdom, og kjem ut att som vaksen, seier Ose.

Frå bronsealderen er der også mange solsymbol, og steinlabyrintane kan også vere forma som ei sol.

– Sola var livgivande og varm, så det er ikkje så rart at sola var viktig.

Magi

Det mest karakteristiske med bronsealderen er at det var på denne tida at dei byrja å smelte metall for å lage seg våpen og reiskapar.

– Før forma dei dette av til dømes hard stein, men no lærte dei seg kunsten å smelte og støype - det var som magi! For dei som levde på denne tida må det ha vore heilt magisk å kunne gjere dette. Det største statussymbolet ein storbonde kunne ha var ei bronseøks. Dei reiste ut i Europa og handla bronse som dei smelta og støypte, fortel Ose.

Den nordiske bronsealderen var frå om lag 1800 – 550 f.Kr. Så lenge sidan at det nesten er vanskeleg å tenke seg.

– Det var eit hardt liv. Det var kampen om å overleve. Det er fint å få vise fram dette til elevane gjennom praktiske gjeremål og ikkje berre teori. Her får dei sjå ulike ting med eigne auge, dei får kjenne på ting og prøve sjølv. Det er viktig å vere ute, seier Petter Ose.

Han hadde med seg fleire funn frå bronsealderen som elevane fekk sjå, alt frå klede til Blindheimssverdet og Ulsteinsverdet.

Bronsealderdagen var eit tilbod frå stiftinga Sunnmøre Museum, gjennom fylket og den kulturelle skulesekken.