Pernille Aag Liadal var ei av svært mange born som tok turen då Hovden og Ørsta skulekorps inviterte til open dag på Ørsta ungdomsskule måndag. Her fekk alle frammøtte teste dei mange instrumenta.

Håpet er at fleire av dei fekk smaken på korpslivet og vil byrje å spele.

– Vi har arrangert slike dagar dei siste åra. No prøver vi å selje oss litt inn før fristen til å melde seg på kulturskulen går ut, 1. mai, seier dirigent i skulekorpset, Brynhild Hovden.

Ho hadde hendene fulle på treblåsrommet, med mange unge håpefulle som ville teste både fløyte, saxofon og klarinett.

– Vi håper på mange nye musikantar. I eit korps er det plass til alle. Mange fekk med seg påmeldingsskjema heim, så vi håper at det ikkje stoppar der, men at dei som har lyst, melder seg på.

Passar for alle

Ideen med open dag er at borna får prøve dei mange ulike instrumenta slik at dei lettare kan finne ut av kva dei ønskjer å spele.

Eline Rognstad var ei av dei som møtte opp. Systera spelar allereie fløyte. Sjølv har ho lyst til å byrje på kornett. Ved å melde seg på kulturskulen vil ho få opplæring i instrumentet, og etter kvart få invitasjon til å vere med i aspirantkorpset til Hovden og Ørsta skulekorps. Brynhild Hovden seier at det er låg terskel for å vere med.

– Vi tek i mot alle. Alle kan verte gode til å spele. Musikk gir meistring. Vi finn noko som passar for alle. Korps er givande! Det er sosialt, musikalsk og kjekt. Her spelar born og unge saman på tvers av alder og frå dei ulike skulane i kommunen. Det er ikkje aldersbestemt, og det er noko du vil ha glede av heile livet.

Klarinett

Pernille Aag Liadal har teke heile runda. Frå trommerommet, via messingrommet tilbake til treblåsrommet. Ho har trua på at dette er noko ho vil drive med.

– Alle instrumenta var kjekke å spele på. Det var vanskelegast å få lyd i kornetten. Men eg trur eg har lyst til å spele klarinett. Det gjer nemleg morfar. Så det har eg også lyst til. Dessutan var det lett å få lyd i klarinetten.

Aktive

Akkurat no ligg Hovden og Ørsta skulekorps i hardtrening før mai-sesongen. Det er no dei har sjansen til å verkeleg få vise seg fram i gatene. Korpset tel 26 medlemer og to aspirantar, pluss ein flott gjeng med drillarar. Alderen varierer frå 3.klasse på barneskulen til 3. klasse på vidaregåande skule. Dei eldre er gjerne med for å bidra litt ekstra blant dei yngste i rekkene.

– Mai er ein kjekk månad, men det er viktig å merke seg at vi spelar heile året. Vi har øvingar, øvingshelgar, sosiale kveldar og er med på konkurransar, reiser på stemne og arrangerer marknad. Elles høyrer speling i kyrkja til jul med, saman med andre oppdrag. Til sommaren skal vi ha konsert saman med Ørsta Hornmusikk før vi reiser på korpstur til Åndalsnes. Vi har det utruleg kjekt saman, fortel Brynhild Hovden.