Rett nok i heilt anna målestokk enn på New Zealand, men stort for å vere på våre kantar: I fjøsen til Janine (49) og Kåre Jon Berg (45) er der 69 sauer og ein ver. Og når lamminga, som no er i gang for fullt, er ferdig, reknar sauebøndene med at 141 lam har kome til verda siste vekene. Og flaskelamma får tradisjonen tru namn etter lokale heltar frå området (!)

Kjøpte

For to år sidan kjøpte ekteparet tidlegare Urke fellesfjøs der det ein gong var kring 200 geiter. No er fjøsen bygt om, og geiter er altså bytt ut med sauer og lam.

Jon Kåre har odel på Hansgarden der faren Erling i mange år hadde hobbybruk med rundt 20 sauer. Der er det ikkje plass til noko større satsing. Difor vert det no bygt opp gradvis i den gamle geitefjøsen som med godt over 500 kvm innvendig areal har stor plass.

Sjølv om det går an å tene pengar på sauehald, er det ikkje det som er drivkrafta for Janine og Kåre Jon. Ho har butikkjobb på helsekostforretninga på Amfi, i tillegg til å vere pianolærar på kulturskulen. Og Kåre Jon er skipper på båt som er stasjonert i Brasil, og som flyttar riggar. Sauedrifta går rundt sjølv om det stadig må investerast. For paret handlar sauehald om noko meiningsfullt å fylle tida med.

Flytta

To av dei tre borna deira har flytta til Ørsta, og berre trettenåringen bur heime på Urke med foreldra. Med ei turnusordning med fire veker på og åtte veker fri, har Kåre Jon rikeleg med fridagar. Og i tillegg til å springe i fjellet, grave med gravemaskina, gjerde beite eller slår graset på fem av dei sju gardane på ytre Urke, så er han stadig å sjå i eller utanfor fjøsen saman med kona. Dette er ikkje paret som parkerer ved fjernsynet til ei kvar tid. Finn ein ikkje på noko å gjere, kan det fort verte vel keisamt på vesle Urke der det også kan vere tungvint å bu og ein er avhengig av ferja.

Janine brukar også ein del kveldstimar til å synge i Åmdalskoret Berre damer, og har no vorte dirigent i nystarta Hjørundfjord mannskor. Så det er meir enn sauer det handlar om for Berg.

Janine og Kåre Jon møtte kvarandre på ein fabrikktrålar på New Zealand ved nyttår 1993/94. Eit år seinare var dei gifte. Og etter nokre år på New Zealand og fleire plassar i Noreg busette paret seg på Urke for tretten år sidan. Der er dei godt etablert på Haslen.

Kontrastane frå livet på New Zealand er store på mange måtar for Janine. Ikkje berre bur ho på ein liten plass. Skilnaden på sauehaldet er også enorm: Då ho voks opp dreiv næraste slekta stort, veldig stort: På garden vart det drive sauehald på tusen dekar areal, med 3000 søyer og over 4500 lam. I motsetnad til her, vart lamma fødde ute på beite.

Bidrag

Janine og Kåre Jon meiner dei gir eit godt bidrag til turistnæringa i bygda og storsatsinga siste åra, ved å sleppe dyr på beite, slik at ikkje alt gror att. I tillegg er sauene svært populære, ikkje berre mellom turistar som kjem med hausthurtigruta, og som vil sjå anna enn attgrodd skog, og som vert fasinerte over å sjå nærgåande sauer. Også lokale små finn glede av dyra. I ei tid der færre og færre satsar på sau, kan det vere eksotisk for born å besøke sauefjøsen og klappe nyfødde lam. I påska var det slik: Då var det enkelte dagar reine folkevandringa i fjøsen. Men det synest sauebøndene berre er moro.

– Det er veldig bra for Urke at turismen aukar og at fleire besøker fjella. Det gjer at besøket til butikken vår aukar, og at puben ved sjøen få besøk. Har vi ikkje butikk, misser vi den levande bygda vår, seier Janine.

Lamming

Lamminga i storfjøsen starta 2. april. No er det ein roleg periode før fødslane startar for fullt att og som varer til starten av mai. I neste veke får nokre av sauene springe ut på dei vårgrøne markane i bakkane. Og i midten av mai skal heile flokken ut og beite i Urkedalen og i Nordkopen.

Janine (49) og Kåre Jon Berg har nok å styre med framover, men dei likar det.

– Livet på Urke er godt! Opplever dei driftige sauebøndene.