Det er stort sett alltid folk her når eg kjem ned i hamna på denne tida. Då blir det fort både prat og ein kaffikopp. Det er veldig sosialt, seier Anders Steinnes.

Ørsta småbåthamn er i ferd med å vakne til liv etter vinteren. Presenningane skal av, dekket skal vaskast og, for dei som brukar vinden til framdrift, segla skal pakkast ut.

Når du ser at segla blir heisa i hamna for første gong, kan du vere sikker på at våren nærmar seg.

– Dei fleste brukar palmehelga til å gjere båten klar til sesongen. Så tek mange den første turen i påskehelga, seier Steinnes.

Det er ikkje berre fordelar med å ha båt i Ørsta sentrum.

– Det er ei god hamn, men vi ligg nær E39, og det fører til at mykje vegstøv legg seg på båtane i løpet av vinteren. Det er viktig å få av om våren.

Brukar båten heile vinteren

Steinnes er av dei meir aktive båtbrukarane i hamna, og pakkar ikkje ned båten, ein Bavaria 38, om vinteren.

– Eg er på fleire turar i løpet av vinteren, og overnattar i båten heile året. Dette er hobbyen min, og etter ei stund på land får eg eit sug etter å kome meg på sjøen.

Medan resten av båteigarane står med skurekostar og vaskebytter i palmehelga, har familien Steinnes fast tradisjon om å ta årets første helgetur i palmehelga.

– Då dreg vi ut i øyane – Ulsteinvik, Fosnavåg og Runde. Der er det gjerne litt mildare enn i Ørsta, og landskapet er opnare. Då får vi vårkjensla etter ein lang og mørk vinter. Samtidig kjem mange båteigarar frå øyane til Ørsta i påska. Då har dei også med seg bil med ski på taket, slik at dei står på ski på Bondalseidet og bur i båten. Det er ein god bytehandel, seier han.

I mai kjem også regattasesongen i gang. Ørsta seglforeining er ganske fersk, men har god oppslutnad om Onsdagsregattaene.

– Det er stort sett rundt ti båtar. Det eg synest er fint, er vi ikkje har eit overdrive konkurransefokus. Det er stort sett turseglarar som er med, og er med på dette for å ha det kjekt, seier Steinnes.

Han tilrår båtlivet på det varmaste.

– Med ein båt har du både hobby og hytte i eitt, og du får mange flotte opplevingar. I år går ferieturen til Hardanger, og vi planlegg også ein stortur til Nord-Noreg om nokre år.