Tidlegare vart alle møter og tilstellingar haldne i skulekjellaren, men alle i bygda vart samde om at bygda trong eit samlingshus.

Men det var mange meiningar om kvar huset skulle byggast. Det måtte ligge om lag midt i bygda og helst att med vegen.

Det kom inn tilbod om tomt frå Mina og Sigvald Vartdal i Steinagarden, det låg sentralt til. Det vart vedteke i møte 9. okt. om å byggje huset der.

Den 23. oktober tok dei til å grava på tomta, og 26. oktober kom materialet som var tinga frå Ålesund. Det var ikkje bestemt om det skulle gravast ut full kjellar under huset. Men grunnen vart hardare og hardare og ryggane vart låkare og låkare, så då bestemte byggenemnda at det skulle vere kjellar under halve huset og den andre halva skulle fyllast med stein.

Til byggjeleiar vart tilsett Bjarne Sætre. Den 13. november tok dei til å timbre huset, og 21. november hadde dei fått opp sperrene. To dagar etterpå tok dei til å legge taket, og 25. november la dei ned golvet. Dagen etterpå var det regn og sludd, då hadde vêret vore fint heilt sidan dei tok til på muren.

Vigsling

Den 3. desember var det rjomegrautfest i det nye samlingshuset! Tre dagar etterpå bygde dei benkane, og vart ferdig 10 desember. Byggetida var frå 13. november til 10 desember, og då hadde dei sett opp skorstein, sett inn omnar, bygt eit rom til kjøken i kjellaren og laga billettrom i gangen. Den 14. desember heldt dei vigselfest. Då huset vart vigsla hadde byggekostnadane kome oppunder 4.000 kr.

Ungdomslaget på Nordre Vartdal gav kr 800.- til eit byggefond til Varden i 1935, og dei kjøpte eit sceneteppe.

Etter vigslinga hadde huset endå ikkje fått namn. Men då namnet ”Varden” vart foreslått, var alle einige om at det skulle stå som eit samlingsmerke for bygda. På vigslefesten var det mange talarar, ein og ein i gongen, frå middagstid til langt på natt før den siste var ferdig.

Og huset vart brukt. Fyrst var det snikkarkurs i Vardekjellaren, og det vart også starta verkstad til ein møbelfabrikk med stoppa stolar og sofaer I same lokalet. Dei flytta seinare til eigne bygningar og heldt produksjonen vidare fram der. Og det vart halde sykurs og vevkurs i storsalen. I småsalen på Varden hadde Vartdal Sparebank sitt hovudkontor, med opningstid ein dag i veka.

Loftet tok kommunen i bruk i det rommet som var tenkt til galleri, det var i mange år Vartdal kommune sitt rådhus. Her heldt alle kommunale råd og nemnder møta sine.

Om vinterkveldane vart rommet også brukt til 3–4 kortlag rundt dette langbordet. Og sidan Vartdal hadde eige kraftverk, og Varden hadde ikkje målar, så hadde dei gratis straum, og kunne bruke så mykje kraft dei ville.

Krigen

Under krigen, i 1941, vart alle radioapparata på Vartdalstranda innsamla og lagra på Varden. Berre tyskarane sjølve og N. S- medlemmar hadde lov å ha radio. Då det vart mørkare kveldar fann nokre karar ut at det gjekk an å ta ut eit glasfag og koma seg inn. Kassene med radioar vart undersøkte, 0g eit apparat som var stort nok til å ta inn London vart teke ut, og ein stor treklosse vart plassert i kassa i staden. Seinare var det fleire som gjorde det same, ryktet spreidde seg, og det vart etter kvart mange treklossar i kassene. Men etter ei tid kom ein flokk tyskarar med lastebil og lempa radiokassene hulter til bulter opp på lasteplanet, utan å undersøke kva dei inneheldt. Om det var radioar eller hoggestabbar, og køyrde vekk.

Etter kvart skulle det syna seg at Varden vart for liten. I 1975 var det 40- årsjubileum, Og det vart feira den 13. desember, på dagen 40 år sidan Varden var vigsla i 1935. Og jubileet vart feira med mykje program og stor utlodding, for pengar trengst.

På eit folkemøte i 1976 var dei tidlegare grunnproblema for utbygging ordna med Sigvald Vartdal, som åtte grunnen. På dette møtet vart det valt ei nemnd for å greie ut ulike alternativ. Og i januar 1977 kunne formann i nemnda, Reidar Årskog, legge fram både teikningar av Vemund Aarskog, og framlegg til planløysing. På omframt årsmøte 15. november 1978 vart teikningar og planar godkjende, og byggenemnd valt. Og i januar 1980 kunne byggeleiaren, Hans Aarskog, ta til med arbeidet, som vart fullført i mai same året. Og kjellaretasjen, m.bl.a. rom for folkebiblioteket, matsal, og kjøken, vart ferdig året etter.

Det elektriske anlegget vart også installert på dugnad (gratis) av Vebjørn Vartdal. Men det vart mykje materialkostnader. Det kraftige sceneteppet vart kjøpt en gros gjennom møbelfabrikken, og bondekvinnelaget sydde og monterte teppet på fabrikken der, klart til å henga opp. Det vart sett inn ei utdør i matsalen, både som rømmingsveg, og for rullestolbrukarar, og det vart innsett handikaptoalett og ein garderobe.

Vedlikehald

Alt saman for ein samla kostnad på kr 300 000.-, som delvis vart dekt av lån og tilskot, og dels av dugnadsarbeid og pengar samla inn i bygda. Og det vart gjeve ei større pengegåve frå syskena Petra, Johs K., Jakobina, Åsta og Jorunn Vartdal.

Mykje vart gjort av vedlikehald og utbetring i åra som kom, men taket var ikkje gjort noko med. Skiferheller bles ned i storm, og det vart lekkasje. Så her måtte det gjerast ein stor reparasjon.

Og slikt kostar pengar, mykje pengar. Styret tok kontakt med lokale entreprenørar om jobben med å ta ned og legge opp att skiferhellene. Men anbod i hundre-tusenkronersklassen var meir enn bygda kunne makte. Det vart då bestemt at det billigaste ville verte å legge nytt ”Decra”-tak, for det hadde synt seg å vera sterkt i nyttårsorkanen i 1992.

Bankgiroar for gåver vart sende ut i postkassene, og fekk god respons. Gevinstar til utlodding og tombola kom frå lag og organisasjonar, og frå private. Ein bygdefest vart bestemt til fredag 3. november, og Varden var som vanleg stappfull av folk. Ei nyskipa revygruppe ville lage til program på festen, med mange lokale innslag, mange situasjonar vart drøfta.

Mykje pengar kom inn på innsamlinga og på denne festen. Og dei fekk seinare også selje den nedtekne skifersteinen, og fekk bra betalt.

«Varden treng oss»

2002: Det vart sendt ut flygeblad i postkassene med oppmoding om dugnadsinnsats. Mottoet var: Vi treng Varden, og Varden treng oss. Og folk møtte opp. Vartdal Transport stilte med sine kranbilar, og skiferhellene vart lagt på pallar oppe på taket og heist ned med kran. Arbeidet gjekk unna i rekordfart i det fantastiske vêret som var i slutten av august.

På 3–4 timar var steinen på sida mot sjøen nede, og nytt tak vart lagt i dagane etterpå. Dugnadsfolket møtte opp.

Ikkje alle kunne vera med på denne dugnaden. Nokre ville gi nokre kroner som ei hjelp til det som var innkjøpt av materialar. Ei eldre kvinne kjøpte rjomegraut til heile dugnadsgjengen. For som ho sa: Ikkje kan eg gjera noko oppe på taket, men dette kan eg gjera. Og ville dei halde ein taktekkjarfest, så ville ho spandere rjomegraut til alle i bygda som ville kome på festen. Dette gav respons: Styret for Varden ville gjerne ha fest og dei ville lage til litt program. Festen måtte haldast ut på hausten, og vart bestemt til 16. november. Graut frå meieriet vart innkjøpt i store mengder, med rosiner og egg, og spekemor vart sponsa av butikken. Mjølk til koking av grauten vart sponsa av ein gardbrukar.

Bondekvinnelaget, med Valborg Masdal som leiar, stod føre koking av grauten, Det vart samla i hop store panner og gryter, her nytta det ikkje med ei ti-liters panne, og heller ikkje med ei lita treskei. Grauten gjekk unna og mange fekk ny påfylling.

Varden vart etter kvart full av folk, og etter vel ein time kunne programmet starte. Etter programinnslaga på scena var det ny runde med mat, denne gongen kaker laga av ungesaniteten i bygda. Alt var gratis, og det var nok ingen som gjekk svolten heim att frå denne festen.

Til alle slag aktivitetar

Året etterpå, i 2003, vart det støypt ny trapp med rullestol-inngang, og nokre fjøler på veggen vart skifta ut, alt arbeid på dugnad. Varden fekk ny gul farge etter å vore grøn i årevis. Som nybygd var fargen mørk, men bileta frå den tida var svart\kvitt, ikkje godt å tyde, kanskje var det raudt heile tida før det vart skifta til grønt. I 2003 vart Varden måla gul, og den fargen varde til i år (2016), då det vart måla grått, med kvite lister. Etter at nytt tak var lagt, såg det bra ut i mange år, men taket vart etter kvart mosegrodd, og fekk nesten ny farge, Tre karar har hatt ein stor jobb i 2016 med å fjerne mosen og gjera det reint. Og no har det fått att sin opphavlege farge. No var det berre att ein av gamleveggane, den mot sørvest, dei andre har vore skifta før.

Varden har i alle år vore brukt til alle slags aktivitetar, for eksempel som øvingslokale til Det Norske Kammerkor i nokre år, Julefestar og nyttårsfestar, bryllaup og gravferd, feiring av åremålsdagar, konfirmasjonar, 17. mai, og mykje, mykje meir. Matsalen på Varden er no utleigd til Vartdal turn og idrettslag, då dei ikkje har eige klubblokale. Dei får kanskje eige klubbhus ein gong i framtida?

Synneve Aarskog

1935: Varden som nybygt i 1935. Foto: Privat
2016: Varden har skifta farge, no frå gult til grått. Alt arbeid har vore på dugnad. Foto: Privat
Graut: Annkauf Vartdal og Valborg Masdal rører graut. Foto: Privat