Mykje fint har vore skrive om Knut Ose sin imponerande innsats på fritida si innan kulturlivet i bygdebyane våre. Dette var eit livsverk i seg sjølv

Men som kommunal musikklærar var Knut Ose tilsett i Ørsta og Volda kommunar frå 1972 og heilt fram til han gjekk av som pensjonist sommaren 2015. Då var han 79 år. Ein respektabel pensjonistalder må ein vel kunne seie.

Etablering av musikkskule

Då Ørsta/Volda interkommunale musikkskule vart skipa i 1972, var det nærast sjølvsagt at det måtte bli Knut som skulle tilsetjast i den viktige stillinga som leiar for strykeseksjonen. Det vart også Knut si utfordrande oppgåve å byggje opp eit felles ungdomssymfoniorkester i tillegg til aspirant- og juniororkester for dei to kommunane.

Ungdomssymfonikarane skulle vere sjølve juvelen i musikklivet i kommunane. Alle som har vore på konsertane deira opp gjennom åra, vil ha sett den strålande utviklinga orkesteret har hatt. Og sjølve grunnlaget for alt dette vart lagt i orkestra for dei yngre elevgruppene.

Eit livsverk

Dei mange orkestra i den første musikkskulen skulle såleis vere den berande krafta i det musikalske arbeidet i kommunane. Og Knut hadde ansvaret for alle, ei oppgåve Knut arbeidde med i ein mannsalder, og som han bygde opp frå grunnen av. Dette vil bli ståande som ein merkestein i livsverket til Knut.

Alle som har vore på konsertar med desse minste fiolinistane med dei ofte litt for store felene, vil hugse kor stolt Knut var av desse små. Alltid heldt han fram at det var her det heile starta, hos dei minste. Dei var framtida. Og Knut, som den store inspiratoren han var, visste alltid på konsertane å poengtere nettopp dette.

Korps, kor og orkester

Knut var med både som skipar og som medlem i mange lokale orkester opp gjennom åra, då anten som fiolinist, som dirigent eller som bassist på sitt instrument nummer to, nemleg sin kjære tuba. Som bassist var han med i brassbandet på Bedehuset, ØB-Brass i ”alle år”. Så vart eitt av våre tidlegaste salongorkester, Con brio, skipa. Så var Knut primus motor og drivkraft i strykeorkesteret som vart bygt opp dei åra då Ørsta ungdomskor gav seg i kast med dei store oratoria innan kyrkjemusikken.

Det var dirigenten Ragnar Aske som utvikla Ørsta ungdomskor frå eit godt bygdakor til eit storveges oratoriekor. Desse storarta musikkåra på 1960-70-talet måtte sjølvsagt tuftast på eit stabilt og godt oratorieorkester. Her var då Knut den viktige, kontinuerlege krafta i orkesteret. Mange konsertgjengarar vil nok hugse denne nyskapande epoken i vårt kyrkjelege musikkliv med stor glede. At Knut også i mangfaldige år var kordirigent, m.a. Frikyrkjekoret, viser hans store, musikalske spennvidde. Ja, ein må vel også kunne nemne her at ei meir velfortent kongens medalje knapt kunne vere meir velplassert enn nettopp hos Knut.

Studieår ved Høgskulen i Volda

Det var med stor iver og glede at Knut tok fatt på eit musikkstudium ved Høgskulen i Volda etter nokre år som musikklærar.

Knut var nær knytt til Høgskulen i Volda gjennom orkesteret der, og etter kvart vart også øvingane i kulturskule-orkestra lagt til lokala der. Dette ga gode øvingstilhøve for orkestra.

Pedagogen Knut

Ja, alle som har fylgt Knut i arbeidet med born og unge, har vorte imponerte over hans evne til å skape musikkglede hos elevane sine. Med sitt smittande humør, og hans iver etter å skape forståing for samspel, klarte Knut alltid å gjere både øvingar og konsertar til viktige musikkopplevingar.

Og i tillegg veit vi at Knut også var ein stråland og avslappa programleiar, både på konsertar og andre arrangement. Ja, Knut var ein meister i å skape atmosfære. Denne eigenskapen fekk han også god bruk for på dei mange konsertane som regionsmusikar, ei ordning som det vart slutt med, etter nokre år, dessverre.

Gjennom mange av dei tidlege åra i musikkskulen fanst det ikkje notar for barne- og ungdomsorkester. Då var Knut både komponist og arrangør av musikk som skulle passe for nivået til orkestra, både når det galdt orkestrering og vanskegrad.

Kollega og medmenneske

Med sin lune humor og sin inkluderande veremåte skapte Knut eit heilt unikt miljø rundt seg, og i all si framferd hadde Knut med seg desse eigenskapane.

Som kollega, medmenneske og ven har Knut vore ei livskraft i kulturskulane i Ørsta og Volda. Med sine mange år som lærar vart han ein viktig kontinuitet i kollegia, ein som var med å føre vidare læringskulturen og den viktige sosiale fellesskapen. Namnet Knut Ose vil stå som eit lysande minnesmerke over musikk- og kulturlivet i dei to bygdebyane våre. Med sin iderikdom og sine skaparevner hadde Knut ei hand med i det meste av musikklivet vårt, både som planleggjar og inspirator, som medlem i nemnder og råd, som leiar av konsertar, og som dirigent og musikar.

Spora etter Knut, både som medmenneske og kulturbyggjar, er djupe. Saknet etter han er stort.

Brynhild BarstadRektor Ørsta kulturskule

Johs. MelleNestleiar interimsstyret av 1972