Strategien vår er at vi hentar inn dei beste journalistane og dei beste turoperatørane til eksklusive skiturar i området. Slik får vi formidla alt vi har å tilby her. Og det er eit produkt i verdsklasse, seier Tom Anker Skrede i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre.

For nokre veker sidan var han vertskap for tretten personar frå mellom anna Spania og Austerrike. Dette var ei eksklusiv og handplukka gruppe som fekk prøve ut Sail & Ski-konseptet i Hjørundfjord.

– Og der tilbodet ikkje berre var natur, men også mykje kultur. Det er det som skjer dette konseptet så unikt, seier Skrede.

Det er ikkje fyrste gong Destinasjon Ålesund & Sunnmøre har invitert turoperatørar og reiselivsjournalistar til slike eksklusive turar. Det er ein velprøvd offensiv, og så langt har satsinga gjeve resultat.

– Tidlegare har desse vore frå andre land. Vi arbeider regelmessig med å utvide marknaden. Og difor vart det denne gongen mellom anna journalistar og turoperatørar frå Spania, og frå Red Bull-selskapet i Austerrike, nokre av dei største på å kople sine produkt med aktive opplevingar. Dette er folk som kan skiturisme, og som arbeider med det i Pyreneane mellom anna. Og meldinga frå dei var klar: "Å samanlikna skiopplevingane i Pyreneane med dei vi har hatt i Sunnmørsalpane, vert som å samanlikne badestrender på Sunnmøre med dei vi har i Spania ..."

I ei heil veke var dei utanlandske journalistane og turoperatørane på tur i området. Dei kom til Vigra på ein måndag, og vart skyssa med bil til Hjørundfjorden, der dei kunne gå om bord i båten dei skulle bu i. Kvar dag var det nye turmål, og kvar dag var det nye opplevingar på mat- og kulturfronten m.a. Både på Sæbø, Øye/Urke, Trandal, Rekkedal og Bjørke.

Denne gongen var det Sail & ski-konseptet som vart marknadsført, altså at turistane skal bu om bord i ein båt, verte frakta med båten til ymse turmål, og bokstaveleg gå frå tare til tind – og med ei herleg nedfart.

– Men i samarbeid med dei lokale aktørane, overnattingsstader, restaurantar, fjellførarar osb., kan vi skru i hop pakkar under fleire konsept, og med fleire prisklassar. Dette gjev oss stor fleksibilitet, fortel Skrede.

Opplegget med dei utanlandske journalistane og turoperatørane vart gjennomført med medverknad frå Fjord Norge og Innovasjon Norge. Representantar frå desse var med på heile turen, i tillegg til representantar frå DÅS.

Og så har vi samarbeidd med dei lokale verksemdene heile tida, fortel Skrede.

Han nemner mellom anna ein kveld på Trandal. Då hadde vêrmeldinga slått litt feil, og det hadde vorte ein strålande dag. Etter ein skitur i Kvistaddalen, var det samling på Trandal om kvelden.

– Men der vart maten litt kald, utan at det var vertskapet sin feil, for deltakarane vart aldri ferdig med å fotografere. Ein ting er at dette verts skrive om og skildra i ymse magasin og publikasjonar. Vel så viktig er dei delingane som vert gjort i sosiale medium. Dette er folk som har mange følgjarar, og bileta vert spreidd og er god marknadsføring for oss, seier Skrede.

Han fortel at han og andre ofte kan verte møtt med spørsmål om at Sunnmørsalpane er vanskeleg tilgjengeleg.

– Men det stemmer jo ikkje. Flyplassen på Vigra har godt samband til heile Europa, mellom anna med KLM-rutene. Då får vi folk raskt inn og ut, og Sunnmørsalpane vert opplevd som lettare tilgjengeleg enn fleire andre tilsvarande destinasjonar, seier Skrede.