Det er eitt av mange spørsmål pedagogisk leiar i Mosmarka barnehage, Randi Vatne Krøvel må kunne svare på når dei minste ungane no får lære om påska. Der er ein viss logikk. Jula varer som kjent til påske, og å verte vaksen på berre tre-fire månader er eit mysterium det kan vere vanskeleg å forstå.

– Det er utruleg kor mykje dei filosoferer og tenkjer når vi tek opp desse temaa. Påska er ikkje alltid det som er lettast å formidle for dei yngste. Vi har mest fokus på nytt liv. Vi er ute og kikar på naturen og ser på kva som er i ferd med å vakne til liv etter vinteren.

Det handlar om å utfordre sansane og estetikken.

– Inntrykk gir uttrykk. Dei får bruke sansane sine og vert kjent med kroppen sin gjennom finmotorisk trening.

Ein edderkopp har funne vegen ut frå vinterdvalen i ei kongle, og spring raskt over bordet, til stor ståhei frå dei små.

– Vi må vere snille, seier dei.

Det er også noko dei snakkar mykje om. Å ta vare på naturen og å bry seg om dei som bur i han.

I vindauget har dei laga påskelandskap, der barna har fått måle rett på vindauga, og har dandert kongler og granbar med tråd i fargeriktig gul farge, i tillegg til måling av egg og planting av karse.

– Og så syng vi ulike påskesongar for. Då får dei med seg litt av bodskapen også.

Men her er det lett å hamne i ordspelgryta. Når teksten handlar om Jesus som vart krossfesta i Golgata.

– Det var ein som meinte at Jesus hang på ein kross i gågata.

For korleis skal ein liten ein vite kva Golgata er, slik utan vidare? Men sjølv om det kan lokke fram smilet på dei vaksne, er det ærleg frå dei minste, og dei vert tekne på alvor.

– Det er eit spennande tema å snakke med dei om, seier Krøvel.

For dei litt større barna går dei litt grundigare til verks. Gjennom fleire år har Mosmarka barnehage hatt eit samarbeid med kyrkja, der barnehagen enten har besøkt kyrkja, eller representantar frå kyrkja har kome til dei.

– Det har fungert veldig bra. Dei formidlar bodskapen på ein veldig god måte, seier pedagogisk leiar, Heidi Myhre.

Men akkurat no er det påskepynten som står i fokus. Tidlegare i vår var dei største ungane ute og henta seg emne til små stubbar. Desse har dei saga til sjølv, og no skal dei verte påskekyllingar.

– Vi fokuserer veldig på at dei skal meistre sjølve og skape noko sjølve. Dei sagar, klipper og spikkar. Det utviklar motorikken. Og sjølvgjort er velgjort, seier Myhre.

Julia Lianes Urke (4 1/2) sit med eit konsentrert blikk mot kyllingen. Blå fjør, bestemmer ho seg for. Men det som er mest spennande med påska, er påskeharen.

– Han kjem kvart år. Først leitar vi etter påskeegg. Så finn vi påskeegg. Så et vi litt av det. Men så må vi spare litt også, til neste dag. Og så er det tomt! Men av og til legg han fleire egg også heldigvis.