Tidlegare fann ein ganske mange som dreiv med rosemåling.

– Men anten har dei gått bort, eller så har dei slutta, fortel Steinnes.

Pensjonisten på Berkneset har travle dagar heime på Fjelltun.

– Eg har aldri hatt så mykje å gjere som siste åra. Folk kontaktar meg frå alle stader utan at eg marknadsførar meg. Og eg har folk her både frå Nordfjord og Ålesund, i tillegg til nærområdet. Det handlar vel om jungeltelegrafen, fortel Roar, smilande i grått skjegg.

Fjøs

Vi møter ein særs blid og hyggjeleg mann heime på Berkneset, der det ein gong i tida var ein liten gard. I ein ombygd fjøs har Roar verkstaden sin, der han driv oppussing og lakkering av mykje slag, først og fremst kjøkkeninnreiingar og innreiingar til bad. Men han lakkerer alt slag, bord og stolar og alt som ikkje er for stort.

I heimen, like oppom verkstaden, har Roar lager i kjellaren, og i stova har han ei krå der han driv rosemåling. Før i tida rosemåla han alt slag, også skåler, skrin og sveiver. No handlar det først og fremst om kaketiner og skrin for bunadssølv. Som den einaste rosemålaren som er att her i området har Roar meir enn nok å gjere, og bestillingane haglar inn.

– Eg lærte meg å rosemåle då eg byrja å jobbe på Øyehaug Suvenir i 1972. Der var eg i åtte år. Etter dette etablerte eg meg heime med verkstad, og tok opp lån og kjøpte lakksprøyte, og heldt fram, fortel Roar som har jobba på ei rekkje trevarebedrifter i Ørsta og Volda.

Furene

Dei siste åra av yrkeslivet var han i femten år hos Furene AS, der han hadde stor glede av å leggje til rette for psykisk utviklingshindra. Dette minnest Roar som den beste tida i yrkeskarrieren.

Roar er kjend for å vere nøyaktig og dyktig. Høge prisar har han heller ikkje. Og han leverer ikkje berre til private. Fleire butikkar har avtalar med han om leveransar, m.a. Husfliden.

– Rosemåling krev mykje konsentrasjon og trening, og det er ikkje så enkelt å føre ein pensel som ein kanskje trur, vurderer Roar.

Han konstaterer at det i dag nesten er sjeldan å oppleve eldre folk stå i kjellarane sine og drive med trearbeid. Difor kan han ha visse utfordringar med å få tak i råvarer, eller trekvitt som Roar kallar det.

Då er Erling Vatne i Ørsta ein god mann å ha.

Sjølv om Roar Steinnes har vore pensjonist i tre år, tvinnar han ikkje tommeltottar. Roar er slett ikkje av den typen som sit og glanar i timevis på tv-skjermen. Skal han slappe av, set han seg gjerne ned og les aviser på nettet. Elles så fyk han rundt og styrer i høgt tempo.

– Det er ikkje pengane som driv han, det er makk i baken, humrar kona Ingunn der ho sit og strikkar i ein stol i stova. Ho er «direktøren» i det vesle firmaet, og har stålkontroll med rekneskapen.

Roar står på dagen lang, også ofte om kveldane, viss han ikkje går den halvanna mil lange turen til Volda, noko han gjer fleire dagar i veka. Då får han god trim og tek vare på helsa.

Er det ein som kan kallast tusenkunstnar utan å overdrive, så er det Roar Steinnes. For nokre år sidan laga han to båtar i kryssfiner. For ein del år sidan dreiv han også og måla kunstbilete. Roar har hatt ei sterk interesse for motorsyklar og bilar. I garasjen har han ein Oldsmobile Custom Cruiser, 1980 modell. Den har gått over 500.000, og går framleis som ei klokke. Roar steller og styrer og pussar på bilen på aller beste måte. Og meir strøken bil finst vel knapt i vårt område.

– Det er ikkje få varer eg har frakta med denne bilen. Ja, denne er god, du, smiler Roar og klappar veteranen på skjermen.