Det handlar om sunn galskap når revy-gjengen i Hovdebygda no øver fram mot premieren fredag 17. mars på revyen «Ute på prøve».

– No rår det komplett kaos her, men vi har vore ute ei vinternatt før. Og vi brukar å kome i mål på eit vis, fortel revygeneral Mads Ryste medan folk syng av full hals i kjellaren på Ervingen.

Mads har halde på så lenge med Hovderevyen at han ikkje lenger hugsar kor mange revyar dei har hatt. Men vi kan fortelje at det er eit lite minijubileum på gang i år, og at det er duka for den trettifemte framsyninga av den tradisjonsrike revyen i Hovdebygda.

Som vanleg tek revyen føre seg like mykje internasjonale og nasjonale hendingar, som dei lokale. Og det manglar ikkje på godt stoff denne gongen heller.

– Nei, vi har meir enn nok å ta av. Det er viktig at absolutt alle skal ha utbyte av å sjå revyen, seier Mads.

Variert

Dei tolv amatørskodespelarane som skal stå på scena kjem til å by på ein svært variert meny. Og publikum kjem til å få oppleve songarar og sketsjar om alt frå Donald Trump og Sylvi Listhaug til dommen over Amfi, ulvedebatten, om å kome ut av skapet og fjellet Mannen som står og står. Populistiske prestar og dei mange appane i butikkane er også ting det vert laga revynummer av.

Hovderevyen har fått med seg to unge og nye skodespelarar denne gongen, syttenåringane Ingvild Berge Conradsen og Bernhard Pedersen. Dei fann seg raskt til rette i miljøet.

– Det er veldig kjekt å vere med på denne revyen. Her med mykje moro, og gjengen er groteske, røper Ingvild og Bernhard som begge går andre året på musikklinja i Volda.

Bergljot «Bella» Sandvik er, i ein alder av 86 år, framleis med i revyen. Ho har vore med på alle bortsett frå ein gong då ho var sjuk, og var publikum. Og ho synest framleis det er givande å spele revy.

– Det ver like moro dette, men øvingane er kjekkast, synest «Bella».

Mads Ryste er samd.

– Det mest morosame er alt som vert sagt på øvingane som ikkje kan takast opp att, humrar Mads.

Han har ei god kjensle for revyen, sjølv om alt no flyt, og Mads er glad for at dei har fått med seg ein dyktig pianist, politimannen Geir Helge Ådneram til det som i år er ei vårframsyning.

Nye skodespedlarar: Mads Ryste (i midten) er glad han har fått med seg Ingvild Berge Conradsen og Bernhard Pedersen i årets revy, unge og lovande skodespelartalent. Foto: Roy-Arne Folkestad
Hovderevyen: Revygjengen øver intenst fram mot premieren på «Ute på prøve» 17. mars. Det er planlagt fire framsyningar. Frå venstre Foto: Roy-Arne Folkestad
Revy: Revygeneral Mads Ryste er framleis engasjert og svolten på revyarbeid. Foto: Roy-Arne Folkestad
Hovderevyen: Frå venstre Geir Helge Ådneram, Kirsten Ose, Lorentz Ose Flø, Arnfinn Skurtveit, Ingvild Aasen Flatnes og Bergljot Sandvik. Foto: Roy-Arne Folkestad