Camilia Jelti (26) frå Sæbø reiste den 3. desember på det som skulle vere eit opphald på ti dagar, men som vart eit opphald på to månader med frivillig arbeid for organisasjonen Dråpen i havet i ein flyktningleir på Øya Chios i Hellas.

Her har ho opplevd flyktningkrisa på nært hald, sett lagnadane, desperasjonen og motløysa tusenvis av menneske på flukt opplever.

– Eg arbeidde som frivillig vinteren og hausten for snart to år sidan i Oslo. Eg tok kontakt med Janne Britt Wille Ytterstad frå Sæbø, som er engasjert i organisasjonen Nattevaktene. Via dei var eg med på å hjelpe flyktningar som då kom til Oslo.

– Samanlikna med Janne Britt sitt engasjement, var ikkje mitt så stort. Eg arbeidde med sortering av donasjonar med «Refugees Welcome to Norway» og med mottaking av flyktningar og matutdeling saman med Janne Britt og «Nattevaktene».

Camilia viser til ein rapport frå Røde Kors om forholda som møtte flyktningane som skulle registrere seg i Oslo. Dei var ikkje gode. – Eg fekk nok av venting, nok av snakk.

Ho bestemte seg for å engasjere seg meir, og reise sørover i Europa for å hjelpe til.

– Eg oppdaga «Dråpen» då eg såg eit bileta av ein tidlegare kollega frå Bergen iført «dråpevest» på Facebook. Camilia fekk eit års permisjon frå arbeidet sitt.

Då ho kom fram i byrjinga av var det full vinter. Folk har kanskje sine førestillingar om dei greske øyane, med varme og fine strender. Då Camilia kom var det kaldt. Det var den strengaste vinteren på førti år.

Ho opplevde å kome til ein flyktningleir plassert omtrent midt i turistbyen. Folk budde i plasttelt. Det var ikkje tilgang til elektrisitet, varmt vatn, og i lange periodar ikkje vatn i det heile. Om natta kom rottene ut, og inn i telta.

Den greske innvandringsministeren uttalte seg slik 5. januar: «There are no refugees or migrants living in the cold anymore. We successfully completed the procedures for overwintering» .

– Dette er rein løgn, seier Camilia.

Nær Tyrkia

Øya Chios ligg berre åtte kilometer frå det tyrkiske fastlandet, og flyktningane kjem over i båtar.

Dei aller fleste som kjem, er syriske flyktningar, men det er folk frå svært mange nasjonalitetar som er på flukt, og som kjem til dei greske øyane. Chios er den øya som tek i mot flest flyktningar.

Då Camilia kom til Chios, og skulle i gang med arbeidet, handla det mykje om å organisere kvardagen sjølv.

– Eg såg at eg kunne gjere mest nytte for meg på lageret. Det kom inn mykje donasjonar, og det handla om å lage ein logistikk slik at fordelinga fungerte, fortel Camilia. I tillegg var ho med på å organisere leik og aktivitetar, og ho var med på matservering.

– Kvinner og barn hadde nokre tilbod om aktivitetar. Då vi nådde ny rekord kring jula på 42 dråpar (frivillige) organiserte vi forskjellige aktivitetar (joggegruppe, sjakk, fotball og ei «bibliotek»-ordning). Vi vart utestengde av leiren etter å ha organisert fotball. Ei hovudoppgåve var barneaktivitetar. Dette er (som alt anna) utandørs, og utan lokale til rådvelde måtte vi fleire gongar avlyse grunna veret.

– Vi var ei stund berre to norske frivillige, og i tillegg var det mellom anna tyskarar, portugisarar, spanjolar, tunisiarar, palestinarar, og ein kom jamvel heilt frå Malaysia, fortel Camilia.

– Det har ikkje alltid våre nok mat til alle som treng, donasjonane strøymde inn kring jula men det må hender og logistikk til for å distribuere til rundt 1000 menneske. I tida eg var der distribuerte Dråpen sko til alle, regntøy og hygieneartiklar – i tillegg til å hjelpe Flyktningehjelpen med alt av klede vi kunne gi til 200 barn og 160 kvinner. Alt er donasjonar, og der vi ikkje hadde nok, handla frivillige inn. Det er vanskeleg å ikkje opne si eiga lommebok når ein står i det og tida er knapp.

Då Camilia kom til Chios, fekk ho høyre at det var 3.000 i leirane, og om lag 1.200 i leiren ho var i. I løpet av dei månadene Camilia var der, vart talet redusert til 550.

– Styresmaktene på Chios ynskjer å få leirane lukka. Samstundes er det stengde grenser for flyktningane ut frå Hellas. Forholda på Chios er uverdige, fleire eg har møtt i leiren seier at dei ønskjer å heller reise «heim», og ta sjansane sine der enn og framleis å leve som dyr i leiren.

Håplaus situasjon

Sjølv budde ho på hotell. Det kunne vere kalde netter og dagar. Hotella er bygde for å halde «kulden» inne om sommaren, ikkje halde han ute om vinteren. – Men likevel, det eg opplevde av ubehag, er ingenting mot det dei som budde og bur i leiren har opplevd og opplever, seier Camilia.

– Når det er tilstandar som det er Chios, der lokalbefolkninga føler at byen deira er okkupert, er det ein perfekt situasjon for skape framandfrykt. Diverre har det vore stygge hendingar. Den 22. november var det fascistar som kom til leiren og tende på telta. I Aten har venner av meg sett at nynazistar har marsjert, fortel Camilia.

Likevel, det at ho skjønar at situasjonen er vanskeleg for dei fastbuande på Chios, gjer ikkje at ho misser tankane for flyktningane.

– Dei lever i ein håplaus og galen situasjon. Dei vert behandla som rotter der dei må bu i plasttelta, midt på vinteren. Husdyra våre i Noreg har det betre. Vi må hugse på at flyktningane lever i ein desperat situasjon. Det kan verte farleg, seier Camilia med ettertanke.

Som frivillig opplever ho at flyktningane har tillit til dei. Spesielt borna.

– Med det same du har på deg ein gul vest, kjem dei til deg. Hos oss veit dei at dei kan kjenne seg trygge. Samstundes vert du trist, for du ser at borna er traumatiserte. Ja, kanskje nokre er åtte år i fysisk alder, men alle påkjenningane etter åra på flukt, har gjort at utviklinga har stagnert. Dei har stengt verda ute.

Camilia ynskjer å reise tilbake til Chios. Nå måtte ho heim til Sæbø grunna ei gravferd. – Planen er å reise tilbake til Chios når eg får summa meg litt, og bearbeidd det eg har opplevd. Eg har hatt behov for ein pause.

– Eg er svært takksam for alle donasjonane eg og Dråpen i havet har fått. Mor mi, Ingvild Aambakk, gjekk ut på Facebook før jul, og bad om donasjonar, også for at vi som er frivillige kan betale for husrom og mat. Det kom inn mykje pengar som var til god hjelp, fortel ei takksam Camilia.

Engasjementet hennar kom etter at ho såg korleis vi i Noreg tok i mot dei som kom. – Eg opplevde det som uverdig og uansvarleg. Eg kunne sikkert ha funne fleire område eg kunne ha hjelpt til med i Oslo også, men for meg var det viktig å kunne medverke på Chios.

Kummerleg: Forholda for flyktningane er kummerlege. Foto: Privat. Foto: Privat
Frivillig: Camilia Jelti frå Sæbø har arbeidd som frivillig i flyktningarbeidet på Chios i Hellas. Foto: Rune Sæbønes
Frivillege: Camilia (t.h) saman med andre frivillige i «Dråpen». Foto: Privat. Foto: Privat
Gule vestar: Camilia i prat med flyktningar i leiren. Foto: Privat. Foto: Privat
Aktivitetar: Borna vert engasjerte, mellom anna med å teikne. Foto: Privat. Foto: Privat
Turristgata: Flyktningleiren er plassert i turistgata i Chios. Foto: Privat. Foto: Privat