I midten av førre veke kom vêromslaget frå regn til snø, og torsdag i vinterferieveka kunne Ørsta skisenter opne opp for kveldskøyring.

– Det er herleg å vere i gang. Vi har starta med snøproduksjon fire gonger, men vi har sett det renne vekk kvar periode. Så i år har vi kjempa litt med naturkreftene, seier dagleg leiar Frank Harald Velle ved Ørsta skisenter.

Familietrekket og hovudtrekket opp til stolpe sju har vore siste delen av vinterferien, og med påfyll av snø har forholda vore gode.

– Får vi tjue centimeter med snø til frå 500 høgdemeter og opp så kan vi opne på toppen. Så vi kryssar fingrane for at det kan kome litt snø framover.

Nokre av dei som naut søndag på Bondalseidet var Inge Lade og familien. Medan dei eldste borna var i bakken tok Inge og sonen Olav ein pust i bakken.

– Det er kjempeflott å vere her. Med sol, ski, snø og blide ungar kan det ikkje bli betre. Dette er rett og slett ei god avslutning på vinterferien, og vi er privilegerte som bur midt mellom fjella her på Sunnmøre, seier Lade.

I langrennsspora mot Åmskaret var Oddhild Kalvatn på tur med sonen Oddmund.

– Oddmund hadde lyst på skitur og så ser vi kor langt vi kjem oss.

– Er de ofte på Bondalseidet?

– Vi brukar å vere med på skirenna her på måndagane, og så prøver vi oss litt fram i skitrekket, seier Kalvatn.

Ørsta skisenter er glade for å kome skikkeleg i gang med årets sesong, men hadde gjerne sett at snøen var på plass førre helg.

– No har vi fått to dagar med fint vêr og godt besøk, men vi ligg litt etter økonomisk med den vinteren vi har hatt så langt. Heldigvis er påska sein i år, og dermed kan vi få ganske mange opningshelger i mars og april, seier Velle.

I dagane framover er det meldt nattefrost, og ikkje mange varmegradene på dagtid. Til helga skal det bli kaldare, og dermed ligg det til rette for fleire opningsdagar ved skisenteret.

– Det kan også bli skulekøyringar om meldingane slår til. I tillegg har vi fått i gang langrennsløypene til Åmskaret, og der er det fine forhold. No ventar vi berre litt snø til slik at vi kan få opne heile anlegget og ta i bruk den oppgraderte Nakkeløypa.

Familiehygge: Med resten av familien var i bakken tok Inge Lade og Olav Håskjold Lade seg ei pause ved familietrekket. – Med sol, ski, snø og blide ungar kan det ikkje bli betre, seier Lade. Foto: Joachim Åsebø
God utfart: Både og laurdag og søndag var det mange som la turen til Ørsta skisenter, og skisenteret vonar at det blir fleire gode opningshelger fram mot påske. Foto: Joachim Åsebø
Flyging: Paragliderane kosa seg også med godvêret søndag. Foto: Joachim Åsebø
Skitur: Oddhild Kalvatn og Oddmund Kalvatn Aklestad hadde leita fram langrennsskia søndag. Foto: Joachim Åsebø