Det var Benoni Mikalsen (skipper), Ragnvald S. Mårstøl (reiar) og Steinar J. Steinsvik som omkom. Dei to siste var frå Indre Dalsfjord, medan Benoni Mikalsen var busett i Volda.

Benoni Jørginius Mikalsen vart fødd på Marøya i Nærøy i Nord-Trøndelag i 1855, men kom same året til Ytre Kvarøya i Lurøy i Nordland, der han vaks opp. Han gifte seg i Ålesund i 1881 med Imbjør Johnsdotter Skalet (1853-1932) frå Bredebygden i Sel, og busette seg i Ålesund. I 1895 flytte Mikalsen med kone og tre born til bnr. 10 Sollida på Heltne i Volda, og som seinare har vorte kalla Mikalsenplassen.

Benoni Mikalsen var skipper av yrke og var i fleire år førar av ishavsskutene «William «Martin» og «Nevada». Det kan nemnast at skribenten Gunnar Heltne sin farfar, John S. Heltne (1895-1966) frå bnr. 11 Grønbakken på Heltne, var med «Nevada» på ishavet som 15-åring i 1910, med Benoni Mikalsen som skipper. Grønbakken, der også skribenten sin far vaks opp, var næraste nabo til Mikalsenplassen.

Frå 1916 til 1917 var Benoni Mikalsen skipper på skuta ”Stella Maris”, som var bygd som ein ”lystyacht” i Wivenhoe i England i 1878. ”Stella Maris”, som hadde ei lengd på 78,6 fot, var utstyrt med segl og ein 60 hk motor, og vart kjøpt til Norge frå London i 1911.

I 1916 kom «Stella Maris», som var sagt å vere ei svært så staseleg skute, til Hjørungavåg. Båten kom ikkje til å verte nytta som «lystyacht» for eigaren Olaf Toresen Nedrelid (1870-1942). Derimot vart «Stella Maris» nytta som losjiskip for anleggsarbeidarane då området til kollageret i Hjørungavåg skulle planerast. Seinare i 1916 vart «Stella Maris» selt til «Brørne Mårstøls tønnefabrikk» i Åmelfot i Dalsfjord. Olaf Toresen Nedrelid var reiar og skipper.

”Stella Maris”, som tyder ”havstjerna”, vart av tønnefabrikken nytta til å frakte råmaterialar til fabrikken, og til å føre ferdige tønner derifrå. Den vanlege mannskapsstorleiken om bord var tre mann. Skuta hadde ikkje rorhus.

Tysdag 27. februar 1917 kl. 1830 sigla ”Stella Maris” frå O. Nørve sin forretning i Ålesund med kurs for tønnefabrikken i Åmelfot, lasta med standard trelast og 5 tonn tønneband av jarn. Det var lettskya ver med god sikt då ”Stella Maris” om lag kl. 2015 sigla med 7 mils fart midt i skipsleia i Vartdalsfjorden, mellom Nøre og Søre Vartdal med stø kurs mot Yksnøy fyrlykt. Kl. 2030 vart «Stella Maris» pågått av det langt større nordgåande dampskipet ”Aagot” av Drammen. Då skulle skipa vere om lag ut for Søre Vartdal. Sjøforklaringa vart halden i Aalesund rådhus fredag 2. mars og laurdag 3. mars. Jf. referat frå sjøforklaringa i «Søndmørsposten».

I kollisjonsaugneblinken sto Knut H. Vassbakke til rors. Fire minutt tidlegare avløyste han skipper Benoni Mikalsen, som fram til då hadde stått ved roret. Under avløysinga sa Benoni Mikalsen: ”Eg ser lanternene av eit farty, men det er so langt til styrbord at du kan halde stø kurs mot fyrlykta”. Jf. referat frå sjøforklaringa.

Mikalsen skal visstnok også ha sagt, då han oppdaga det store dampskipet: ”Hald god avstand. Dei tek ikkje omsyn”! Skipper Mikalsen gjekk deretter ned i lugaren, via salongen, for å ta seg ei kaffipause. Kort tid etter avløysinga endra dampskipet ”Aagot” kursen til styrbord og kom så nær ”Stella Maris” at rormann Vassbakke tok hardt babord, vurdert til å vere einaste måte å unngå samanstøyt på.

Ein augneblink etter kolliderte dei. Attarste delen av ”Stella Maris”, der motoren var, gjekk til botnar straks, medan fremste delen var flytande i om lag eitt minutt. ”Aagot”, som sigla med 9 mils fart, trefte ”Stella Maris” på styrbord side, like bak mesanmasta. ”Stella Maris” signalerte ikkje forut for kollisjonen, og mannskapet der om bord høyrde heller ikkje noko signalering frå det andre skipet. Mannskapet om bord i «Aagot» hevda i sjøforklaringa at dei hadde signalert umiddelbart før kollisjonen.

Dei som var om bord i ”Stella Maris” denne dagen var, forutan dei tre omkomne: Maskinist Elias S. Mårstøl - bror av reiaren – og Knut H. Vassbakke. Dei kom, til liks med to av dei omkomne, frå Indre Dalsfjord.

I kollisjonsaugneblinken var Benoni Mikalsen forut i sin lugar medan Ragnvald Mårstøl, Steinar Steinsvik og Elias Mårstøl var på styrbord side i salongen, foran maskinromet.

Dei omkomne, Benoni Mikalsen (f. 1855), Ragnvald S. Mårstøl (f. 1891) og Steinar J. Steinsvik (f. 1895), vart aldri funne. Knut H. Vassbakke (1895-1946) og Elias S. Mårstøl (1897-1987) vart plukka opp av dampskipet ”Aagot”.

Elias Mårstøl, som oppheldt seg i salongen i kollisjonsaugneblinken, skal ha fortalt at han umiddelbart etter kollisjonen vart skylt opp gjennom nedgangen til salongen, og berga livet på det viset.

Då presten Johannes Barstad kom til Mikalsenplassen dagen etter ulukka, med dødsbodskapen, vart han møtt av Benoni si kone, Imbjør, som då skal ha sagt til han at han ikkje trengde å seie noko, fordi ho visste kva som hadde hend. I løpet av natta skulle ho nemleg ha hatt eit ”syn” der ho såg for seg Benoni i kvite klede. Ho skjøna at han var omkomen.

Mellom enkelte i Hjørungavåg vart det sagt at kollisjonsstaden skulle ha vore om lag ut for det dei kallar Søre Neset. Det lokale stadnamnet Søre Neset ligg om lag ein km aust for Korshamn i Hjørungavåg.

«Brørne Mårstøls tønnefabrikk», som hadde vorte etablert med nybygg i 1915, vart nedlagd i 1918, hovudsakeleg på grunn av den tragiske ulukka med «Stella Maris».

Tønnefabrikken hadde ein arbeidsstokk på opp til 40 mann. Dei fleste i arbeidsstokken høyrde til i dei næraste grendene, men mange kom og frå andre kantar. Tønnefabrikken låg på nordsida av elva Åmela, og vart etablert med kai. «Brørne Mårstøls tønnefabrikk» bygde ut dei gamle kvernfalla i Åmela og fekk til elektristetsverk, det første i distriktet.

Dampskipet «Aagot» var eit stykkgodsskip som vart bygd med namnet «Helen Otto» i South Shields i England i 1883. «Aagot», som hadde ei lengd på 249,4 fot og ein dampmaskin på 135 hk, vart kjøpt av «A.F. Borch & Sønner AS» i Drammen i 1916.

24. mars 1917, ein knapp månad etter ulukka i Vartdalsfjorden, forlot «Aagot» byen Ardrossan, like ved Glasgow på vestkysten av Skottland, etter bunkring, på tur frå Bergen til Genova i Italia med klippfisk. «Aagot» kom aldri fram til Genova og forsvann sporlaust med eit mannskap på 18.

av Gunnar Heltne

Stella Maris: Tre omkom då denne skuta vart nedrend i Vartdalsfjorden for 100 år sidan.
Omkom: Steinar Steinsvik
Omkom: Ragnvald Mårstøl
DS Aagot: Denne skuta køyrde på Stella Maris i Vartdalsfjorden. Seinare forsvann skuta sporlaust.