Dei har drive Gåvebua i 47 år. Til våren er det slutt for Ingrid (70) og Olav (74) Rebbestad.

Det var i 1970 at Olav starta Gåvebua AS saman med Ingrid. I dei fyrste ti åra heldt butikken til å lokala til Regnly i Kyrkjegata, paraplyfabrikken som foreldra til Olav, Sigvor og Norvald Rebbestad dreiv.

– Det gjekk fint å drive ein paraplyfabrikk, heilt til importparaplyane kom. Då var det sjølvslutta. Det vart dyrare med deler til paraplyane enn sjølve dei importerte paraplyane, fortel Olav.

Han fullførte handelsskulen i 1 Ålesund i 1970, og fekk då handelsbrev. Det var då eit krav for å starte forretning, og med handelsbrevet i handa, kunne han starte Gåvebua.

I 1980 flytta han og Ingrid forretninga til Vikegata, der Kopernæs hadde hatt forretning. Og i desse lokala har Gåvebua halde fram til heilt til no.

Og der håper Ingrid og Olav at Gåvebua skal halde fram i enno mange år.

– Vi ynskjer at her kjem nye drivarar, og som ser verdien av å ha denne typen butikk i den særmerkte gågata. Det vil ha mykje å seie for gågata at butikken held fram, seier Ingrid.

Gåvebua er ein institusjon i handelsmiljøet i Ørsta, og det er ikkje få gåver og artiklar som har vorte kjøpt på butikken gjennom åra.

– Nokre av varene, som parfymeartiklane, har gått mykje jamt heile året, men dei varene som vi kan kalle glasmagasinvarer, dei har vore mykje knytt til julehandel. Vanlegvis har vi vore ei til to på arbeid gjennom året, men fram mot jul har vi vore fire og fem. Då har det til tider vore hektisk, og vi har vore godt utslitne når julaftan har kome, fortel Olav.

Men det å drive si eiga verksemd, det har kravd tid. Sjølv om Ingrid og Olav ikkje angrar eit einaste sekund på at dei har drive butikk så lenge, vedgår dei at det har vore noko forsaking av ferie og fritid.

– Nokre år hadde vi eit fast påskeritual. Vi reiste på hytta på Grotli saman med familien laurdag før palmesøndag. Palmesøndag reiste vi til Ørsta, og var på butikken kvardagane i påskeveka. Skjærtorsdag reiste vi til Grotli igjen, og langfredag var det heim for å vere på butikken påskeaftan. Og så avslutta vi påskehelga på Grotli, fortel Ingrid med eit smil.

To butikkar

I seks og eit halvt år dreiv Ingrid og Olav to butikkar. Då Ørsta Amfi vart etablert, skipa dei to Ørsta Glasmagasin, og hadde forretning også der. For om lag fire år sidan valde dei å avvikle på Amfi for å konsentrere seg om sjølve Gåvebua.

– Vi er i ei næring der mykje har endra seg. Då vi starta kom her bilar med varer til faste utpakkingsstader. Mellom anna her i Ørsta. Vi var ein fast gjeng med tilsvarande butikkar som møtte opp då bilane kom. Seinare har det vorte meir vanleg med messer, og Ingrid og eg har vore på to faste messer i Oslo i året, fortel Olav.

Gåvebua har gjennom alle åra vore ein sjølvstendig butikk, og har ikkje vore tilknytt noko kjede. Det byrjar å verte uvanleg, men Ingrid og Olav har trivst med å vere sine eigne sjefar.

– Til tider har det vore travelt, men det er slik vi har likt at det skal vere, insisterer dei.

Nokre få år etter at dei flytta forretninga til Vikegata, kjøpte Ingrid og Olav også huset. Og for nokre år sidan valde dei å pusse opp den øvste etasjen, og flytta sjølve inn der.

Dei likar seg godt i gågata, og håper på mykje aktivitet.

– Vi har ikkje sett nokon bestemt dato på når vi skal slutte, og håper verkeleg her kjem på plass nye drivarar, seier Ingrid og Olav.