Japansk sushikunst har erobra verda. Sushi er sunt, seremoni og ei samlande form for etekultur. Sushi kan du ete tidleg og seint, og det gjer deg glad og lett til sinns. Sushi kan du ete aleine åleine eller saman med vener som eit sosialt matkonsept. Sushi er ein lettvint, spennande og ein kjekk syssel for hobbykokkar eller ein overordna religion for meistrar.

Mange trur at sushi betyr rå fisk, men det betyr eigentleg marinert ris. Medan vanleg middagsris er langkorna, er sushiris rundkorna. Hemmelegheita med sushi er at den er smakstilsett med ein lett syrleg marinade av sukker, salt og riseddik.

Maki er den runde biten med sjømat og noko anna godt i kjernen, rulla i ris med noritang rundt. Nigiri er den avlange risballen med eit stykke sjømat på toppen. Nori er dei tynne arka av tørka og pressa tang som du brukar rundt makirullane. Wasabi er den grøne kremen du serverer saman med sushi, og som du rører ut i soyasausen eller legg ei knapt synleg mengd på sushibiten. Ver varsam, wasabi er sterkare enn det meste du har smakt før!

Ein sushi-elskar skal ikkje bite eller dele sushien i to, ein bit er ein munnfull. Dersom ein ikkje handterer etepinnar, vask hendene og et med fingrane. Kniv og gaffel er rett og slett feil. Ein perfekt sushibit skal ha fin balanse mellom syre, sødme og aroma. Stryk derfor berre eit syltynt lag med wasabi på biten og dypp berre ein sjettedel av biten i soyasaus. Sylta ingefær serverast ofte saman med sushi, fordi den reinsar munnen mellom kvar sushibit. Dermed blir kvar sushibit mest mogleg smakfull. Heimelaga sushi er så godt fordi risen er fersk og saftig, og fordi du har laga meisterstykket sjølv!

Ingrediensar til 4 personar (10 – 16 bitar per person)

8 dl sushiris

1 ½ ss sukker

1 ts. salt

½ dl riseddik

Maki sushi

150 g reinska reker

½ agurk

½ mango

5 ark noritang

Nigiri sushi

200 g laksefilet, utan skinn og bein

wasabi

Tilbehøyr

soyasaus

sylta ingefær

wasabi

bambusmatte

Framgangsmåte

• Kok ris slik framgangsmåten i oppskrifta sushiris forklarar, eller følg anvising på pakken. Kle ei steikeplate med plastfolie, legg risen til avkjøling på plata med eit fuktig kjøkkenhandkle over medan du avkjøl risen.

• Rør sukker og salt i riseddik til alt er oppløyst.

• Ha eddikblandinga over risen når den er avkjølt og vend forsiktig inn. Risen må ikkje bli for fuktig, prøv deg derfor fram med litt om gongen.

Maki sushi

• Reinsk rekene og agurk og mango kuttast i om lag 1 cm. tjukke strimlar.

• Klipp vekk ein fjerdedel på langsida av kvart nori-ark.

• Bland vatn med litt riseddik, og fukt hendene lett slik at risen ikkje klebar.

• Legg eit nori-ark med den ruglete sida opp på bambusmatta, og fordel eit tynt lag ris utover arket. Unngå å legge ris langs den øvste kanten av nori-arket, ca. 3 cm

• Fordel reker, agurk og mango langs den nedste kanten av arket.

• Rull makirullen nesten heilt saman ved hjelp av bambusmatta. Fukt så den øvste kanten med litt vatn og rull heilt over.

• Skjer kvar rull i to, og så vidare i to og to til du har fått åtte bitar.

Nigiri sushi

• Skjer først eit jamt stykke av laksefileten, på skrå slik om ein skjer opp røykelaks. Skivene skal vere ca. 2–3 mm tjukke.

• Bland vatn med litt riseddik, og fukt hendene lett så risen ikkje klebar.

• Ta ca. 1 ss sushiris og form forsiktig med ei hand til ein avlang bit forma som eit riskorn.

• Stryk litt wasabi under ei skive laks og legg denne over risen. Klem forsiktig langs sidene og på toppen slik at fisken og risen fester seg til kvarandre.

Server sushibitane med soyasaus, wasabi og sylta ingefær.

Kari Ryslett

Kari Ryslett arbeider med Matkultur- og helse ved Høgskulen i Volda. Ho har brei erfaring gjennom yrke- og arbeidsliv med mat, helse og opplæring frå ulike perspektiv. I Møre Nytt vil ho dele sine beste sjømatoppskrifter med lesarane og ho håper dette kan vere til inspirasjon til å velje å ete meir fisk og sjømat både til kvardags og i helga. Foto: Privat