Nekken/Odinhjørnet

Området nedom kyrkja, der mellom anna Møre-Nytt har tilhald, vert kalla Nekken. Ein nekk er ein krok, eller elvekrok, der elva gjer store krokar. Det er fleire stader i Ørsta som ber dette namnet. Nekkji finst på Brungot, Engeset, Mo, Ryste, Velle, Øye og Åmbø, men best kjend er truleg Nekkji, eller Nekken, der Vikeelva og Skytjåa møtast. Tidlegare var dette staden der dalekarane sette frå seg hest og kjerre preikesøndagane (kjelde: Stadnamn i Ørsta av Asbjørn Øye, 1977).

«Valla-Nekkji ved kyrkja var eit trekanta stykke der Vikeelva og Skytjåa møtest. Det var nærast ein allmenning der ein sette frå seg kyrkje-kjerrene og batt øykene til kjerrehjulet og gav «øyksemat». Kyrkjesundagane sommarhalvåret var der oftast heilt fullt med øyker og kjerrer.» (M-N 21/8-76 Asbjørn Øye).

Det gule Odinhjørnet på Nekken var huset til Odin og Andrea Simonsen, bygd i 1924. I området låg der tre eldre bygningar med landhandel (rive 1965) og bedehus (rive 1969). I bedehuset var der i ein periode like etter 1900 både skule og kommunehus.

Svendsengarden

Tidlegare namn på garden var Vik, og det er nok difor ørstingane seier at dei skal «bort i Vik», «inn i Vik» eller «ned i Vik», alt etter kvar dei bur. Sentrum i Ørsta har alltid vore i Vik. Vik er truleg det eldste namnet i Ørsta, og har hatt fleire ulike skrivemåtar, frå Vigh, Vig, Wyk i 1555, Wigh i 1603, Wig i 1606, Viigh i 1617, og Wiig i 1723. I seinare tid vart Ørstavik brukt som namn på Ørsta sentrum.

Hallingdølen Webjørn Svendsen kjøpte garden Vik i 1805. Vikegarden strekte seg frå Vikeelva til Vinjevoll. Ofte har det vore slik at når nye folk kom til ein gammal gard, så tok dei namn etter garden. Svendsenfolket heldt på sitt familienamn. Etter kvart har også ørstingane teke til seg namnet, og seier no Svendsengarden. Svendsengarden, slik ørstingane kjenner huset i dag, vart bygd i 1867.

Henrikke Svendsen tok over garden i 1883. Ho var dotter til Webjørn Svendsen. I 1893 gifte ho seg med Johannes Melle. Folket på garden hadde frå då av etternamnet Melle. Mellegarden vart dermed det nye namnet på garden, og mange nyttar også dette namnet i dag.

Namnet på stiftinga Mellestiftelsen Svendsengarden forklarer dermed seg sjølv.

(Kjelde: Svendsengarden - tusenårsstaden i Ørsta, av Svein Ose, 2007, og Ørsta mellom fjord og fjell, ei reportasjebok av Lasse Torseth, 2006.)

Simahaugen

Tidlegare «Simåhaugen» har fått namnet sitt etter Simon Albrigtson Hovde (1822-1907) frå Ytre Hovden. Han var kjøpmann og gifte seg i 1851 med Anne Susanne Andersdotter (1832-1867). Dei fekk ni born saman. Etter Anne sin død, gifte Simon seg på nytt med Nille Ellingsdotter frå Follestad. Dei fekk tre born saman (kjelde: Ørstingar I).

Garden på Simahaugen var farsgarden til Steinar Pederson Velle. Han var gift med Ivar Aasen si syster, Olina. Dei bygsla garden på Simahaugen, men Simon Albrigtson Hovde fekk seinare kjøpe denne av eigaren, slik at Steinar måtte flytte (kjelde: Nynorsk kultursentrum).

Referat frå møte i gatenemnda i Ørsta, 30. mars 1978: «Parkvegen-Simåvegen. Nemnda tykkjer Simåvegen er eit godt namn, og den historiske tilknytinga til terrenget er at Simon Hovde budde i eit hus på Simåhaugen. Ein bryt vel med prinsippet om at berre landskjende personar skulle få namna sine knytte til gater og vegar. Men skrivemåten må vere Simå – som er kortform av Simon, elles blir det ei språkleg forvansking.»

Slik gjekk det som kjent ikkje, og vegen heiter i dag Parkvegen. I Møre-Nytt frå 16. februar 1978 skriv Ragnar Ørstavik frå Ørsta Mållag: «Uheldig namneframlegg: Parkvegen bør heite Simåvegen. Parkvegen er ei byherming».

Havtor Hovden-plassen

Området ved aviskiosken og Kunsthuset ved Amfi har namnet Havtor Hovden-plassen. Området fekk namnet sitt i juni 2004, etter vedtak i fagutval for oppvekst og kultur i Ørsta kommune. Havtor Hovden (1892-1983) var sentral i skipinga av komfyrfabrikken Grepa, og å føre han vidare. Fabrikklokala var lokalisert på tomta til kjøpesenteret Amfi. Havtor Hovden var eldste sonen til diktarpresten Anders Hovden. Farfar var Karl Rasmussen frå Ytre-Hovden. Sjølv var han fødd i Vanse i Farsund kommune, men han budde store delar av sitt vaksne liv i Ørsta.

I 1927/1928 kjøpte han konkursbuet etter Mjelvas Elektriske Ovnsfabrik på Veblungsnes, med pengar som han lånte frå morbroren Olaf Devold i Ålesund. I 1929 flytta han fabrikken til Ørsta der han etablerte eit personleg selskap som fekk namnet Grepa og Mjelva Fabrikker. Havtor Hovden var ein dyktig industrileiar, og han bygde opp fabrikken i Ørsta til å verte ei landskjend bedrift for produksjon av komfyrar som vart selde under merkenamnet «Grepa». Under det same namnet vart det også etter kvart produsert og marknadsført varmeomnar, barnevogner, dukkevogner og trø-bilar for barn (kjelde: Wikipedia).

Skrive i samarbeid med kulturrådgjevar i Ørsta kommune, Jostein O. Mo.