Verken Kari Ryslett eller Mari-Lene Korsnes var i tvil då Møre-Nytt spurde om dei ville vere med på «helgamat», den nye matspalta i laurdagsavisa.

– Eg har jobba med mat i alle år, og synest det er kjempekjekt å dele oppskrifter med folk. Eg føler nok at eg brenn inne med ein del gode oppskrifter, og då er det kjempekjekt å få eit slikt høve til å dele dei med folk i lokalsamfunnet, seier Kari. Mari-Lene følgjer opp:

– Det er dette eg likar å drive med, så det er klart eg måtte seie ja til å vere med. Eg håper å kunne inspirere folk til å finne fram grytene og sette i gang.

Lærar og student

Vi møter dei på kjøkenet i Kaarstad-huset på Høgskulen i Volda, der Kari er høgskulelektor i matkultur og helse og Mari-Lene er student.

– Studieprogrammet er samlingsbasert, og svært populært. Eg oppmodar alle som er interesserte til å søke opptak. seier Kari.

At ho er student, betyr likevel ikkje at Mari-Lene er ein fersking i faget.

Mari-Lene starta bloggen «Med hjerte for mat» for to år sidan, og har hatt suksess med denne.

– For meg var blogging ein fin måte å samle oppskriftene, og så er det sjølvsagt kjekt å kunne dele dei med andre, seier Mari-Lene.

Samarbeid

«Helgamat» er eit samarbeid mellom Møre-Nytt og Vikebladet Vestposten. Det er difor ein spaltist frå kvar av dekningsområda til avisene. Kari er ørsting, medan Mari-Lene er frå Hareid.

Medan Kari vil fokusere på fiskeoppskrifter i sine spaltar, vil Mari-Lene skape variasjon i spalta med andre ingrediensar.

Hovudtemaet for begge er sjølvsagt «helgamat».

– Eg grubla litt på kva eg skulle velje som tema, men det vart etter kvart openbert at eg måtte velje fisk. Eg skal dele mine beste rettar, og skal vise at fisk og sjømat kan vere utmerka mat i helga. Eg slår samtidig eit slag for å lage dobbel porsjon. Då har du ein ypparleg og rask middag uti veka. Restemat er verkeleg undervurdert, seier Kari.

– Eg vil variere meir i ingrediensane. Ønsket mitt er å skape matglede og inspirere folk til å finne fram forkledet. Det skal ikkje vere eit ork å lage mat, det skal vere kjekt! slår Mari-Lene Korsnes fast.