av Knut Hustad

I Møre-Nytt sitt julenummer fortalde Alfhild Hustad (94) om den dramatiske maidagen i 1945 då lensmann Martinus Riise vart skoten og drepen på Sæbø. Men dette var ikkje det einaste Alfhild og intervjuar Knut Hustad samtala om. Alfhild arbeidde under krigen på kontoret til Hjørundfjord forsyningsnemnd. Kontoret låg i Kaihuset på Sæbø, og lokala eksisterer såleis enno. Det var der Alfhild og intervjuaren møttest.

Her fylgjer andre del av intervjuet.

Eg ventar på Alfhild Hustad (f. Myrhol) i andre etasje på Kaihuset. Ho kjem saman med sonen Bjørn, og straks ho er oppe, handhelsar vi. – Kjenner du meg att, spør eg, - eg har nok fått nesten kvitt hår og i alle fall grått skjegg sidan sist vi snakka med kvarandre?

– Sjølvsagt kjenner eg deg att, men du er slett ikkje fin i det skjegget, svarar Alfhild og smiler godt. Eg tenkjer at skal få ei fin stund i lag.

Rasjonering

Tidleg under krigen vart det mangel på matvarer. Det vart innført rasjonering etter eit sinnrikt system. For å kunne handle viktige varer som sukker og mjøl, måtte forbrukarane ha rasjoneringskort. Det var Alfhild som delte ut desse og heldt greie på kor mykje varer kvar enkelt kunne få kjøpe. Det var og forsyningsnemnda som rekna ut kor mykje varer kvar butikk skulle få tilvist for månaden. Dette vart gjort etter innkomne rapportar frå handelsmennene om lagerstatus.

Når handelsmennene selde varer, måtte dei ha eit system som viste kor mykje dei hadde selt, dei måtte klippe kort. Ved månadens utløp måtte så kvar handelsmann telje opp varene dei hadde att på lager, og dette volumet, minus eventuelt svinn, måtte stemme overeins med det som klippekorta synte. Handelsmennene måtte altså levere rapport om varelageret sitt til forsyningsnemnda, og nemnda leverte rapportar kvar månad til Molde

Det var også rasjonering på kjøpefôret til husdyra. Når gardbrukarane t.d. skulle ha kraftfôr til kyrne, måtte dei fyrst innom forsyningsnemnda for å få ei tilvising. Dei fekk kjøpe slikt fôr alt etter kor mange dyr dei hadde.

Eige lager

Hjørundfjord forsyningsnemnd hadde ansvaret for alle butikkane i Hjørundfjorden. Der var butikkar både i Bondalen, på Bjørke, på Viddal, på Urke, på Øye, på Trandal, på Store Standal og på Ytre Standal. No hadde også, i alle fall tidvis, forsyningsnemnda eit eige lager av matmjøl. Det var plassert på det då stort sett uinnreidde loftet på kaihuset.

Hjørundfjord forsyningsnemnd var lagd direkte under hovudkontoret i Molde, og med jamne mellomrom sende hovudkontoret ut inspektørar som kontrollerte at alt gjekk rett føre seg. Det vart også teke stikkontrollar av tyskarane.

Alfhild fortel at skrivemaskina vart brukt flittig desse åra. Det vart svært mykje brevskriving. Det var også ho som skreiv brev til gardbrukarane der ho opplyste om kor mykje ved, kor mykje korn, kor mykje høy og kor mange kilo poteter dei måtte levere til den tyske okkupasjonsmakta. Men det skal tyskarane ha, legg ho til:

– Dei var sikre betalarar, og dei betalte kontant!

Alfhild minnest at rasjoneringskortordninga i grunnen fungerte godt, men diverre var det altfor ofte slik at folk ikkje fekk t.d. sukker sjølv om dei hadde eit rasjoneringskort for akkurat det. Det hjelpte lite med rasjoneringskort om ikkje handelsmennene hadde vara på lager.

Kontoret til Hjørundfjord forsyningsnemnd vart ikkje lagt ned før i 1949.

Fjelltur

Under krigen var det mange ungdommar og mange unge vaksne i Hjørundfjorden. Det var komplisert å reise langt, ein måtte gjerne ha pass berre for å reise frå ein kommune til ein annan. Og kvar skulle ein eventuelt reise? Og kvifor? Nei, for dei aller fleste var det best å halde seg heime. Om det ikkje var råd å få seg utdanning, så kunne ein kanskje få seg eit arbeid. Og så var venene der, ikkje minst.

Alfhild hugsar ikkje lenger når, men ein dag mot slutten av krigen (journ. mrk.: Truleg rundt påsketider 1945) bestemte ein vennegjeng på Sæbø seg for at dei ville ta seg ein skitur til den 1542 m høge Skårasalen. Mellom dei var Alfhild og Andreas Hustad. Dei to hadde elles teke til å få eit godt auge til kvarandre.

Alfhild og Andreas skulle sykle fram til Kvistad og så gå vidare på ski derifrå. Men det vart eit problem for Alfhild – ho greidde ikkje å sykle med ski festa til sykkelen. Ho vert nærast litt brydd når ho fortel om akkurat det.

– Hadde ein herresykkel, vart skiene festa langs stanga. Hadde ein damesykkel, vart skiene festa til sete og styre. Då vart det nærast slik at skiene fungerte som ei stang på ein herresykkel.

Alfhild fortel at ho ikkje greidde å svinge foten over setet. Det fungerte heller ikkje på nokon annan måte, ho berre datt same kva. Ho gav opp og reiste heim, men sa til Andreas at han måtte ta skituren om ikkje ho vart med.

Dalegubben

– Men eg hadde nok lyst på ein skitur likevel. For då eg kom heim, spurde eg Alfred Strandabø om han ikkje kunne vere med meg på ski opp Skondalen til Dalegubben.

Strandabø sa ja, men Alfhild hugsar ikkje kvifor målet vart akkurat Dalegubben.

– No må du vente litt, Alfhild, seier eg. – Du var sikkert ei vel så flott dame den gongen som no og sa du ikkje nettopp at du hadde fått eit godt auge til Andreas og så ber du … ?

– Pøh, kjem det kontant frå Alfhild. No vert ho nesten arg. – Alfred Strandabø var no langt eldre enn mine 22 år. Han var heilt sikkert over dei tretti, og så budde han i same huset som eg. Nei, Alfred hadde ikkje kjangs, legg Alfhild til med eit smil.

Andreas hadde visst ikkje noko å frykte og nærast for å understreke det poenget fortel Alfhild at Andreas og ho etter kvart fekk 62 gode år i lag.

Luftangrep

Alfhild og Alfred Strandabø gjekk oppover den lange Skondalen. Sjølvsagt brukte dei treski, og dei hadde slett ikkje fellar der dei gjekk oppover, truleg i slutten av mars . Til slutt nådde dei skaret rett under toppen der den fantastiske utsikta opnar seg i nesten alle retningar.

– Men vi gjekk ikkje dei siste metrane til topps, understrekar Alfhild. – Dei siste bratte metrane mot toppen ligg mot nord og der var det isande hardt.

Medan dei stod der oppe i skaret, vart dei merksame på to, tre, kanskje fire krigsfly som kom inn Hjørundfjorden. Flya var ikkje så mykje høgare oppe enn dei sjølve var. Flya passerte og svinga så inn Norangsfjorden. Alfhild og Olav forstod kva ærend flya var ute i. Inst i fjorden låg der eit par-tre tyske skip som sikkert gøymde seg for nettopp allierte krigsflyfly.

Kanskje var det minna om det store flyslaget over Norangsfjorden og Hjørundfjorden berre kort tid tidlegare som gjorde utslaget, men dei to skjøna raskt at dei burde kome seg i skjul. Dei fann ein hellar som dei kraup inn under, og dei høyrde straks at krigsflya slapp bomber. Ikkje lenge etter kom flya same vegen ut att.

Seinare fekk Alfhild vite at ingen av flybombene trefte målet sitt. Alle bombene landa visstnok i sjøen. Alfhild hugsar ikkje så mykje av nedfarten frå skaret, men ho vil tru at dei rende ned det raskaste dei kunne.

Fred

Tysdag 8. mai, fredsdagen, hugsar Alfhild Hustad godt. Som vanleg var ho på jobb, men då ordførar Ole Skylstad kom til henne og sa at ho kunne gå heim og be faren flagge for no var freden komen, ja, då var ikkje Alfhild sein i vendinga.