Ørsta har så vidt vakna til liv når Scaniaen med den spegelblanke tanken bakpå svingar ut frå meieriet. Klokka er litt over sju om morgonen, og målet er Skjåstaddalen ved Bjørke.

– Det var jo synd at det ikkje var noko skikkeleg vêr når du skal vere med meg, seier Frode Vatne frå sjåførstolen på mjølkebilen. Ute er det over 10 grader og lett regn.

Det luktar nytt inne i hytta på Scaniaen. Kanskje ikkje så rart. Han vart levert til Ørsta fredagen før, og har ein V8-motor med 540 hestekrefter.

– Den gamle hadde 440 hestekrefter. Eg merkar godt den ekstra krafta, særleg når eg køyrer med hengar.

Frode Vatne har vore sjåfør i Tine sidan 2008. Før det jobba han i produksjonen på meieriet i Ørsta. Han er ein av fleire sjåførar som har basen sin ved Ørsta-meieriet. Dei hentar mjølk over heile Søre Sunnmøre, til og med heilt ut på Stadlandet.

Lang rute

Denne tysdagen går ruta til Skjåstaddalen, Austefjorden og Hjartåbygda. Deretter blir mjølka pumpa over på hengaren, før Frode dreg til Follestaddalen for å tømme mjølketankane på gardane der.

– Mjølka vi hentar blir levert til tre forskjellige meieri: Ørsta, Byrkjelo og Ålesund, forklarer Frode.

Det er ei mjølkerute i ordets rette forstand vi er ute på i dag. Sjølv om mange har vorte lagde ned dei siste åra, er det framleis tett mellom gardane i Skjåstaddalen. Fleire stader svingar vi berre over til naboen før det er tid for å drage ut mjølkeslangen igjen.

– Men det var noko anna før mi tid. Då var det mange fleire bruk, men nokre leverte jo berre nokre få liter mjølk kvar gong.

Smal bru

Mjølkebilane tek seg fram der knapt nokon anna tungtransport køyrer. Berre ein og anna kraftfôrbil og bosbil.

– No skal vi over det eg trur må vere Nord-Europas smalaste bru, seier Frode, og opnar døra for å sikte seg inn på brua.

Det er berre så vidt doningen kjem seg innanfor kantsteinane og over brua til den første garden på dagens rute.

Litt seinare på dag skal vi rundt ein krapp hårnålssving før vi tek til på ein bratt og smal grusbakke.

– Her kjem sjølvsagt bosbilen mot. Det var dårleg timing. Då er det berre å vente.

Frode er likevel nøgd så lenge det er tolv grader og regn og ikkje to grader og snø.

– Her kan det vere heilt umogleg om vinteren. Men eg har faktisk kome meg opp kvar gong. Mjølka har alltid vorte henta.

Ferskvare

Mjølk er ferskvare, og må hentast kvar tredje dag. Viss ikkje blir ho kasta.

– Vi klarer stort sett alltid å få henta henne i tide. Det kan vere vanskeleg når det går ras og vegar blir stengde, men det er sjeldan det er så gale at vi ikkje får mjølka til meieriet tidsnok.

Mjølkebilsjåførane til Tine er eit viktig bidrag til å halde liv i mange bygder. Det ville ikkje vore mogleg å drive mjølkeproduksjon mange stader dersom Tine ikkje hadde henteplikt.

– Det blir færre og færre gardar, men dei som er att blir større og større. Difor hentar vi like mykje mjølk som tidlegare, men har færre stopp. Eg meiner det er viktig å halde dyrkamarka oppe. Vi må bevare kulturlandskapet, og kan ikkje la heile distrikts-Noreg gro att, seier Frode.

Møre-Nytt hoppar av når mjølkebilen kjem tilbake til Ørsta. Dagen til Frode er ikkje over før han har ført vogntoget til Byrkjelo og tilbake for å tømme tankane.

Då er nok eit dagsverk lagt ned for landbruket i Ørsta og Volda.