av Tore Holte Follestad

«Du Anne, eg må snakke med deg!» TenSing skal til Tyskland på sommartur, bussen er på veg opp Romsdalen, og Anne og eg sit samankrøkte bakarst i bussen og skal ha den alvorlege samtalen om livet, igjen. Pulsen stig, hjartet slår så det mest sprett ut av bringa, endeleg skal eg fortelje nokon om kva det er eg har gått og halde inne med så lenge. «Så bra, Tore, eg må snakke med deg òg. Eg lurer på om eg er gravid, kva skal eg gjere? Er det mogleg!»

Det blei ikkje den dagen eg kom ut av det berømmelege skapet, men det blei Anne som tok imot meg nokre år seinare.

Åttitalet var tiåret eg blei ungdom. Håret var høgt, skulderputene breie og på ½ 7 snakka dei om kjærleiken. Alltid var det kjærleik. Eg sat i stova på Torehaugen og tenkte hardt og bestemt på å skulle bli forelska i nokon. Problemet var at det ikkje var mogleg å bli forelska i jentene rundt meg. Det var ikkje jentene det var noko gale med, det var meg. Kvifor kunne eg ikkje bli forelska? Først år seinare forstod eg at eg hadde vore forelska, mange gonger.

Torehaugen

På Torehaugen var det fint å vekse opp. Med fire generasjonar på garden var ein aldri åleine. Foreldra mine var medlemmer av bokklubben, og kvar månad kom det ei ny bok i postkassa. Far snakka ikkje i utrengsmål, men las seg gjennom alle bøkene som kom, utan unntak.

Eg var mykje sjuk som barn og lærte meg tidleg å underhalde meg sjølv. Bøkene vart både underhaldning og ein vegvisar ut i verda - det var andre der ute som var annleis, tenkte annleis og levde liva sine annleis enn i Follestaddalen.

Det vart ikkje snakka så mykje om dei store spørsmåla. Eg hugsar godt den eine gongen foreldra mine prøvde. Fjernsynet viste Trond Viggo og «Kroppen», episoden om korleis barn blir til. Foreldra mine var alltid i fjøsen når programmet gjekk på NRK, men denne eine kvelden blei dei sitjande i sofaen. Eg tenkte ikkje noko over det, og Trond Viggo sprang rundt på skjermen med sædcellene sine.

Etter programmet blei det stille, far hosta litt og mor lurte på om eg hadde spørsmål til det eg hadde sett? Eg svarte raskt nei og kom meg fort ut av stova. Umåteleg pinleg.

Bøkene

Den neste gongen mor var innom temaet, var då eg oppdaga Gerd Brantenberg i bokhylla. Ho hadde nett skrive «Sangen om St Croix»; om oppveksten hennar i Fredrikstad. Mor ville ikkje at eg skulle lese den boka; «det er no så mange andre bøker du heller kan lese!» Då freista boka endå meir.

Det var ikkje vanskeleg å kjenne seg igjen; hovudpersonen i boka var jente, eg var gut, men begge kjende vi at noko var annleis. Å kjenne seg igjen i korleis eit anna menneske, ein heilt annan stad i landet hadde det, gjorde godt.

Sjølv om det var trygt og fint å vekse opp i Follestaddalen, var det noko utfordrande å ha eit sosialt liv. Etter at gymnasbussen hadde køyrt runden sin, var det å sykle eller gå fram på dalen eller ned att til Ørsta. Etter skuletid vart eg difor ofte sitjande på biblioteket i Ørsta, medan eg venta på at TenSing, møte i KrFU eller andre aktivitetar skulle byrje.

Det var ein god måte å bruke tida på. Som oftast var det ingen på lesesalen, og eg kunne gjere leksene mine i ro og fred. Kom det nokon, trekte eg meg inn på ei av studiecellene og fekk vere heilt i fred.

Biblioteket

På gymnaset møtte eg eit menneske som opna augo mine for ei verd der ute: Anne Marie Rekdal, austlending og norsklærar, nådelaust ærleg og fullstendig desillusjonert formidlar av Henrik Ibsen. Ho oppmoda oss til å utforske tekstdelen av norskpensumet og til å leite oss fram til vår eigen litteratur. Til alt overmål var det ein kategori bakarst i tekstsamlinga som hadde overskrifta «Homofili».

Til å byrje med klarte eg ikkje eingong å lese titlane og bladde meg fort vidare i tilfelle nokon kunne kome til å sjå at eg var interessert i slikt. Etter ei stund skreiv eg av titlane og tok lappen med meg til biblioteket i Ørsta. Då oppstod neste problem, korleis i all verda skulle eg finne desse bøkene i hyllene? Bøkene står jo ikkje alfabetisk? Og ikkje kunne eg spørje om hjelp, då ville dei jo forstå at eg var slik?

Aldri har det vel vorte lånt så mange bøker på biblioteket i Ørsta med homofili som tema, men låna vart aldri registrerte. Eg gjekk bort til hylleseksjonen med dei små papirkorta og leitte meg fram til dei ulike titlane, gjekk bort i hyllene og fann bøkene. Bøkene blei med meg inn på lesesalen og inn på studiecella om det kom nokon. Vart eg fengsla av ei bok, sklei ho ned i sekken og blei med meg fram på dalen att.

Etter å ha lese ut boka, blei ho med meg attende til biblioteket og sett på plassen sin att. Dette heldt eg på med i eit par år utan å verte oppdaga. Vel, eg trur eg ikkje vart oppdaga, men eg torde aldri å sjå bort dit dei tilsette sat.

Åttitalet

På denne måten oppdaga eg Gudmund Vindland sin fantastiske oppvekstroman. «Villskudd» handlar om korleis Yngve finn ut av kven han er; homofil i Oslo. Boka gjorde stort inntrykk, og eg har lese ho mange gonger. Då, i gymnastida, vart ho særs viktig for meg. Det var andre som hadde det som eg, som var unge og som på godt og vondt fekk til liva sina. Det var berre eitt problem: Dei budde i Oslo og ikkje i Ørsta.

Åttitalet var òg tiåret hiv og aids kom til landet. Dei få gongene eg såg noko om homofile i aviser eller på Dagsrevyen, var det i samband med «pesten» som snart ville ramme alle som var som eg. Rock Hudson kyste Krystle i Dynastiet og sette henne i livsfare. Skulle det vere slik? Var det slik å vere homofil - ville eg døy? Ville det ikkje vere mogleg for meg å finne nokon å leve med?

Anne Marie Rekdal var òg rådgjevar på gymnaset. Eg gjekk ofte til rådgjevar og vona det var ho som hadde tid til å snakke med meg. Kvar gong eg sat på stolen utanfor kontoret hennar, tenkte eg at i dag skal eg klare å seie det til henne, ho vil forstå. Men, når eg sat i stolen rett framfor henne, vart det for vanskeleg. Orda sat faste i halsen, og eg byrja heller å snakke om val av studiefag og kva eg skulle finne på etter gymnaset.

Eg visste eg måtte kome meg til Oslo, der var dei, dei homofile!

Sleppe unna

I gymnastida engasjerte eg meg i mykje; TenSing, KFUK/KFUM, KrFU, kristne skulelag. Hadde eg mykje å halde på med, kunne eg sleppe unna tankane mine. Engasjementa mine i ulike lag og organisasjonar gjorde det òg mogleg å reise - til Oslo.

Eg torde aldri ta kontakt med nokon, korkje enkeltpersonar eller organisasjonar, men eg hadde gjort forarbeidet mitt og visste dei eksisterte.

Det gjorde eit sterkt inntrykk på meg berre å passere Metropol, DnF-48 sin treffstad i Oslo. Der inne var det fleire som meg, kun som meg, men eg kunne ikkje sjå for meg at det skulle vere mogleg å gå inn dit. Kva om nokon såg meg? Kjende meg att? Og kva i all verda skulle eg snakke om?

«Herleg frelst»

Som alle andre på den tida, valde eg å konfirmere meg. Vel, val og val, det var noko ein berre gjorde. Festen og gåvene der framme i mai månad var vel verd nokre onsdagskveldar i kyrkjekjellaren.

Gruppeleiaren min, Aslaug Marit Øyehaug, fekk ein stri tørn med ein opposisjonell fritenkjar frå Follestaddalen. Diskusjonane i gruppa var høglytte, men ho visste kva ho gjorde. Eg blei herleg frelst i løpet av konfirmasjonstida og følte at no var det meste på plass i livet mitt.

TenSing var eit fantastisk godt prosjekt. Vi unge fekk utfalde oss og prøve oss i ulike roller. Åge Johnsen sleit ut stemmebanda sine i forsøket på å nå gjennom til over 100 unge i den verste puberteten. Det var ungdom i alle roller, vi løyste utfordringar, og vi blei forelska.

Forelska

Eg blei òg forelska, men gjorde mitt beste for å undertrykkje det. Eg blei heller saman med jenter. Som kristen homo var det ikkje så vanskeleg. Når du er mot sex før ekteskapet, klarer ein å unngå vanskelege konfrontasjonar, og eg kunne heller vere kjærasten som eigentleg var den ekstra gode venen.

I ettertid kjenner eg på dårleg samvit. Eg skulle late vere å involvere meg i desse jentene. Dei trudde at det var kjærleik, eg visste at det ikkje var kjærleik, men eg forstod ikkje at eg hadde eit val om noko anna.

Førarkort

Eg blei 18, fekk førarkort og bil; gull metallic Ford Granada som eg døypte «Angst». Eg var ingen god bilførar, to gonger hamna eg i grøfta, og den andre gongen klarte ikkje far å redde «Angst», og den vart gjord om til spikar. Bilen gjorde meg fri. Eg kunne køyre der eg ville, når eg ville.

Tida på biblioteket var forbi, no trong eg ikkje lenger sitje der medan eg venta på at ulike aktivitetar skulle starte. Granadaen fekk òg ei anna viktig oppgåve; lagerplass for noko av det eg ikkje var så stolt av.

I desperasjon etter å finne noko som kunne spegle meg sjølv på ein annan måte enn det biblioteket kunne tilby, hadde eg ringt til Oslo og bestilt porno på postordre. Homoporno. Sex mellom menn. Utruleg befriande, men samstundes kjende eg meg full av skam.

Konvolutten vart frakta frå guteromet til Granadaen kvar dag, men ein dag gløymde eg det sjølvsagt. Det var den dagen Granadaen ikkje ville starte. Eg slutta tidleg på gymnaset og tok bussen til Hovdebygda. Gjekk bort til Frisør Anne og tok ein time solarium. Det måtte til for å oppretthalde stilen med solbleika oppklipt hår og altfor brun hud.

Etter timen, gjekk eg til Ørsta. Det var den fyrste klare, friske og kalde haustdagen. Blå himmel, klar sol, og lufta var så klar at du kjende det langt ned i lungene. På gangvegen forbi Rystefeltet slo det meg: Mor luftar sengtøy! Sjølvsagt gjer ho det på ein slik fin dag!

Eg kjende uroa kome og grudde meg til det som venta. Då eg kom heim, sat mor i sofaen i stova med eit stramt drag over munnen. «Er det noko du vil fortelje meg?», spurde ho. «Har du skifta på senga?», spurde eg. «Ja, og det svineriet må du kaste!», svarte ho. «Eg er berre usikker, eg trur det berre er ein fase … »

Stolt mor

Mor endra haldningane sine til homofili raskt. Ho gjekk til dømes rundt i Ørsta med ein stor button: «Bekjemp aids, ikke mennesker med aids.» Ho engasjerte seg etter kvart i foreldregruppa til Åpen kirkegruppe for lesbiske og homofile og vart kontakta av fleire foreldre som ikkje syntest det var enkelt å ha homofile born. Ho skamma seg ikkje over meg, men var stolt og fortalde like mykje om mitt liv som ho gjorde om bror min.

Kjenslene utan ord. Kjenslene som har vore gøymde og haldne unna. Kjenslene som aldri vart skildra på ein måte som gav ein von og ikkje skam. Denne hausten har serien Skam gått på NRK. Kor fantastisk må det ikkje vere å kunne vere sytten, sjå på Isak og korleis han finn ut av seg sjølv? Og at Jonas og venene hans ikkje synest dette er noko problem?

Det indre dramaet som spelte seg ut då eg prøvde å fortelje Anne at eg er homofil var mitt drama og ikkje Anne sitt. Då eg endeleg fekk sagt det, var det nesten skuffande å registrere Anne sin reaksjon. For henne var ikkje dette noko farleg eller skremmande. For henne endra ikkje dette nokon ting.

Kjærleiken

På åttitalet var det ingenting som likna på Skam, ikkje internett, og andre homofile fanst ikkje i Ørsta - dei var i Oslo. Eg kan enno kjenne på skamma eg hadde då og redsla over å skuffe mor, far og annan familie. Den einaste måten å overleve på, var å kome seg bort og unna.

Korleis hadde det vore om eg hadde vakse opp i Follestaddalen i dag? Hadde eg kunna vore sytten og fått meg ein kjærast? Hadde eg kunna flytte attende til Ørsta etter utdanning? Eg vel å tru det. Ørsta-samfunnet utviklar seg og tek imot impulsar både frå innflyttarar og frå verda elles. Unge og vaksne ser på Skam, møter menneske og let seg endre.

For min eigen del er eg takksam for korleis familie og slekt tok imot ektemannen min, Morten. Eg vart og er enno rørt over korleis vi vert møtte når vi er på besøk. Sjølv om det enno er familie og tidlegare vener som ikkje vil helse, så synest eg heller synd på dei i staden for å bli lei meg.

Det finst ikkje noko gale i kjærleiken.At eg elskar Morten skadar ingen. Verda treng meir kjærleik!