av Ivar Myklebust Longvastøl

- Du veit, du fekk føling med kor seigt og kraftig kjøt kan vere. Det var ypparleg. Du lærte deg å sy og knyte, fortel Jarl K. Vartdal (1928-2010). Og han lærte førstehjelp. Då sonen Jetmund hadde bronkitt og vart heilt utan pust, heldt Jarl liv i han med munn til munn-innblåsing frå Vartdal og heilt til sjukehuset i Volda. Det berga livet til guten.

Men basisopplæringa dei fekk i medisinsk kunnskap på styrmannsskulen verka både rar og uvand for den då 22 år gamle vartdalingen som drøymde om digre sildekast og torskeliner med fisk på kvar krok.

Etter kvart lærte likevel den framtidige storskipperen seg å like også denne oppgåva, og han skulle sanneleg få bruk for det han lærte.

Hardhaus

Eg gjorde eit lengre intervju med onkel Jarl fem år før han døydde. Han var ein hardhaus på sjøen. Direkte og frisk i kjeften, og med eit vokabular som fekk dei andre skipperane til å stogge og lytte, og finstille radiomottakaren for å høyre på kva han Jarl no hadde føre seg. Han dreiv i 47 år på dei røffaste felta i Nord-Atlanteren, med ansvar for 20 mann og krav frå reiaren om å fylle båten.

Eg besøkte han fleire gonger dei siste åra han levde, og det slo meg for ei vennleg ro som prega han, til liks med dei andre fiskarane og skipperane på Vartdal. Jobben var gjort, no ville dei ha fred og ro heime, saman med sine kjære.

Jarl var gift med Ingunn f. Myklebust, søster til mor mi. Dei fekk fire born, Karl Johan, Pauline, Svanhild og Jetmund. Onkel Jarl var av fiskarslekt på begge sider. Faren Karl J. Vartdal (1900-1964) var ein av Vartdal-brørne som var så sentrale i utviklinga av havfiskebygda Vartdal. Det er første gong eg publiserer noko frå intervjuet i 2005, der Jarl fortel om ei side av fiskarlivet mange truleg ikkje kjenner til.

Såre fingrar og låke svollar

Det var på styrmannsskulen i Ålesund 1950-51, skulen tok berre eitt år den gongen, at den komande skipperen lærte å sy. Dokter Fritz Caspersen underviste, og ein dag kom han med eit stykke ferskt kjøt frå slakteriet. Elevane fekk utdelt nål og tråd og beskjed om å sy i kalveskrotten. Det var ikkje tilfeldig at delar av medisinfaget stod på timeplanen. På dei lange grønlandsturane måtte han vise kva han dugde til, ikkje minst når fiskarane kom til skipperen med sårfingrar og låke svollar.

Jarl fortel:

- Det var med det same vi hadde begynt på ein grønlandstur, så kom det ein kar med ein allmektige svoll på halebeinet. Du visste ikkje kva du skulle gjere, men å gå til lands, det blei no ikkje, og du trykte på, og det kom materie frå eit hol som var så stort at du kunne køyre tommeltotten opp i. Så fekk du ut av og vaska reint og køyrde i han penicillin. Men han kom seg til igjen, og søren meg grodde det til igjen, men han skulle no ikkje ha reist på tur, han, for han hadde no hatt det allereie før han reiste.

Rikeleg med penicillin

- Var der legehjelp i Færinghavn på Vest-Grønland?

- Ja, der var no eit sjukehus også, i ytre Færinghavn, ute i fjordkjeften.

- Men terskelen for å avbryte fisket og reise til land, den var høg?

- Ja, den var i grunnen det. Var det noko alvorleg, så måtte du gå til lands. Men du hadde tilgang på penicillin, og så køyrde du i dei penicillin. Du fekk nok med penicillin, og det brukte du. Det gjekk vel nokre sulfatablettar også, så du var bra utstyrt med det før du gjekk på tur, fortel Jarl.

«Du vart no litt kry»

- Det var ein som fekk ein vaier opp i ansiktet?

- Ja, det var på silda ved Shetland, han Kjell Groven frå Bjugn eller der oppe. Han var assistent i maskina, det var på Kirkholmen nummer 2 som seinare forliste ut for Haugesund. Oss hadde begynt å snurpe. Vaieren gjekk frå bakarste blokka og fram på daviten og så inn på tromlane. Så kom assistenten fram på dekk, og oss heldt på å snurpe og kika ut for rekkja, så hadde vaieren hekta seg inn under ein bolt eller noko, og så glapp vaieren og trefte han under haka. Mannen fauk i ein boge fram på dekk. Du kan skjøne … , men han reiste seg opp og for attover dekk.

Då mannen frå Bjugn kom fram att, hadde han balla ein stor handduk rundt såret. Så Kirkholmen kunne berge kastet.

Men når oss fekk kastet på sida, så kunne eg gå og sjå på mannen, og då var det skore over heile, under haka. Du såg i beina, og kanskje i tunga også, men beinet heldt. Du veit, det var beste plassen han kunne treffe. Hadde vaieren treft nasa eller strupen, så kunne det gått mykje verre. No var no gode råd dyre, vi kunne gå til lands, men ”om ikkje eg kunne sy?”.

Det var litt dårleg med reinsevæske i medisinkista, men det lykkast å finne ei flaske med 96 % sprit ...

– Eg vaska med seksognitti, og han la seg på messebordet. Men han måtte ha seg ein skarp ein før eg byrja å sy, av same flaska, og han tok seg to-tre slurkar, og han blinka ikkje for det heller. Og eg sette i gang å sy, lure på om det var seks sting, og snurpa godt i hop. Det såg ut som det la seg godt til. Men etter ein dag eller to så fekk oss opp i båten og gjekk til Norge og sende han til dokter på sjukehuset. Han kom igjen derifrå med beskjed om dei ikkje kunne gjort det betre sjølve. Og sidan viste det berre ei tynn stripe under haka. Du vart no litt kry, veit du…

Sprøyta opp i raua

- Så det norske helsevesenet har gått glipp av ein dyktig kirurg, det er det du seier?

- Ja, nei, du likte å sy, det gjorde deg ikkje noko. Det var no sårfingrar og svollar og slikt, og du opna og skar inn på. Det gjorde deg ikkje noko, du likte det, du vart ikkje nervøs og skjelven av slikt. Du likte det i grunnen, seier Jarl og snakkar om seg sjølv i du-form.

Han fortel meir om den effektive undervisninga på styrmannsskulen, om då dokter Caspersen lærte dei å setje sprøyte.

- Det skal ikkje vere luft i ei sprøyte, sa han, men du skal ikkje stå og påte sånn, og så tok han og køyrde sprøyta gjennom buksa og inn i ”raua” på han som stod nærast. Slik skal det gjerast. Ikkje noko nøling. Eg gav no meg sjølv sprøyte ein gong, var saltar og fekk så mykje svollar og styr. Han far kunne gjort det, men han ville ikkje, så då gjorde eg det sjølv, fortel Jarl.

Berga livet til sonen

Det høyrer også med til denne historia at Jarl fekk bruk for kunnskapane sine då det galdt som mest. Yngste sonen, Jetmund, vart fødd 7. oktober 1967. Berre tre veker gammal fekk Jetmund bronkitt, og den vesle babyen fekk problem.

- Dei har fortalt at eg slutta å puste og byrja å bli blå, og at dei fillerista meg for å få liv i meg, fortel Jetmund.

Familien var førebudd på at han skulle døy, og dei døypte den vesle guten heime.

Til alt hell var Jarl heime frå sjøen, og han sette i gang med munn til munn-innblåsingar. Då guten kvikna litt til, bar det i full fart til sjukehuset i Volda. I drosje. Jarl heldt fram med å blåse heile vegen til Volda, og han heldt på til etter at dei var komne inn på sjukehuset.

Jetmund er kjend for mange som ein uvanleg flink fotballspelar. Han har bygt hus på garden under Sæsshornet, der han bur med familien, og om eit knapt år fyller han femti.

Ingunn er sikker på at det var Jarl som berga sonen.

- Jarl var flink, veit du. Hadde ikkje han vore heime…

Jarl K. Vartdal dreiv med line, garn og trål, men det er liten tvil om at det var fisket med notbåtar, også kalla doryar, som var det store.

- Det kunne vere svarte natta. Sånn halvtjukne og sarvevêr. Og du skulle låre båtar. Og du skulle få om bord nota. Og samstundes skulle du ha alle mann om bord i notbåtane. Du skulle ned i båtane og sidan ut av båtane og opp på moderskipet, så der kunne ikkje vere nokon svikt. Ja, kanskje vart det litt halvsarvete vêr når du skulle hive dei opp att. Dei som skulle huke blokkene og sameleis dei fram på vinsjen. Du veit, det måtte skje på delar av eit sekund. Så kanskje på ein liten båretopp måtte dei huke…

- Korleis kunne det gå vel?

- Det var dugleik frå mannskapet i båtane. Og så fekk du mykje kjeft, veit du. Dei skulle slå hovudet ned i magen på deg - når dei nådde tak i deg. Viss du sleppte … du tok inn nota med handemakt og du skulle turke eit kast på 3000 hektoliter … og det heldt du i nevane.

Frå intervjuet med Jarl Vartdal, januar 2005

Fiskarane frå Færøyane var avgjerande for å halde oppe trykket i grønlandsfisket på 1950- og 1960-talet. Mange gonger vart vartdalsbåtane fylte opp med færøyingar før dei sette kursen vidare mot torskefelta ved Vest-Grønland. Nokre av dei fann seg jenter på Vartdal og busette seg i bygda.

- Færøyingane var fiskarar. Solide og stødige karar og lette å vere i lag med. Dei berga grønlandsflåten på den tida, sa Jarl i intervjuet i 2005.

Dette vert også stadfesta av reiar Knut Vartdal jr.

- Vi hadde i periodar ikkje kunne hatt båtane våre i fiske, viss det ikkje var for dei, uttalte Knut i jubileumsboka til Vartdal Fiskeriselskap.

I 1960 kom Mikjal Nielsen frå Trangisvåg på Suderøy om bort på ”Knut Vartdal”, der Jarl K. Vartdal var skipper. Han likte seg så godt at han vart verande i reiarlaget i over 40 år, oftast på same båt som Jarl eller ein annan trufast skipper i Vartdal Fiskeriselskap, Ingolf Sylte. Nielsen lærte seg tråling og vert omtalt som trålbasen framfor nokon i reiarlaget.