av Arill Riise

Litt lenger borte går Ipanema over i Copacabana. OL i Rio 2016-skiltet er festa i sanden. Eg er her for å jobbe. Det blir lite soling og bading. Eg kjenner eit stikk på handa. Årre , e´ det zika … ?

Det er eit eventyr å få vere med på eit OL. Eg var med i Sotschi i 2014, og det var stort, men eit sommar-OL er fire gonger større. Ikkje for oss nordmenn som må ha ski på beina for å vinne, men for resten av sportsverda.

TV2 skal sende 3300 timar med direkte sport på nettet og vanleg tv. 60 personar er sende over. Amerikanske NBC har eit mannskap i Rio på rundt 2000. Mi oppgåve er å leie nyheitssendingane herifrå og alt etter første sending spør folk på sosiale media: - Kva er vitsen med å sende nyheiter om steinrøysa heime frå Rio?

Velkomen til 21-nyheitene frå Rio

Studioet vårt ligg om lag ein time frå Rio sentrum i Olympiaparken i bydelen Barra da Tiuja. Vi er einaste tv-stasjonen saman med amerikanske NBC og Brasils eigen nasjonale kanal som har ei slik plassering. Amerikanarane trur vi er BBC, og blir forundra når vi fortel at vi er vesle norske TV2. Dei kjenner ikkje sjefsproduceren vår, Jens Cornelius Knudsen. Han får symfoniar ut av eit einmannsorkester.

Så står vi der på opningsdagen 5. august og skal sende 21-nyheitene frå OL-parken. Det er masse å passe på. Testinga har gått bra. Eg står utanfor studio og må lese overskriftene ca. to sekund før bileta kjem på fordi avstanden til Noreg gjer at signala er forseinka. To sekund er lite. Vanlegvis er det opp til fem-ti sekund over så store avstandar.

Teksta som eg skal lese styrer eg via ein app på mobiltelefonen. Når eg ser rett i kamera kjem teksta opp via eit spegelsystem, og eg styrer farten på teksta med tommelen på mobiltelefonen medan eg les.

Det er nærare 30 varmegrader, og eg stiller i shorts, men du ser ikkje det. Du ser meg i dressjakke og slips. Sveitten renn, men sminkøren har kamuflert det.

- Velkomen, seier eg og ser så vidt teksta i kamera fordi sola treffer meg i augo, men eg er på direkten. Då kan du ikkje stoppe opp og seie at «vi tek det opp att; eg har sola i augo». Du står i det.

Å vere på direkten er som å hoppe i fallskjerm. Du er overlaten til deg sjølv og kjem deg ikkje tilbake i flyet. Du veit korleis du skal trekkje i snora slik at fallskjermen løyser seg ut, og du kan lande trygt. Sviktar teknikken, er heldigvis det å vere på lufta mindre farleg enn å vere i lufta.

Sjåarar er vanedyr

Sendinga går heilt fint. Teknikken fungerer. Eg druknar ikkje i min eigen sveitte, og alle er nøgde. På Twitter forstår ikkje Hallvard Flatland vitsen med å sende nyheiter om Syria og Gudbrandsdalen frå Rio. Folk hatar endringar, men vi er trygge på at vi gjer det rette. Vi sender frå ein stad som kjem til å dominere nyheitsbiletet så lenge OL pågår. Vi knyter nyheitene opp til resten av OL-sendingane. Vi er der det skjer. Utanlandske kanalar har gjort dette lenge. Amerikanske NBC sender sine nyheiter med Lester Holt frå nabostudio. Dei sender også sitt morgon/føremiddagsshow ”Today” frå Rio i eit enormt rigg i tillegg til OL- sendingane.

For TV2 er ekstrakostnadene med å sende nyheiter frå Rio stort sett flybilletten og opphaldet mitt. Vi nyttar studio og teknikk som alt er her.

Etter få sendingar flytta vi sendingane inn i studio. Ute tok vinden tak i håret, og sola steikte. Men det største problemet var støyen. Vi måtte stå ved sida av ei tennisbane kransa av 4000-5000 tilskodarar. Under ei prøve ”jubla” dei over nye luftangrep mot Aleppo og dødsulukker i trafikken. Sjølvsagt jubla dei for tenniskampen, men taiminga plasserte jubelen etter kvar headline eg las. Vi måtte inn i studio, og frå då av stilna skepsisen blant sjåarane. Det gjekk seg til.

Favelaer og korrupte politikarar

Dagane i Rio går fort. Eg har to fridagar, og dei må utnyttast. Saman med fire andre i TV2 susar vi med sjåfør og guide til Ipanema og Copacabana ein time frå Olympiaparken. Målet for dagen er å smake litt på maten, drikke caprinha og vitje Kristusstatuen på toppen av 700 meter høge Corcovado.

Caprinha er Brasils nasjonalcoctail. Skal vere forfriskande i varmen med lime, sukker og sukkerbrennevin, men før lunsj og caprinha er målet å kome seg opp til Kristusstatuen. Og vi ventar i fleire timar på transport. Det er hordar av folk som skal opp. OL-turistar, idrettsutøvarar og gud og kvarmann. Gå i kø, stå i kø. Du må rekne fire-fem timar på ein tur opp og ned.

På vegen opp mot fjellet får vi Rios fattigstrok midt i åsynet. Favelaene er smurde oppover fjellsidene. Skura går over i kvarandre. Limer seg faste til kvar ein open flekk. Ingen veit nøyaktig kor mange som bur slik, men det er over ein million.

Eit team frå TV2 køyrde feil på veg mot Copacabana og hamna midt i eit strok der det var tent bål i ei gate. Folk gjekk væpna med maskinpistolar. Narkobandane herjar her inne, og dei er nådelause. Ungar veks opp i nabolag der folk blir drepne dagleg, eller døyr av sjukdomar vi slepp å vere redde for.

Folk byrjar å bli nærgåande. TV2-teamet ryggar vekk frå bålet og snur tvert. Kjenner på ein fare som er kvardag for fastbuande. Det er då du forstår dei som seier at å bli fødd i Noreg er som å vinne i lotto. Livet er så utruleg ulikt livet til millionar i Rio. Styresettet gir ikkje folk håp om betring. Presidenten i Brasil, Dilma Rousseff, er ikkje å sjå i OL. Då vi var der, var ho suspendert frå stillinga og skulle stillast for riksrett for korrupsjon og rot med statsfinansane. Ho tapte riksrettssaka og blei avsett 31. august.

E´ det du Jesus?

Men over favelaer og korrupte politikarar tronar Kristusstatuen i Rio. På turen opp til toppen av fjellet Corcovado køyrer vi gjennom regnskog med apekattar i trea. Bilane hostar opp bratte skråningar. Stoppar vi her, så er det kveld, men det går bra. Etter kvart er vi på toppen, og statuen er mykje større enn du kan tenkje deg. Nesten 40 meter høg når du reknar med sokkelen. Armspennet er på 30 meter. Det er til å misse pusten av.

Her står vi under eit av verdas sju nye underverk med paradisutsyn over Rio de Janeiro. Ferdigbygd i 1931 i svensk sement frå Limhamn i Malmø. Det er same kjensla som når du er i Peterskyrkja i Roma for første gong, Empire State Building eller på Akropolis. Du er på ein stad som alle menneske veit om, og no står du her og er sild i tønne. Det aular av folk. Det er så tettpakka at det er vanskeleg å bøye seg bakover for å ta bilete. Nokre japanarar gir blaffen og legg seg ned for å fotografere. Dei blir trakka på og er straks illsinte.

Eg hadde venta på ei ro kanskje. Tid til ei stille stund der du kan reflektere over stoda og livet. Kristusstatuen burde invitere til det, men det er så mange salsbuder og turistar i alle variantar at det ikkje er rom for kontemplasjon. Men det er noko med det å ha vore her.

Turen ned frå fjellet går kjappare. Sjåføren og guiden veit vegen. Vi rekk ein lunsj, litt caprinha, ein tur på Ipanema og Copacabana før det berst attende til medielandsbyen der vi bur. Copacabana er kanskje meir kjend enn Ipanema, men det er ikkje tvil om kva som er beste stranda. Ipanema er mykje rolegare og finare. Copa er bråkete og overfylt.

Sjarmtrollet frå Ulsteinvik

- Eg er oppe og leikar med dei, seier sjarmtrollet frå Ulsteinvik, Karsten Warholm, etter å ha enda som nummer fire i semifinaleheatet på 400 meter. Finaleplassen rauk, men han er eit stort smil.

- Det e´ no berre ein leik, sjølv om det også e´ alvor, gliser han. Karsten Warholm har sjarmert alle. Slår om seg med sunnmørsvitsar og spreier humør. Han er blitt kalla ”Kråka” på grunn av bykseteknikken over hekkane.

- Kråka er blitt ei svane, konstaterer Karsten og tek imot jubel frå sambygdingar direkte på TV2 frå Ulsteinvik. Når mora fortel at ho er stolt svarar han slik : - Då bli det vel julepakkar i år også.

Han er eit lyspunkt i eit sportsleg grått OL for Noreg. Det blei fire bronsemedaljar. Sjølv har eg følgt handballjentene sine kampar mot finalen, men også dei måtte nøye seg med bronse.

Roarane sikra to medaljar av same valør, og brytaren Stig Andre Berge kom også på ein tredjeplass. Det er ikkje godt nok. I nyheitsendingane må den norske OL-leiinga svare på kritikk. Det gjer dei sånn passe. I Noreg går vi på ski. Det er i vinter-OL vi er sterke.

Farvel Rio

På bussen mot flyplassen ser eg igjen favelaene oppover fjellsidene. Eg har ei kjensle av at eg må tilbake hit ein gong for å sjå Rio slik byen verkeleg er. Under OL har ikkje byen vore seg sjølv. 80.000 soldatar har halde ro og orden, men det er ikkje kvardagen.

Spørsmålet er kva som skjer når rekningane frå verdas største idrettsarrangement skal betalast. Det er liten grunn til å tru at dei fattige får det betre. Dei bur i håpløyse, men det er også plass til samba. Dei som har vore på Copacabana om kveldane, fortel om livsglade dansar som riv med alle. Folk i Rio lever som om kvar dag er den siste.

Vi skal heim til vårt. Til trygge Noreg. Vi har fått uromeldingar heimanfrå: Er vi bitne av zika-mygg? Men august er vinter i Rio. Og i august bit kleggen ved hytta på Bondalseidet hardare enn myggen i Rio.

Kongehuset er alltid representert i OL. Arill Riise intervjuar kronprins Haakon som er på veg for å sjå handballjentene.
Kråka frå Ulsteinvik som vart til ei svane: Ein noko starstruck Arill Riise sikra seg selfie med Karsten Warholm.