av Aud Farstad

Det er mangt å undre seg over her i verda. Som til dømes at ålesundarar engasjerer seg for eit fotballag med unge menn frå andre stader i verda som er kjøpte og betalte for å vinne for «oss». Det minner meg om dei russiske aristokratane som sende sine liveigne i krigen og etterpå sjølv smykka seg med medaljane deira for tapper dåd. Samstundes vil mange av dei same ålesundarane ikkje vite av ein av sine eigne, eit geni som Ivar Aasen.

Redselen for nynorsk har i året som snart er over, kome tydeleg fram att i samband med val av skriftspråk i eventuelle nye storkommunar. Nokre er til og med så redde for dette «grautmålet» at dei har danna bokmålsforbund for å demme opp mot tsunamien som trugar med å fløyme over den stakkars byen og drukne dei.

Nørvasund – ei kampsone

Sjølv er eg fødd i noverande Haram kommune. Eg er stolt av å vere frå ein kommune som alt i 1893, som den tredje kommunen i landet (etter Bygland i Aust-Agder og Hosanger i Hordaland) innførte nynorsk som opplæringsmål i skulen. Då eg var sju år, flytte familien vår til Borgund kommune, og eg byrja på Nørvasund skule i 1962 med bokmål som opplæringsmål.

Borgund var, før kommunen vart slått saman med Ålesund i 1968, den største nynorskkommunen i fylket. Utviklinga her kan gje ein peikepinn om kvar den reelle faren ligg når byen sluker omlandet sitt. I dag er det 4842 bokmålselevar i grunnskulen i Ålesund mot 630 nynorskelevar. Dei fleste av dei sistnemnde er elevar i det som før var Borgund kommune.

Rasmus Buset

Kampen for bokmål i Nørvasund krins rasa frå etterkrigstida og gjennom heile femtitalet støtta av den aggressive bølgja av riksmålsforkjemparar med bakgrunn i partiet Høgre og Oslo vest. Kampen er illustrerande for korleis bokmålet sidan har pressa nynorsken ut til utkantane av kommunen, som vrakgods etter eit sjøslag.

Nørvasund krins låg rett innanfor bygrensa. Etter krigen bygde fleire og fleire byfolk som hadde råd til det, hus i Larsgården og på Gåseid. Først prøvde nokre å unngå nynorsken ved å betale for at barna deira fekk gå på ein av byskulane.

I eit møte i januar 1947 hadde skulestyret i Ålesund fått nok av denne praksisen. «Ein fatig mann kan vere so mykje riksmålsmann han vil, men han maktar ikkje betale skulepengar ekstra og søkje byskulen, det er difor udemokratisk at ein skal favorisere rikfolka der inne… Ein burde ha parallellklasser for nynorsk ogso i Ålesund her som bymålet ligg så nær nynorsken», uttalte venstrerepresentanten Rasmus Buset, opphavleg frå Vartdal, i skulestyret.

«Mest tenleg»

Det var ikkje lett å forsvare nynorsken på femtitalet. Riksmålsforbundet var på offensiven med sin propaganda mot folkemålet. Det var dei som fekk det til å lukte fjøs av nynorsken gjennom latterleggjering – ein svært potent hersketeknikk.

Som det står i boka Striden for nynorsk bruksmål: « … den kraftige vulgærpropagandaen mot nynorsken og dialektane fekk folk til å le av, men dermed òg til å skjemmest langt ned i sokkane over sitt eig mål. Det vart laga rare ord, og så skulle det vere ein vits at desse orda var nynorske. Det var ein infam måte å gjere nynorsken til lått på, og kven vil vel bruka eit språk som er til å le av?»

I ein brosjyre frå Riksmålsforbundet frå 1961 påstod foreininga at riksmålet var eit byspråk og dermed mest tenleg i ei tid med stor urbanisering. «Mens nynorsken lukker seg inne for å ruge over sine dovrenorske skatter, er riksmålet vårt lands åpne port ut mot verden».

Høg himmel over heimemålet

Slike provinsielle argument mot nynorsken var òg framme i debatten om språket i ein eventuell storkommune i år. Byar som opne, tolerante portar mot verda måtte liksom halde seg til bokmål.

Då underslår ein den høge himmelen det har vore over kampen for folkemålet. Folk som Ivar Aasen, Åsta Hansteen, Åsmund Olavsson Vinje, Arne Garborg, Hulda Garborg, Synnøve Riste, Rasmus Steinsvik, var vidt informerte menneske.

Som avismannen Arne Falk skreiv i 1966: « … det var ein setesdøl som dreiv fram planen for jarnbaneutbygginga og telefonutbygginga og laga loven om Telegrafverket. Ein annan målmann frå same kanten laga Kringkastingsloven».

Nynorsken i Ålesund

Ålesund har òg hatt mange framsynte nynorskforkjemparar. I 1894 vart Aalesund frisinnede ungdomslag skipa. Redaktør i Sunnmørsposten, Ivar Flem, var første formann. Med seg i laget hadde han òg overrettssakførar Anton Johan Rønneberg. Ålesund mållag vart skipa 12. november 1898, og formålsparagrafen slo fast at laget skulle «arbeide for reisinga av det norske målet». I romjula 1899 var likeleis 150 målfolk samla i Ålesund og danna Sunnmøre og Rauma mållag.

Alt i 1903 vart den første gudstenesta på nynorsk halden i Ålesund kyrkje. Gudstenesta vart leia av Bernt Theodor Anker, embetsmannsson, vidsynt prest og pioner for folkemålet i den norske kyrkja. Elles har Ålesund kyrkje halde på bokmålsliturgien, men framleis har tre av fem sokn i Ålesund kommune nynorsk liturgi.

Bybrannen tok Ålesund mållag sitt arkiv, men i 1905 vart laget skipa på nytt, no under namnet «Ungdomslaget Ivar Aasen». Ei foreining som framleis eksisterer i Ålesund. Medlem nummer to i laget var kvinnesakskvinna og venstrepolitikar i byen gjennom 40 år, Emma Thornes, fødd i Drammen.

Kaffistova

Kjøpmann og målmann Hans Langva kausjonerte for eit stort banklån slik at ungdomslaget kunne kjøpe Hotell Noreg.

Drift av hotell og særleg spisestader har vore viktige finansieringskjelder for målsaka over heile landet. Her har kvinnene vore sentrale både som tilsette og som administratorar. I Ålesund var det gjennom åra ikkje mindre enn tre kaféar drivne av ungdomslagsrørsla. Den første, Kaffistova i Løvenvoldgata, opna til og med på sjølvaste 7. juni 1905 – dagen for oppløysinga av unionen med Sverige. Målrørsla har altså òg vore ein viktig økonomisk aktør i byen.

Sunnmøre Museum vart òg hjelpt fram av målrørsla. Sunnmøre Frilynde Ungdomssamlag garanterte i 1930 for leige av området som museet hadde skaffa seg i Borgundgavlen. Det same ungdomslaget samla i 1917 inn 107.500 (!) kroner og kjøpte hus og presse og sette i gang med nynorskavisa Møre Tidend.

Kvifor ikkje nynorskby?

Det var altså ikkje mangel på engasjement for nynorsken i Ålesund, så kvifor valde ikkje byen nynorsk som skule- og administrasjonsspråk? Ingen byar hadde valt nynorsk, men Ålesund var ein ung by, med ei fåtalig overklasse og med svært mange innflyttarar frå det nynorske omlandet.

I 1939 var til dømes over halvparten av innbyggarane over 15 år ikkje fødde i byen. Av 60 bystyrerepresentantar var berre 23 innfødde ålesundarar.

Rett nok stod Høgre sterkt i byen, eit parti som alltid har vore fiendtleg innstilt til nynorsken. Det var òg ein høgrepolitikar frå Ålesund som tvinga fram avrøysting om administrasjonsspråket i fylket tidlegare i år.

Petrine Stafset

Likevel var det før verdskrigen mange dominerande politikarane i byen som òg var norskdomsengasjerte. Det var helst venstrepolitikarar, men òg arbeidarpartifolk som Petrine Stafset.

Stafset vart som første kvinne, varaordførar i 1925. Ho var den første som skreiv nynorsk i lærarinnelaget sin møteprotoll, ho sat i det første styret i Sunnmøre Museum, var engasjert i Ivar Aasen-laget og var med å fornorske gatenamna i Ålesund. Ho var òg med på å få 17-mai programmet i Ålesund på nynorsk i tre år etter kvarandre på midten av 1920-talet, til store protestar frå høgresida i byen.

Anton Johan Rønneberg, som var med å starte ungdomslaget i byen i 1894, sat i bystyret for Venstre alt frå 1886 og var sidan magistrat – den øvste administrative leiaren i byen – i tjue år i byrjinga av 1900-talet.

Trass i nokre slike maktposisjonar frykta ein kanskje likevel at motstanden ville vore for sterk frå dei gamle høgrekreftene i byen til at ein våga å utfordre dei med krav om nynorsk? Det var trass i alt ikkje allmenn røysterett før i 1913.

Kanskje var mange bygdefolk sjølve mest opptekne av å tene til levebrødet til å engasjere seg i språkreformer? Eller kanskje ynskte dei å legge bygda bak seg? Kanskje var det ei konservativ samansetning av skulestyret som hindra at spørsmål om skulemål kom opp? I alle fall var saka tapt når ein kom til det bakstreverske femtitalet.

Eller?