I april 2011 samla titusenvis seg for å protestere mot president Bashar al-Assad. Fleire titals vart umiddelbart drepne av regjeringsstyrkane. Rama Alsaid var fjorten år og gjekk på ungdomsskulen.

– Eg fylgde demonstrasjonane frå altanen heime. Folk strøymde gjennom gata vår. Fleire og fleire for kvar veke. Dei ropte «fridom, fridom, fridom!» Etter kvart byrja det å dukke opp plakatar og parolar: «Vi vil demokrati!» Så begynte vi å høyre skyting …

Fem år etterpå sit Rama i Ørsta og lengtar heim til Homs. Ho kom til Ørsta langs Balkan-ruta i 2015 i lag med faren Tamr. Broren Tarek var i Ørsta allereie. Han kom i båt over Middelhavet frå Libya. Mamma Shaza og søster Fatima kom etter i 2016 gjennom familiegjenforeining. Heile familien har fått opphald. Men dei uroar seg for ei tredje søster som er att i Homs. Ho har mann og barn og prøver i det lengste å halde ut.

Homs

Homs var den første byen i Syria der innbyggjarane reiv ned plakatar med Assad-portrett. I mai 2011 vart Homs kringsett av den syriske hæren og av tryggingsstyrkar. Soldatane jakta på «væpna gjengar» og «terroristar», sa dei. Sommaren 2011 var det nesten daglege konfrontasjonar mellom innbyggjarar i Homs og regjeringstru styrkar. Nesten to tusen menneske vart drepne.

Men Homs stod imot i første omgang og vart gjord til operasjonssenter for Den frie syriske armeen. I februar 2012 gjekk regjeringshæren så til storåtak. I løpet av året tok hæren kontroll over heile byen.

No begynner undertrykkinga for alvor. Kvardagslivet tek slutt. Også for Rama og familien. Sjølv førebur ho seg til vidaregåande opplæring. Pappa Tamr arbeider i møbelbutikken og som møbelsnikkar. Kundane kjem innom med fotografi og teikningar av møblar, og Tamr byggjer dei på bestilling. Mamma Shaza er frisør i ein damefrisørsalong.

Søstrene går på skule, og storebror Tarek driv elektriskforretning og installerer el-anlegg i bustadhus og næringsbygg.

Skyting

Men ingen ting er som før. Det er farleg å bevege seg gjennom byen. Panservogner rullar gjennom gatene. Politiet etablerer kontrollpunkt og arresterer folk dei mistenkjer for å vere i opposisjon til president al-Assad. Naboar og kjenningar forsvinn, anten fordi dei vert arresterte eller fordi dei flyktar. Og politiet begynner å skyte. Ofte heilt vilkårleg, opplever Rama.

– Eg såg aldri at dei skaut. Men eg høyrde det heile tida. Det var forferdeleg, fortel nittenåringen. Ho opplevde til og med at politiet også skaut etter kattane i gatene. Ikkje noko levande oppheldt trygt utandørs.

I nabogata vert ei elleve år gammal jente skoten og drepen. Ei sytten år gammal nabojente forsvinn. Foreldra går til etterretningstenesta for etterlyse henne, men vert pressa for pengar og får ikkje vite kva som har skjedd med jenta. Dei veit det ikkje enno, trur Rama. Ho kjenner til fleire døme på at politiet og etterretningstenesta pressa folk for pengar. Undertrykkinga av dei opprørske innbyggjarane i Homs er massiv.

Tarek skoten

Så rammar det også familien Alsaid. Tarek er ute for å kjøpe brød og vert treft av kuler frå regjeringsstyrkane. Tre kuler i brystet og i eine skuldra. Tarek får medisinsk behandling, men er ein merkt mann. Han må vekk. Det er sommaren 2014, og Tarek må flykte.

Heldigvis ligg Homs heilt ved grensa til Libanon. Det er framleis nokså enkelt å kome seg ut. Tarek skrapar i hop det han klarer av pengar, og med muting klarer han å ta seg til Tripoli i Libanon. Derifrå tek han rutebåten til Mersin i Tyrkia og buss til Istanbul.

Men kva så? Det er dyrt å ta seg over til Hellas. Menneskesmuglarane krev uhøyrt betaling. Det går ein billegare – men også mykje farlegare – veg frå Afrika. Tarek tek sjansen. Han set seg på flyet til Algerie, reiser med buss til grensa mot Libya og går til fots over grensa. Dei er mellom tjue og tretti flyktningar i gruppa. I fire-fem bilar vert dei frakta til hamnebyen Zuwara.

Over Middelhavet

– Vi venta i tjue dagar før vi fekk båtskyss mot Europa. 225 menneske vart stua saman på ein liten båt med kurs for Lampedusa. Motoren stoppa, og vi dreiv rundt i Middelhavet i fleire dagar. Smuglarane lova oss mat og drikke før vi gjekk om bord. Men det fanst ikkje anna enn det vi hadde med sjølve. Det vart fort oppete og oppdrukke. I julivarmen på Middelhavet vart vi drepande tørste, fortel Tarek.

– Til slutt vart vi oppdaga av fly. Det kom også to helikopter over oss. Og så kom redningsbåten. Dei tok oss med til Sicilia. Då var seks menneske på båten døde.

Det beste minnet frå heile den lange turen frå Homs til Noreg er flaska med vatn som Tarek fekk om bord i redningsbåten. Då hadde han vore nesten tre dagar utan drikke …

Turen frå Homs tok tre månader. Den 12. oktober 2014 gjekk Tarek inn på politistasjonen i Oslo og søkte om politisk asyl. Han kom inn i asylsystemet og enda opp som busett i Ørsta. No arbeider han for flyktningkontoret på rådhuset. Tek seg av andre flyktningar og gjev råd og rettleiing.

Og tolkar for dei som berre kan arabisk, slik han også gjer for Rama i intervjuet med Møre-Nytt. Ikkje for det; Rama har på eitt år lært seg ein heil del norsk og kan med litt kroppsspråk i tillegg gjere seg greitt forstått.

Gisseltaking

– Forholda i Syria vart verre og verre etter at Tarek reiste, fortel ho. – I Homs vert det brukt diesel til elektrisitet og oppvarming. Men forsyninga av diesel tok slutt, og vi hadde etter kvart korkje lys eller varme.

Pappa Tamr måtte stengje møbelforretninga. Det vart rett og slett for farleg å gå til og frå.

– Vi opplevde stadig oftare at når politiet ikkje fann den dei leitte etter, tok dei andre familiemedlemmer som gissel. No oppsøkte dei ein mann som arbeidde i Tarek si elektriskforretning og spurde etter Tarek. Vi begynte å frykte at dei ville arrestere far vår som gissel for Tarek, fortel Rama.

No er vi komne til 2015, og kva no? Skulle pappa også flykte, og kven skulle eventuelt vere med han? Det måtte bli Rama.

I juni i fjor sa dei to farvel til mamma Shaza og veslesyster Fatima og la i veg i fotspora til Tarek – via Tripoli og Mersin og vestover Tyrkia. Ikkje til Istanbul som Tarek, men i ein fjorten timar lang busstur til Izmir. Tamr og Rama ville prøve turen over Egearhavet til dei greske øyane.

Til Rhodos

Så langt sør er natta mørk også om sommaren. Dei to frå Homs vart førte sørover og plasserte i ein bitte liten båt med førti andre flyktningar. Klokka fire om natta la dei ut på havet.

– Eg var frykteleg redd, for eg kan ikkje symje, fortel Rama. Dei fekk utdelt redningsbelte, og det gjorde Rama litt tryggare. Ho fekk aldri med seg at desse belta ofte var ei piratutgåve som sokk når dei vart kasta på havet. – Er det sant, gispar Rama …

Dei kom i land på Rhodos og vart skyssa vidare i båt til fastlandet. No var det å ta den såkalla Balkan-ruta nordover. For Tamr og Rama starta det med buss til Makedonia og tog vidare gjennom Serbia. På dette tidspunktet var grensene framleis stort sett opne.

– Men vi gjekk om natta over grensa til Ungarn. Vi gjekk gjennom ein mørk skog. Vi gjekk i seks timar før vi var inne i Ungarn.

– Vi var innom til saman elleve land på reisa til Noreg, registrerer pappa Tamr.

Målet var Noreg og Tarek. Han er ein handlekraftig ung mann. Han rettleia faren og systera på vegen opp gjennom Europa, til dei søkte asyl i Oslo. Dei vart plasserte i eit asylmottak ved hovudstaden og vart sidan tenkt omplasserte til Nord-Noreg. Då greip Tarek inn. Han greidde å få dei til Ålesund.

Ørsta

Men på mottaket vart kvinner og menn skilde frå kvarandre. Rama og pappa fekk ikkje bu i lag. Rama vart plassert på rom med ei framand kvinne. Det gjorde henne både redd og nedtrykt. – Eg ringde Tarek og klaga mi naud, smiler Rama. Som takkar Allah for ein storebror som Tarek.

Han sette seg i sving på nytt, ringde hit og dit og snakka med makta både i Ørsta og Oslo. Resultatet: Etter berre tre veker i mottaket i Ålesund vart Tamr og Rama tildelt ein kommune å busetje seg i. I september i fjor flytta dei til Ørsta.

Men enno var ikkje heile familien i tryggleik. Så fort Tamr fekk asyl søkte han familiegjenforeining med kona Shaza og yngstedottera Fatima på 16 år. Dei budde framleis i Homs, men i august i år kunne dei via Libanon setje seg på flyet og reise til Noreg. Då hadde det gått nesten eit år sidan Russland starta sin bombekampanje over nettopp Homs.

25. august var familien samla i Ørsta, foreldra og jentene med bustad i Berte Kanutte-vegen og Tarek i leilegheit i Vallageila. Det vil seie; ei dotter er att i Syria. Eldstejenta er gift og har eit barn. Enn så lenge prøver denne delen av familien å halde ut. Det gjer foreldra urolege. Ikkje minst pappa Tamr. Han er sterkt påverka av TV-bileta frå Syria. Dei dårlege nyheitene aukar blodtrykket, og forma er slett ikkje den beste.

Heimlengt

Kva med framtida. Mor og far håper på fred i heimlandet og at det snart skal verte mogeleg å flytte attende. Det gjer i grunnen resten av familien også.

– Noreg er eit godt land, opplever Rama. Men det er ikkje heime. Ikkje enno i alle fall. Så i mellomtida tek Rama sikte på å fullføre utdanninga. Etter vidaregåande byrja ho på universitetet i Homs. Ho studerte til ingeniør, meir konkret bygningsingeniør, og var ferdig med første året før ho fylgde pappa på flukta til Europa.

No startar ho vidaregåande på nytt, i eit nytt land og på eit nytt språk. Rama går på skulen i Volda, på allmennfagleg linje.

– Det er litt vanskeleg, erkjenner nittenåringen. Men om utgangspunktet er heilt nytt og annleis, er målet det same: Å utdanne seg til bygningsingeniør. Tarek håper på ein jobb i det yrket han kan best, som elektrikar.

I HOMS: Ingeniørstudenten Rama Alsaid heime i Homs, flankert av studievenninnene Marwa og Eman.