Etter fire tiår som avisteiknar, har Hagen no samla denne spesielle erfaringa mellom to permar, mykje tufta på det han kallar den haugianske spiriten.

I boka «Den norske fortellingen» forsøkjer Hagen å forklare og utdjupe kvifor han teiknar, kvifor han oppfattar det som viktig, og kva som skal til for å gjere det mogleg.

Boka er ikkje berre full av teikningar, men også historier. Frå fiskarbonden og industriarbeidaren til oljesjeiken. Frå monokultur til fleirkultur. Frå ytringsfriheit til ytringsansvar. Ei norsk forteljing om mindreverdigheitskompleks og stormannsgalskap. Om godheit og egoisme. Med andre ord: Noreg fortalt gjennom teikning og tekst der alt er tufta på skråblikk, humor og syrlegheit.

Boka er eit situasjonsbilde av noregshistoria gjennom fire tiår i bilde, som saman med ein personleg og humoristisk tekst har vorte ei bok i ein heilt eigen sjanger.

– Teikningane fortel ei historie om landet vårt sett frå min ståstad, og dei fortel noko om meg og oss som prøver å forstå og formidle noko av det samfunnet vårt har vore, er – ogkvar vi er på veg, forklarar Hagen.

Han ønskjer altså å fortelje ei historie om Noreg i den tida han har arbeidd som avisteiknar, landet som etter Hagen si vurdering har endra seg meir enn dei fleste av oss tenkjer over i det daglege, der dei som skaper verdiane, og dei som nyt godt av dette, forstår kvarandre mindre og mindre, slik 62-åringen vurderer det.

– Teikningane bidreg til denne forteljinga om landet vårt gjennom dei augneblikka dei kommenterer, reflekterer Hagen.

Han har gått svanger med boka i fleire år, men brukte berre eit års tid på å skrive ho.

– Etter å ha tenkt lenge tok eg til slutt rev i segla. For etter førti år fann eg ut at eg måtte gjere det no. Og så måtte denne historia skrivast av ein teiknar.

Hagen vedgår at skriveprosessen ikkje har vore plankekøyring.

– Nei, det var tungt å skrive og samanfatte førti år, og å finne ein raud tråd. Men no er eg ganske nøgd. Og eg føler ei tilfredsstilling, seier Hagen som er fødd og oppvaksen i Ørsta, men som skriv på bokmål.

– Eg vurderte å skrive på nynorsk, men har vore for mange år vekke frå nynorsken og Ørsta til at eg valde det. Og eg ville ha følt meg meir usikker på nynorsk. Men eg håper språket i boka er påverka av nynorsken, og at det er knapt i forma.

Kjernen

Korleis vert ei teikning til?

Når Hagen sit med eit blankt ark på kontoret i VG-huset søkjer han kjernen i eit tema han ønskjer å belyse. Deretter utviklar han ein idé som kan omsetjast i ei ferdig teikning.

Gjennom alle desse førti åra er det knapt eit tema han ikkje har vore innom: Forholdet til omverda, oljeeventyret, økonomien, naturen, kulturen, migrasjonen, media og ytringsfriheita står sentralt.

Hagen synest det er morosamt å teikne store nasar, tjukke leggar og karikerte kroppar. Men det avisteikning handlar om er eigentleg noko heilt anna for Hagen. For karikaturteikning, slik Hagen ser det, er å late nyheiter, mytar, kultur og historie møte teiknaren sin eigenart og tankeverd, og samle seg som gjennom ei prisme og munne ut i ei teikning.

– Ei teikning kan ha i seg evna til å få ekstrakten ut av ein situasjon. Den held fram, får fram poeng og belyser. Som supplement til tekst, TV og radio, men mest som eige uttrykk, forklarar Hagen.

Som teiknar i ein av presse-Noreg sine mektigaste organ kan han vere med og setje dagsorden med strekane sine. Han synest det er vanskeleg å måle kva betydning teikningane hans har. Men ein ting veit han:

Opptekne

– Politikarane er veldig opptekne av teikningane mine. Teiknetradisjonane har vore der sidan demokratiet kom, og har vore ein viktig del i det politiske liv. Og dette har ei reel kraft i seg. Lesarar kan ringe meg å få tak i ei teikning eg laga for tjue år sidan og som nokon hugsar, fortel Hagen som føler han står i ein god tradisjon.

VG har hatt avisteiknar frå første dag, og Hagen er den andre sidan 1945.

– Utan å verke pompøs, vil eg slå eit slag for at denne tradisjonen skal halde fram som ein stor del av den samtalen eit samfunn vil halde gåande. Avisteiknaren er tradisjonelt avisa sin friaste mann. Eg er såleis veldig takksam for den fridomen eg har i VG.

Roar Hagen, ein av landets mest kjende avisteiknarar, har også fått på trykk teikningar i Die Zeit, International Herald Tribune, Der Spiegel, Newsweek og Time Magazine. Han leverer framleis teikningar til VG seks dagar i veka. Rundt 300 teikningar i året vert kring 12.000 rundt rekna frå Hagen si høgrehand, ei hand han vert meir og meir redd for.

– Eg har yrkesskadeforsikring, men viss det skal skje noko, ville eg ha vore ille ute, og eg må vere forsiktig når eg brukar motorsag, humrar Hagen som også har dagar då han må kave for å få levert noko.

– Av og til lurer eg på om eg heller burde ha vore på Sunnmøre og bygt båtar. Men stort sett går sjølve teikneprosessen fort, men det tek mange år å nå dit. Eg tek ein del på rutine. Det er ikkje vanskelegare å teikne i dag enn før, og eg har vel fått større grad av meistring, vurderer Hagen.

Priviligert

Alt i alt føler han seg privilegert med yrket. Han erfarer at det å vere avisteiknar opnar dører som elles neppe hadde vorte opna. Hagen har reist i store delar av verda saman med ark og penn og ein like skarp journalist som reisefølgje. Gjennom mange opplevingar trekkjer han fram besøket i presidentbustaden i Washington som eit av høgdepunkta.

– Det var stort å vere i det ovale kontoret, ikkje så mykje grunna president Clinton, det er jo ikkje naturleg at nokon frå Sunnmøre vert imponert over personar, same kven det er. Men det var stort å vere der fordi eg stod i ei demokratisk fødestove. Eg tenkte at dette har betydning for at eg kan teikne fritt.

Hagen er i likskap med mange andre bekymra for avisene si framtid og ikkje minst om karikaturteiknane vil overleve. Han håper det, og meiner slike teikningar er viktigare enn nokon gong. Boka hans er difor også ei historie om ytringsfriheita sine kår i dagens verd.

-Tidlegare var teiknaren meir som ein maskot. No er det meir alvor etter katrikaturstriden. Og eg må tenke meir over kva eg gjer.

– Har du vorte meir avgrensa?

– Nei, men krava til presisjon er mykje større. Eg vil ikkje øydeleggje livet mitt på mistydingar. Vi opererer no i eit mykje større farvatn enn tidlegare. Før fekk ikkje norske teikningar betydning utanfor Noreg. Men no har verda vorte mindre, og alt kan nå heile verda raskt.

– Er det noko du ikkje vil eller kan teikne?

– Ja, det er ting eg ikkje vil teikne. Men eg har likevel meir enn nok handlingsrom. Men eg tenker på korleis ting vil verte oppfatta.

Boka «Den norske fortellingen vert gjeven ut på forlaget Vigmostad & Bjørke og er støtta økonomisk av Fritt Ord. Fram mot jul skal Hagen promotere boka, mellom anna på Fru Svendsen i Ørsta.

– Eg er spent på mottakinga. Eg håper jo at boka kan vere til glede for nokon.

Bok: VG-teiknar Roar Hagen presenterer ei rekkje teikningar og historier i den nye boka «Den norske fortellingen».