Med først ei åtvaring: I så fall kan det vere stor fare for å verte biten av basillen. For ordet livsstil er alt anna enn overdrive når det gjeld dei som eig redningshundar. Som Kristin Dyrkorn seier:

– Når folk spør meg om eg i det heile driv med anna enn redningshund, så seier eg nei!

Dyrkorn humrar godt i vinden på Krøvelseidet. I helga var ho instruktør for ein liten flokk hundeentusiastar som no er i startgropa på ein krevjande veg mot å utdanne hundane sine til redningshundar. Standaleidet var base for redningshund-familien i fylket, Norske Redningshundar Møre og Romsdal. Dei trena på ulike ting og ulike nivå. På Krøvelseidet i Volda samla nybyrjarane seg.

– Her jobbar vi med å skape interesse for å finne spor og gjenstandar i spor, ting som kan føre fram til ein sakna person, fortel Dyrkorn.

Det tek i gjennomsnitt to til tre år å utdanne ein redningshund. Det er eit eige godkjenningsprogram for dette, som uavhengig av disiplin startar med eit grunnkurs. Det er ei teoretisk og praktisk innføring for føraren. For hunden er første steg ei enkel appellprøve, der føremålet er å sjå om hunden er styrbar og kan samarbeide med førar. Appellprøva kan takast etter at hunden har fylt 10 månader. Gjennom utdanninga må førar lære å ta vare på seg sjølv og hunden i all slags ver og føre, og lære å bruke elektroniske hjelpemiddel som GPS med kartverktøy, samband og sender/mottakar-utstyr. Sjølve treninga kan starte når som helst, men hundeføraren må vere 18 år før han kan godkjenne og stå på beredskapslista. Hunden skal ha fylt to år før godkjenning.

Ettersøking

Ettersøking er den forma for søk som går føre seg på barmark. Det kan vere alt frå søk i bustadområde til søk i skog og mark. Under utdanninga skal hunden lære å nytte sine naturlege søksevner i samarbeid med førar. Det vert fokusert blant anna på ulike søksøvingar som spor, sporoppsøk, rundering, teigsøk, patruljering og feltsøk. Dei same øvingane skal også øvast på i mørket. Hundeføraren si oppgåve er å leide hunden slik at ekvipasjen dekkjer sitt tildelte område. Vind i lufta og lukt på bakken vert brukt for å finne spor. Vanskegraden aukar i takt med erfaring.

– Under opplæringa har hund og førar mange delmål før ei eventuell godkjenning. Hund og førar skal finne noko, og vise kva dei har funne, seier Kristin Dyrkorn.

Ho har delteke i redningstenesta og Røde Kors i «alle» år. Og framleis synest ho dette er givande.

– Ja, dette er utruleg kjekt. Vi har stadig behov for fleire redningshundar, seier Dyrkorn som har ein fem år gammal rottweiler som er godkjent redningshund klasse A.

NB: I helga fekk Ørsta ein godkjent redningshund på barmark: Ty heiter den godkjende redningshunden til Vibecke Carlsson. Hunden klarer klasse A-krava.

<strong>Entusiast:</strong> Edda Leonardsen frå Kristiansund har drive med redningshund i mange år.