Torsdag var han saman med andre elevar på Kina-lina på Møre folkehøgskule for å ta «slåtten» på Barstad i Follestaddalen.

Det spesielle med denne slåtten er ikkje berre at han er veldig seint på året, men at det handlar om å ta vare på ein landskapstype som er i ferd med å forsvinne, slåtteenga.

– Tidlegare har vi snakka om raudlista artstypar, fuglar, blomar, insekt osb. I dei siste åra har det også vorte definert raudlista naturtypar, og slåtteenga er ei av dei. Det som kjenneteiknar slåtteengene er at dei har eit svært rikt og variert artsmangfald. Det er blomar, og insekt som høyrer til desse. Her på Barstad har vi den kanskje rikaste førekomsten av solblom i Møre og Romsdal. Dette er ein raudlista plante, og der solblomen veks, der har vi også solblomsommarfugl, solblommøll og solblomsnyltekvefs, fortel Knut Festø i Naturvernforbundet.

SMIL-midlar

Det er Naturvernforbundet i Ørsta og Volda som har fått i oppdrag frå Ørsta kommune å syte for at slåtteenga på Barstad vert pleia. Fylkesmannen i Møre og Romsdal gjev gjennom SMIL-ordninga pengar som Ørsta kommune koordinerer vidare til landskapspleie. Og Naturvernforbundet har igjen alliert seg med Møre folkehøgskule, som gjerne stiller for å hjelpe til.

Til Kina

– Vi er her med heile KIna-klassa, og pengane vi får inn, skal gå til eit hjelpeprosjekt vi støttar i Kina. Vi skal finansiere vassklosett til ein skule i Kina, og vi skal vitje denne skulen fyrste halvår komande år, fortel Hai Bio, lærar ved Kina-lina å Møre folkehøgskule.

Elevane i KIna-klassa reiser til Kina i februar, og skal vere der i fem veker. I tillegg skal elevane vere åtte dagar i Japan.

For dei aller fleste elevane er det å slå med ljå, både stuttorv og langorv, noko heilt framand. For dette er reiskapen som må til.

– Vi må nytte ljå for å vere sikre på at plantene og graset frøar seg, og at ikkje frøa vert øydelagde. Det vil dei verte viss vi hadde nytta beitepussar t.d., fortel Festø.

Ikkje gjødsel

Det er også difor slåtten er så sein. Ei slik raudlista slåtteeng skal nemleg ikkje gjødslast, og graset skal etter at det har vorte slått, liggje eit par dagar nettopp for å vere sikker på at frøa går i bakken.

– Diverre må vi berre køyre graset vekk etter kvart, for det er ikkje nokon som har nytte av det i området, seier Festø.

Ein av dei få som har erfaring med å nytte ljå, er Maciek Wasienczak, opphavleg frå Polen.

– Eg har slått med langorv tidlegare, så eg kan litt av teknikken, seier han.

Elevane er klare på at å slå og rake slik det vart gjort på gardane i tidlegare tider, er hardt fysisk arbeid.

– Dette er tøft for ryggen, seier Erland Valborg med eit smil.

Likevel, fyrst og fremst er elevane klare på at dei synest dei er med på eit nyttig arbeid.

– Her slår vi fleire fluger i ein smekk. Vi får lære mykje om samanhengane i naturen, vi får lære mykje om kulturarven vår, og vi gjer ein innsats som skaffar pengar slik at vi kan hjelpe andre, seier dei.

<strong>1) Med stuttorv:</strong> Maciek Wasienczak har teknikken inne
Instruerer: Knut Festø frå Natuvernforbundet lærte opp elevane i å bruke ljå.
Solblom: Denne blomen er raudlista, og førekomsten på Barstad er av dei største i fylket.
Frø: No er solblomen vissen, og frøa skal utover markane.