Før 1920 var det dei færraste gardane i Ørsta som hadde straum. Dette var i same perioden Ørsta kommune jobba med å få på plass det første kommunale energiverket i Åmbøfossen. På Myklebust i Follestaddalen kom det første kraftverket i drift allereie i 1916. Difor er det 100-årsjubileum for kraftproduksjonen i dalen i år.

I 1930 vart det bygt nytt kraftverk, med ny likestraumsgenerator. Den vart skifta ut i 1950. Då kom det for første gong vekselstraum til Myklebust ljosverk, og turbinen produserte hadde ein effekt på 30 kW. Denne turbinen var i drift fram til 1965, og står inne i kraftverksbygningen den dag i dag.

Vippe

Sju gardar var med på det første kraftverket i 1916. Då det nye anlegget kom på plass i mellomkrigsåra, var ti gardar med. All straumen gjekk til gardane.

– Kvar gard fekk 3 kilowatt. Kraftverket hadde vippe, slik at straumen datt ut dersom dei brukte meir enn 3 kilowatt. Han vart rett og slett klipt. Då måtte dei slå av ein omn for å få straumen tilbake. Slik var det heilt til 1965. Då hadde det jo begynt å kome ein del elektrisk utstyr i huset, til dømes vaskemaskinar. Då måtte vi slå av all varme og ikkje koke middag når vaskemaskinen skulle gå, fortel Per Reidar Myklebust.

Far hans var ein av bøndene som starta krafteventyret i dalen. På det første kraftverket betalte eigarane for kvart lyspunkt dei hadde. Og det var først og fremst lys straumen vart brukt til første åra. Produksjonen var sjølvsagt svært liten samanlikna med dagens standard. Inntaket var på seks ampere, og Myklebust anslår effekten til 1,2-1,3 kilowatt.

– Formannsjobben gjekk på omgang, og formannen hadde ansvar for å kontrollere at ikkje nokon juksa, og hadde for mange lyspunkt, forklarer Myklebust.

Det er liten tvil om at det var spesielt med eigen kraftproduksjon dei første åra.

– Dei andre i dalen kalla dei «millionærane på Myklebust» på fleip, fordi her var straum, flirer Per Reidar Myklebust.

Medan mange er misnøgde med høg nettleige for straumen i dag, var det heile andre utfordringar då folk produserte sin eigen straum.

– Om hausten la det seg lauv over rista ved inntaket, og om vinteren la snøen seg der. Eg hugsar ofte far min kom og vekte meg i firetida om morgonen. Då måtte vi vade oss gjennom snøen med parafinlykter i handa, og lempe snøen ut.

Nytt kraftverk

I 2009 kom eit heilt nytt kraftverk i drift på Myklebust. Kraftverket utnyttar det same fallet som det gamle, men no er effekten på 1,9 megawatt. 13 gardar er med på prosjektet, og all straumen blir seld til Tussa.

– Dei låge kraftprisane gjer at vi har slite litt med lønsemda. Vi var også akkurat for tidleg til å kom under ordninga med grøne sertifikat, som gjer at vi misser store inntekter, seier Myklebust.

Han er likevel optimist, og trur kraftverket vil tene pengar i framtida.

Laurdag inviterer Myklebust kraftverk/ljosverk til open dag. Det blir omvising i kraftverka, og alle er inviterte til å kome og sjå på denne vesle biten med industrihistorie i Follestaddalen.