At jordbæra frå Valldal endeleg er komen har etter kvart vorte ei årleg feiring på Ørstaheimen i regi av pårørandegruppa.

Laurdag var det duka for ein skikkeleg jordbærfest for dei langt over hundre som var til stades; ei stor samling av bebuarar, pårørande og tilsette.

Song og trekkspelmusikk var der også, då gruppa «Tut og Køyr» v/ Jostein Mårstøl på trekkspel og Brynjulf Skurtveit og Eli Sporstøl på song stilte opp for å lage ei ordentleg feststemning. Sverre Lillestøl stilte med gitar. Dei spelte bygdeviser og salmar som var godt kjende for dei fleste, og folk song med.

Verdsett arrangement

– Dette er ein dag som bebuarane på heimen ser fram til. Dagen er sosial og underhaldande, og ikkje minst får dei nyte den søte jordbæra frå Valldal som vi alle er så glad i. I dag har det møtt opp så mange at vi er heilt tomt for skåler!, fortel leiar i pårørandegruppa, Eli Sporstøl.

– Bæra var veldig gode. Skikkeleg ferske. Det har vore ein super dag. Eg har møtt opp kvar gong det har vore slike arrangement her. Det er veldig kjekt, og det er fint å vere sosial med andre, seier Svanhild Ivarson (89), som er tre dagar på dagssenteret på heimen.

Mintest tilbake

Jordbæra frå Valldal tok også bebuarar tilbake i tid.

– Eg har faktisk vore i Valldalen og plukka jordbær som tenåring. Eg var vel 17 år, og det var under krigens dagar. Eg kom ifrå byen, men fekk meg jobb i Fjørå, som er ei lita bygd som ligg like ved Valldal. Der gjekk eg på setra og stelte i fjøsen. Det var ikkje store løna, men eg fekk skaffa både smør og ost frå garden til familien min i byen, mimrar Bjørg Ose (90).

Frå ho var 19 år har ho vore busett i Ørsta, då ho vart gift med mannen sin, Hans L. Ose (94). Dei kan sjå tilbake på eit nesten 70 år langt ekteskap. No er dei begge busett på Ørstaheimen.

Sonen deira, Bjørn Helge Kipperberg Ose rosar pårørandegruppa som dreg i gong desse arrangementa.

– Og elles er vi veldig nøgde med heimen. Her er reint og ryddig, maten er god og det er kjekke og blide folk som jobbar her, meiner han.