Han slukte ned nokre bitar med ferdig-pizza då han og Kristine Nygård kom heim til Volda med seglbåten S/Y Emma laurdag føremiddag.

Mange hadde møtte fram i Volda-hamna for å ta i mot dei to langturseglarane. Laurdag kom dei til Volda etter to døgns seglas frå Lerwick på Shetland.

Eller det er ikkje heilt rett å kalle det seglas, for det var heilt vindstille mest heile turen, slik at båten gjekk for motor. Men det kjende dei like greitt, for no handla det om å kome heim, ikkje nødvendigvis å ha mest mogleg perfekt vind.

Det var i slutten av juli i 2014 at dei to reiste frå småbåthamna i Ørsta. Då gjekk turen til Bergen, vidare til Shetland og Skottland, England, Frankrike, Spania, Portugal, Kanariøyane og Kapp Verde. Frå Kapp Verde vart Atlanterhavet kryssa, og målet var dei karibiske øyane. Der var dei to vel eitt år, før turen gjekk nordover til Puerto Rico og Cuba, og til slutt til USA. I slutten av mai gjekk turen tilbake over Atlanterhavet frå New York til Asorene, og så til Irland og Shetland.

På veg inn Voldsfjorden laurdag hengde Kjell Arne og Kristine opp ei lekkje med alle gjesteflagga dei hadde om bord.

– Vi har tjuefire gjesteflagg. Nokre av dei stadene vi har vitja er koloniar eller protektorat. I tillegg har vi dei franske øyane i Karibia, som ikkje har eigne flagg, fortel Steinsvik.

Heimkomsten var varsla, og mange hadde fått det med seg. På veg inn mot Volda kom Lauvstad-ferja seglbåten i møte, og helste dei heim med å bruke fløyta. På land venta familie og venner, og det vanka gåver og altså pizza.

For det er rart med det, noko som har vore sakna er typisk norsk mat, og det må vel Grandiosa seiast å vere. Denne veka går turen vidare til Bergen, der dei to skal bu. Kristine har fått seg arbeid i barnevernet, medan Kjell Arne har starta arbeidet med jobbsøking.

– Vi skal på tur igjen, men må leggje oss opp pengar, seier Kjell Arne.