Forholda for opningshelga til Naturfestivalen kunne knapt vore betre. Godvêret samla hundrevis av folk på campen i Romedalen, både overnattande og folk som kom på dagsturar.

Mange tok også turen til Vikegata i Ørsta denne solfylte dagen, der turistkontoret stod for sal av vaflar og lapskaus, i tillegg til matmarknaden som selde europeiske delikatesser.

Mange overnattande

Årets naturcamp ved Steinestøylen i Romedalen vart ein stor suksess. Arrangør av campen, Eskil Rønningsbakken hadde i fjor eit håp om at campen skulle verte dobbel så stor i år, i tillegg til å vere gratis. Han klarte begge deler. I alt var der 236 besøkjande på campen, der 46 overnatta frå fredag til laurdag, og 102 overnatta frå laurdag til søndag. Resten kom på dagsturar.

Ei rekkje aktivitetar og turar var sett opp desse dagane. Borna fekk ta del i fisking, padling med kajakk, hesteriding, akrobatikk-kurs og andre leikar på området.

Laurdag var det arrangert guida tur til Bladet i Molladalen for dei som ønskte. Eit høgdepunkt for mange var turen til Hallehornet søndag, då Eskil Rønningsbakken viste sine balansekunstar på kanten av hornet for alle dei 80 som vart med på turen.

Det var ikkje tvil i at deltakarane på campen var nøgde med helga.

– Dette var vår første skikkelege telttur og det vart ein stor suksess. Vi var litt bekymra for korleis det ville gå utan dekning, men ungane har ikkje sakna det ei einaste gong. Opphaldet gav meirsmak og vi vil gjerne kome tilbake, fortel Monica Blomberg, som overnatta på campen i to dagar med tre born og svigerfamilien sin.

Ho og familien var ikkje dei einaste som var nybyrjarar på teltlivet, og som fekk meirsmak:

– Dette var ei fin tid å debuttere med villmarksliv. Vi har ikkje hatt mange teltturane tidlegare, men vi har storkosa oss. Kanskje vert dette ein årleg tradisjon?, seier Hilde Langlo saman med mannen Olav F. Moe, sonen Oskar L. Moe (6) og dottera Amanda Langlo Moe (12).

Opphaldet gav meirsmak og vi vil gjerne kome tilbake

Monica Blomberg