Ingunn Nordnes frå Voldsund på Leinøya i Herøy er noko utanom det vanlege. Ho er laksedronninga i Bondalselva.

Å fiske etter laks i elva er vanlegvis noko mannfolk styrer på med. Når Ingunn er i elva, er ho mest den einaste dama. Akkurat dei siste dagane har ho hatt kompaniskap av ei anna dame, men vanlegvis er ho åleine.

Og får ho fisk?

Sjølvsagt. Så langt i år har det vorte åtte laksar og tre pjakkar (laks under tre kilo). Den største fisken har vore på 5,7 kilo, og seinast tysdag landa ho ein på 5,5.

– Det er spenninga som driv meg. Det er heilt sant det folk seier – når du har fått den fyrste laksen, då er det gjort. Det å få på ein laks, og kjenne kreftene som er i han, det gjev ei enorm spenning. Det handlar om du greier å lande han eller ikkje. Og viss du greier å få han på land, då kjem skjelven. Det er utruleg artig, seier Ingunn.

Sidan 2003 har ho og mannen Bård campert på Hjørundfjord camping. Etter to år på campingen var det Bård som fyrst prøvde seg i elva. Han fekk laks, og då var det gjort for han. Ingunn hadde ikkje særleg interesse av å prøve fiskelukka i elva.

– Men for fem år sidan, på bryllaupsdagen vår, gløymde Bård å kjøpe blomar til meg, slik han alltid har gjort. Då var gode råd dyre for han, og han kom med ei heilt anna gåve. Han hadde kjøpt eit fiskekort i elva til meg, fortel Ingunn med eit smil.

Då var det gjort. Ingunn fekk ein pjakk, og etter kvart tok interessa seg meir og meir opp.

I fjor vart det for alvor mykje fiske i elva. Då fekk ho ni fiskar, åtte pjakkar og ein laks. I år har det teke heilt laust, med åtte laksar og tre pjakkar så langt. Det er enno fleire veker att av sesongen, som varer heilt til 15. August.

– Men eg fiskar ikkje så mykje heller. Eg opplever at mannfolka er mykje meir i elva enn meg. Eg er heldig som får såpass med fisk, seier Ingunn.

Og fiskar du meir enn mannen din?

– Nei!

Det er Bård sjølv som svarar. Han fortel at det så langt i år har vorte atten fiskar på han. Dei fleste laksar.

Ingunn held på å vere i flugesona. Medan mannen Bård kan variere mellom å fiske med makk eller fluge, insisterer Ingunn på fluge.

– Likevel, eg er ingen ekspert. I alle fall let ikkje om å vere ein. Der andre svingar med stonga, får ein enorm svai, og får kasta fluga langt ut i, der nyttar eg armen.

Korleis?

– Eg har stonga i eine handa, og fluga i den andre. og då berre hiv eg fluga ut i elva med armen, seier Ingunn med eit stort glis.

Ho vedgår at det kan gå vilt føre seg når ho får landa ein fisk.

– Eg er vel den einaste som gjev kleppar og kvens som helst som er rundt meg ein klem!

Det meste av laksen et dei sjølv, anten til middag, eller får han røykt på Hjørundfjord camping, der Gunnhild og Torbjørn Slettedal har eige røykeri for gjestene. Nokre fiskar kan dei gje vekk.

– Villaksen har ein heilt annan konsistens enn oppdrettslaksen, forklarar Ingunn og Bård. – Han er mykje fastare i fisken, og langt frå så feit, insisterer dei.

Dei er glade for å kunne vere såpass mange dagar på Sæbø. Ingunn er uføretrygda medan Bård er på sjøen. Frå mai og til godt ut på hausten er dei på campingen.

– Vi trivst så godt her. Det er eit eige godt miljø. Gunnhild og Torbjørn er eit flott vertskap, og vi har mange venner blant dei som er på campingen. Og Marius, sonen vår, er også ivrig med å fiske i elva, seier Ingunn.