– For meg handlar det mykje om nostalgi. Eg vaks opp med spelet og spelte mykje Pokémon på barneskulen, fortel Kristoffer Birkeland (24), som er ein av mange som har vorte biten av Pokémon Go-basillen, det nylanserte mobilspelet som har teke verda, inkludert Ørsta, med storm.

Møre-Nytt vart med seks ørstingar på Pokémon-jakt i sentrum. Det viste seg raskt at vi ikkje var åleine på ferda. Born, unge, eldre og ferierande i Ørsta var på lik linje med oss på monsterjakt.

– Nesten alle eg kjenner spelar Pokémon. Det kjekkaste med spelet er å gå rundt og møte andre som speler det. Og å finne dei beste og mest sjeldne pokémonane som eg kan vise til andre, seier Daniel Dvergsdal (13).

Verdsomfattande fenomen

Mobilspelet Pokémon-Go vart lansert for vel to veker sidan, og har allereie trollbunde millionar. For å setje det heile i perspektiv kan det nemnast at spelet i USA åleine allereie har 20 millionar daglege brukarar, ifølgje analyseselskapet SurveyMonkey. Berre få dagar etter lansering 6. juli vart Pokémon GO historias største mobilspel.

Om du har lagt merke til at folk vandrar gatelangs med hovudet planta i mobilskjermen, ofte på merkverdige stadar og tidspunkt, er det stor sjanse for at også dei er på jakt etter virtuelle pokémonar.

Mange lurer kanskje framleis på korleis spelet fungerer og kvifor det har vorte ein braksuksess.

Kort forklart vart Pokémon først lansert i 1996 av det japanske firmaet Nintendo, då til konsollen Game Boy. Mange som vaks opp på 90-talet og 2000-talet har difor eit nært forhold til spelet.

I høve 20-årsjubileet til Pokémon vart mobilspelet Pokémon Go lansert. Det som skil spelet frå dei fleste andre spel, er at du må ta beina fatt for å ha nytte av spelet. Ved hjelp av kartfunksjon, kamera og mobildata på telefonen kan du finne pokémonar (animerte monsterfigurar) på kartet på mobilen når du beveger deg. Desse fangar du ved å kaste pokémon-ballar på dei. Pokémonar finst over alt. Høgt og lågt, inne og ute, og på alle døgnets tider. Poenget er å fange flest mogleg pokémonar, og å finne dei beste og mest sjeldne monstera. Etter kvart kan du også utvikle desse til å bli sterkare og større.

På jakt i sentrum

– Der borte er eit poké-stop! Der kan du samle inn pokémon-ballar som du treng for å fange pokémonar. Og no får eg beskjed om at der er ein pokémon også!, fortel Martin Hjelle Bondhus (11) og peikar i retning fyrtårnet i hamneparken.

Eit par minutt har gått og vips står fleire titals folk samla ved fyrtårnet for å få tak i pokémonen.

– Eg fekk han, smiler Daniel Dvergsdal (13).

At det er eit sosialt spel er dei alle samde i. Ikkje minst at spelet trekk folk ut i frisk luft, framfor å sitje inne og spele.

– Vi er som regel i lag ein stor gjeng når vi spelar. Så møter vi mange andre gjengar på turen også, seier Simon Bjørdal (23).

Batteri går det dessverre mykje av, så Martin Hjelle Bondhus (11) og mange med han såg seg nøydd til å investere i berbar naudladar.

Det er heller ikkje til å leggje skjul på at folk bruker mykje tid – og mange kilometer, på spelet. Kanskje meir enn kva dei har lyst til å røpe:

– Det var vel ein kveld vi spelte i seks timar, innrømmer Kristoffer Birkeland med kompisane André Dvergsdal og Simon Bjørdal lattermildt.

– Ein vert fort avhengig, men det er veldig gøy. Eg bruker kanskje 4–5 timar på spelet per dag. Appen viser faktisk at eg gjekk 26.000 steg ein av dagane eg spelte, fortel Jostein Vartdal (16), som Møre-Nytt møtte i hamneparken på sykkel.

– Kor lenge trur dykk spelet vil vere populært?

– Eg trur det vil vere populært ei stund, spesielt for dei yngste. Det er allereie rykte om nye utviklingar i spelet, fortel André Dvergsdal.

– Men eg håper ikkje det skjer før eg har samla inn alle pokémonane, kommenterer Martin Hjelle Bondhus.