Og det er attkjennande vestkyst-fusion som fyller det velrenommerte Ocean Sound Recordings i havgapet på Giske. Denne veka spelar Westpoint inn plate der, og stemninga i studio er meir enn god mellom musikarane Jarle Måløy (trommer), Erland Hansen (gitar), Martin Foldal (bass) og Øyvind Lied (keyboard og vokal). Dette er Westpoint si originale samansetjing.

Plateselskapet Preservation Records er pådrivaren for innspelinga som har gått føre seg med den anerkjende ørstingen Henning Svoren som produsent og teknikar.

– Plata skal innehalde stort sett låtar som skulle på den andre LP-en som aldri var fullført. I tillegg er der nokre nye låtar for publikum, fortel Westpoint sin låtskrivar Øyvind Lied.

Han synest det er moro at bandet no igjen er i studio.

– Ja, dette er kjempegøy, og ei anerkjenning av det vi dreiv på med for tretti år sidan.

Også Erland Hansen storkosar seg i studio på Giske.

– Her på Giske er det verkeleg kjekt å vere, ivrar Hansen som siste åra har hatt musikalsk samarbeid med m.a. Per Øystein Sørensen frå bandet Fra Lippo Lippi. Hansen er også aktuell som musikar og miksar av ein konsert eit av banda hans har hatt med Kringkastingsorkesteret. Den vert vist på fjernsyn til hausten.

Forløpar

Jazzrock-gruppa Anthill er forløparen til Westpoint. På 80-talet fekk platemogulen Kristian Lindemann i plateselskapet CBS kjennskap til voldingane sin musikk, og mannen vart tend. Han oppmoda musikarane om å kome tilbake med tekstar og vokal, så ville ei kontrakt vere mogleg med det internasjonale plateselskapet. Med tekstar i boks, og det nye namnet Westpoint, og 80-tals kjendisen Georg Keller som produsent, vart det innspeling for CBS i Viking Studio i Øksendal og Scanax i Oslo. Og Westpoint turnerte land og strand for å promotere plata.

Westpoint var ein periode store innanfor vestkyst-rock-miljøet i landet. Gruppa var med på Europatoppen med låten «Face to the sea». I dag er Westpoint framleis populære i miljøet, også internasjonalt. I Japan vart ein nettbutikk nyleg utselt for plata «Face to the sea» som kom ut på CD tidlegare i år. Og i Frankrike spelar ein west coast-radio stadig Westpoint sin fusion.

Året etter at plata «Face to the sea» kom ut, i 1984, budde Westpoint seg på ein oppfølgjar. Men så kollapsa platemarknaden, og plateinnspelinga vart kansellert. Sidan har Westpoint hatt nokre spelejobbar no og då, men gruppa har i stor grad vore lagt på is. Det er fem år sidan Westpoint hadde spelejobb, og det er tretten år sidan Jarle Måløy var med i bandet. Men no kan det vere noko på gang att.

Nyeplata, som skal innehalde ni-ti låtar, kjem truleg neste år. Og no er musikarane gira på å spele for folket.

– Vil folk ha oss, spelar vi, forsikrar Øyvind Lied.Allereie i morgon, laurdag, spelar Westpoint på Båtfestivalen i Ålesund. Ei storhending for folk som likar vestkyst-sjangeren.

<strong>Westpoint:</strong> Originalbandet er tilbake i studio på Giske og spelar inn plate.